Norsk skule skal gi alle like moglegheiter. No viser forsking frå HINN at forskjellane i skuleprestasjonar mellom elevar med ulik sosial bakgrunn aukar gjennom heile grunnskulen.

Med utgangspunkt i tre omfattande kartleggingsundersøkingar med til saman 60.000 elevar har forskarar ved Høgskolen i Innlandet studert kva betydning utdanningsnivået til foreldra har for læringa til elevane over tid i skulen.

– Når elevar med foreldre med låg utdanning byrjar på skulen, ligg dei to år bak medelevane sine som har foreldre med høg utdanning i skulefagleg utvikling. Når dei går ut av grunnskulen, har forskjellen auka til tre år, fortel pedagogikkprofessor Thomas Nordahl.

Saman med kollega Sigrid Øyen Nordahl har han nettopp fått publisert ein artikkel i tidsskriftet Paideia der desse funna blir presenterte.

Det er få studiar som har følgt elevane gjennom heile skulegangen for å sjå om desse forskjellane aukar eller minskar over tid.

Skule for alle?

Thomas Nordahl har eit stort hjarte for dei som ikkje fiksar skulen, og hans siste undersøking gjer at han no roper varsko. (Foto: HINN/Sverre Galgum)

Ein skule der alle elevar har dei same moglegheitene er eit grunnleggjande prinsipp i Noreg.

– Det er derfor me har 10-årig grunnskule, at alle blir underviste etter dei same lærarplanane, går i dei same skulane og møter dei same lærarane, seier Thomas Nordahl.

I tillegg er det sett i verk ei rekkje universelle tiltak for å redusera sosial forskjell mellom elevar som leksehjelp, skulefritidsordning, utvida skuledag, tidleg innsats, rett til ekstra støtte og auka lærartettleik.

Nordahl meiner nokon fort kan tru at dei elevane som har foreldre med lågt utdanningsnivå presterer dårlegare på skulefaglege testar fordi dei har utfordringar med læring, og at progresjonen for læring er dårlegare for dei med dårleg utgangspunkt.

Den forklaringa held ikkje, seier Nordahl.

– Studiar viser det stikk motsette. Dei som har utfordringar med læring har ikkje dårlegare progresjon når dei er utsette for gode pedagogiske tiltak, enn dei som har gode føresetnader for læring.

Nordahl hamnar på grunn av dette på ei anna forklaring til auken i forskjellar. Han meiner forskinga hans viser at me har eit skuleverk som reproduserer og aukar sosiale forskjellar.

– Skulen er i seg sjølv betre tilrettelagd for elevar med foreldre med høg utdanning. Dei har med seg kunnskap, ferdigheiter og verdiar som skulen verdset. Dei vil meistra skulen betre, få meir positiv merksemd og vera flinkare til å be om hjelp.

Eit døme Nordahl peikar på er teoretiseringa som skulen har gått igjennom. Han meiner han passar betre elevane med foreldre med høg utdanning.

– I tillegg meiner eg at privilegerte foreldre utnyttar universelle gode i skulen betre enn dei som har eit anna utgangspunkt. Til dømes vil foreldre med gode erfaringar frå skuletida si utnytta skule-heim-samtalar betre enn dei som har gjort det dårleg på skulen, fortel han.

Tal til å stola på

Nordahl har målt dei skulefaglege prestasjonane til elevane i norsk, matematikk og engelsk på 1., 5., 8. og 10. trinn.

For å styrkja den statistiske analysen og validiteten i dette arbeidet har Nordahl i tillegg til å ha rekna på ulike elevar på dei ulike trinna, gjort det same med ulike kohortar av elevar.

Dei som vart vurderte på 1. trinn er dei same som blir vurdert når dei kjem til 5. trinn. Dei som vart vurderte på 5. trinn første gong, blir opp igjen plukka på 8. trinn, og så vidare. Då følgjer du dei same elevane i fire skuleår.

Den skulefaglege prestasjonen til elevane er vurdert av kontaktlærarane deira på ein skala frå 1 til 6.

Foreldra til barna har svart på spørsmål om utdanningsnivå. Det lågaste nivået er avslutta utdanning etter grunnskulen. Det høgaste utdanningsnivået er meir enn tre års høgare utdanning.

Når ein samanliknar tala frå dei to ulike måtane å måla på, blir konklusjonen den same.

– Eg finn den same veldige tydelege kurva begge stader. Jo høgare utdanningsnivå foreldra dine har, desto betre presterer du på skulen. Tala er pålitelege, seier Nordahl.

Og det nye med denne forskinga er altså at forskjellen mellom barn med føresette med det lågaste utdanningsnivået, og dei med det høgaste nivået, aukar mykje gjennom dei ti første åra på skulen.

– Kvifor er det så alvorleg at dei sosiale forskjellane aukar?

– Det er viktig for Noreg som sosialdemokrati å ha små sosiale forskjellar, men dette har jo konsekvensar også for kvar enkelt elev. Utdanning bestemmer i dag i stor grad livet ditt. Viss du skal lykkast, er utdanning nøkkelen på ein heilt annan måte enn berre for ein generasjon sidan, meiner Nordahl.

Politikarane må på banen

Pedagogikkprofessoren på Høgskolen i Innlandet har eit stort hjarte for dei elevane som ikkje fiksar skulen godt nok.

Når han no ser at den sosiale forskjellen mellom elevar aukar gjennom heile grunnskulen, meiner han det må ropast ein varsko.

– Desse tala viser at skulen ikkje kan sjåast som likeverdig og rettferdig. Dei universelle tiltaka for å redusera sosial forskjell verkar ikkje i samsvar med intensjonen, seier Nordahl.

– Kvifor hjelper ikkje dei tiltaka norsk skule har innført for å jamna ut sosial forskjell?

– Det er fordi desse hjelpemidla ikkje er sterke nok. Me trur at dei verkar, men har ikkje noko dokumentasjon på at dei verkar.

Nordahl har ei klar oppfatning om kva som skal til.

– Det me veit er at du må starta tidleg. Barnehagen og første del av grunnskulen blir heilt essensielt. Universelle gode er ikkje svaret. Du må setja inn systematisk ekstra hjelp til dei som har utfordringar, fortel han.

Nordahl seier forsking viser at denne hjelpa må setjast inn utan at det skal ha preg av spesialundervisning, eller at elevar blir tekne ut av klasseromma.

– Dette må vera målretta tiltak i fellesskapet.

Thomas Nordahl er også oppteken av at det ikkje berre blir tiltak sette inn mot det kognitive hos elevane, som språkutvikling, lesing og rekning, men at det også blir satsa på å utvikla sosiale, emosjonelle og personlege ferdigheiter.

– I stor grad er det politikarane som må ta tak i dette for her er det snakk om å omfordela, endra på innhaldet og auka kvaliteten i skulen og barnehagen. Dette vil kosta pengar, avsluttar professoren i pedagogikk på Høgskolen i Innlandet.