Master

10 tips for å hjelpe dei sterke elevane

Når ein lærar er tvungen til å velje mellom å hjelpe den sterke eller den svake eleven, fell ofte valet på sistnemnte. Ein ny studie gjev lærarar tips om korleis dei betre kan hjelpe sterke elevar.

Førre veke kom det fram i ei undersøking at 6 av 10 lærarar har mindre tid til elevane sine no enn for 3 år sidan. Kva skjer når du som lærar ikkje har tid å hjelpe alle elevane, og er nøydd å ta eit val?

– Mange lærarar vel då den svake eleven fordi dei tenkjer at dei sterke klarar seg sjølv, men det er ikkje alltid slik, seier mastergradsstudent Ingrid Hilmer ved Universitetet i Stavanger.

Ho har sakna fokus på dei høgpresterande elevane i lærarutdanninga, både i førelesingar, på pensum og i praksisperiodane. No har ho skreve ei masteroppgåve i norskdidaktikk om emnet.

Lite forsking på dei evnerike

Det finst lite forsking på evnerike elevar dei siste 15 åra, både nasjonalt og internasjonalt. I studien sin har Hilmer intervjua fleire elevar som vert rekna for å prestere på høgt nivå i skriving i norskfaget, samt lærarane deira.

Intervjua bekrefta tidlegare forsking om evnerike elevar: Dei sterke skrivarane har ofte stor indre motivasjon, samt eit ynskje om å skrive ein god tekst. Dette ynsket er ein viktigare motivasjon for elevgruppa enn ynsket om å få ein god karakter.

– Dei elevane som presterer på høgt nivå vert meir motiverte av å få utfordringar enn av å få gode karakterar, men dei vert diverre utfordra altfor sjeldan. Eit godt tiltak kan vere å gje differensierte skriveoppgåver. I intervjua eg gjorde blei dette foreslått av både elevane og lærarane, seier Hilmer.

– Undervisinga går for sakte

Undersøkinga synte også at dei høgtpresterande skrivarane i stor grad har automatisert aktuelle førskrivingsstrategiar når dei skriv skjønnlitterære tekstar. Det er strategiar du tek i bruk før du byrjer å skrive, som til dømes å planleggje teksten ved hjelp av eit tankekart. I tillegg kjenner dei att trekka ved modelltekstar raskare enn resten av klassen.

Desse elevane opplever at undervisinga går for sakte fram, og at dei får for få utfordringar. Dei har eit brennande ynskje om å eksperimentere med stil, språk og sjangrar, er ivrige etter å få ros og kritikk på tekstane sine for å kunne verte betre skrivarar. Dei ynskte også strengare krav frå læraren i skriveprosessen.

– Nokre gonger går fellesundervisninga for seint fram for dei høgpresterande elevane. Når dei vert ferdige før resten av klassen, kan dei gjerne få vanskelegare oppgåver å fordjupe seg i, seier Hilmer.

– Eit viktig bidrag

Sidsel M. Skjelten, førsteamanuensis i norsk/norskdidaktikk ved Universitetet i Stavanger, har vore Hilmer sin rettleiar. Ho fortel at denne undersøkinga er eit viktig bidrag til eit felt det er forska lite på.

– Gjennomgang av relevant forsking og teori, samt elevar og lærarar sine stemmer, i tillegg til eigne erfaringar, gir Ingrid eit godt utgangspunkt for å kunne delta i debatten innanfor dette komplekse feltet, seier Skjelten.

Tilpassa undervising i skriving gjeld alle elevar, også dei sterke, både når det gjeld tilrettelegging av skriving og gjennomføring av skriveprosessar. Skjelten trur det skortar meir på tid og ressursar enn på vilje hjå lærarane når det gjeld å ta vare på dei sterke skrivarane.

– Dei gode råda Ingrid kjem med til lærarane kan vere eit viktig bidrag til skulen og til lærarane i klasserommet –både som ei bevisstgjering om korleis sterke skrivarar opplever skrivesituasjonar, men også matnyttige tips som kan nyttast i undervisingssituasjonar, seier ho.

Moglege å gjennomføre

Hilmer trur at det må ei politisk endring til for å verkeleg hjelpe dei sterke elevane i norskfaget. Ho meiner og at det trengst meir forsking på denne elevgruppa. I hennar oppgåve har ho likevel skissert opp konkrete råd til lærarar for å utfordre dei skrivarane som presterer høgt. Råda byggjer på teori, tidlegare forsking på området, hennar eigne erfaringar og funn frå det empiriske materialet i oppgåva.

– Læraryrket er travelt, og det er vanskeleg å finne tid til å leggje til rette for dei sterkaste. Desse forslaga burde vere moglege å gjennomføre, sjølv i ein hektisk kvardag, seier ho.

I avsnittet under kjem hennar ti råd til norsklærarar som har elevar som presterer høgt i skriving.

Ti råd til lærarar:

1) Eksplisitt og prosessorientert skriveundervisning:

– Dei skrivarane som presterer høgt bør få skriveoppgåvene før ein felles gjennomgang av modelltekstane. Då kan dei byrje å planlegge teksten sin dersom dei synest undervisinga går sakte, seier Hilmer.

2) Mange ulike skriveoppgåver som elevane kan velje mellom:

– Minst ei av oppgåvene må vere mynta på denne elevgruppa, og kan godt gje nokre føringar for tekststruktur, men samstundes opne for at elevane har moglegheit til å velje tema, sjanger og målgruppe sjølv, seier ho og syner til følgjande døme:

«Skriv ein kreativ tekst som inneheld både indre monolog og replikkar. Nytt den indre monologen og replikkane til å syne korleis menneskje ofte kan seie ein ting, men meine noko heilt anna. Trekk gjerne inn nokre av dei filosofiske spørsmåla vi har jobba med i samfunnsfag og KRLE denne veka.»

3) Strengare vurderingskriterium:

– Ver open med dei sterkaste elevane om at det vert stilt strengare krav til dei fordi dei allereie meistrar kriteria resten av klassen forheld seg til. Dei må kunne vente seg ein respons som svarar til det nivået det krevst av dei.

4) Eksperimentering med språk, stil og sjanger:

– Desse elevane bør få skriveoppgåver som let dei utforske og eksperimentere og verte oppmuntra til å lage ein privat eller offentleg litterær blogg, diktkonto på Instagram eller verte bidragsytar i eit nettmagasin. Du kan gjerne låne skriveoppgåver frå andre, til dømes har Tordis Irene Fosses "Skrivelysten?" mange skriveoppgåver som oppmuntrar til kreativitet.

5) Les variert litteratur:

– Samarbeid med skulebibliotekaren om å oppfordre dei sterke elevane til å lese tekstar som kan utfordre og inspirere dei. Gi dei i oppgåve å skrive bokmeldingar og anbefale bøker til kvarandre.

6) Akselerering:

– Informer dei elevane som presterer på høgt nivå og foreldra om kor dei kan finne halvårsplanar for skulen slik at elevane har moglegheit til å undersøke tema dei skal ha neste veke om dei kjedar seg. Dersom læreboka er god, kan elevane verte oppmuntra til å bla i den og gjere seg kjent med den utover det den vert nytta til i fellesundervisninga.

7) Fordjuping:

– Finn materiale desse elevane kan fordjupe seg i når undervisninga vert for enkel, eller gi dei i oppgåve å finne materialet sjølv. Når klassen lærer om brev og dagboktekstar, kan dei til dømes lese brev av kjente forfattarar og prøve å etterlikne stil og språkbruk. Eller kan dei "omsetje" brevet til moderne språkdrakt og medium, som ei Messenger- eller Whatsapp-melding.

8) Samarbeidsgruppe:

– Dersom det er fleire skrivarar som presterer høgt i same klasse eller på same trinn, kan dei setjast saman i ei responsgruppe. Elevane i gruppa kan øve seg på å gje kvarandre undervegsrespons. Det kan vere verdifullt å diskutere korleis god respons bør vere, med utgangspunkt i læraren sin undervegsrespons.

9) Nivådeling:

– Dersom det let seg gjere, kan fleire lærarar på trinnet samarbeide om skriveundervisninga. Med tre eller fleire lærarar kan trinnet delast inn i tre nivå. Nivåa bør vere midlertidige slik at elevane kan velje ulike nivå når det vert undervist i til dømes argumenterande tekstar og lyrikk. Nytt denne omorganiseringa ein eller fleire gonger.

10) Vitjing av ein forfattar:

– Inviter forfattarar inn i klasserommet. Høyr med ein lokal forfattar om vedkomande kan tenkje seg å ha skrivekurs for klassen.


Tekst: Maria Gilje Torheim

Denne artikkelen er også publisert på forskning.no.

Foreslåtte artikler