Internasjonal forsking slår fast at læringsfremjande vurdering er viktig. Men trass i ulike nasjonale satsingar viser det seg at elevane får stadig færre slike vurderingar jo høgare opp i klassane dei kjem. Bruk av videotilbakemeldingar kan vera eit godt tiltak.

«Eg vil så gjerne bidra til at elevane skal læra mest mogleg, men det er utfordrande å gje gode tilbakemeldingar», seier Anna, ein av lærarane eg har intervjua ved vidaregåande skular om korleis dei opplever å gje vurderingar elevane kan trekkja lærdom av.

Mange opplever at det er krevjande å finna tid til å gje tilbakemeldingar som er gode nok til at elevane kan læra noko av dei. Det kan handla om store klassar, men òg om kva fag ein er lærar i.

Ein del nyutdanna pedagogar spør seg kor lenge dei vil halda ut i yrket med det høge arbeidspresset dei opplever, til dels på grunn av det tidkrevjande vurderingsarbeidet. Nokre tvilar òg på om det er verdt strevet, ettersom elevane let til å vera mest ute etter karakterar. «Av og til lurer eg på om det er bortkasta tid og arbeid. Elevane er ikkje så flinke til å bruka tilbakemeldingane», seier David.

Vurdering i skulen

Å vurdera elevane sitt arbeid er ein stor og viktig del av undervisninga og er heimla i læreplanverket LK20 og forskrift til opplæringslova kapittel 3. Vi skil mellom sluttvurdering, som er standpunktvurdering og eksamen, og undervegsvurdering, som er all vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa. Undervegsvurderinga skal vera ein integrert del av opplæringa, og skal fremja læring, tilpassa opplæring og auka kompetanse i faga (opplæringslova § 3-10).

Læringsfremjande vurderingspraksis har støtte i internasjonal forsking (; ) og har vore eit satsingsområde i Noreg sidan 2006. Trass fleire store nasjonale satsingar er det framleis behov for å utvikla læringsfremjande undervegsvurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring. Elevundersøkinga frå 2021 viser at læringsfremjande vurdering minskar til høgare klassesteg. Dårlegast står det til på studieførebuande program ().

I utsegnene frå Anna og kollegaene kjem det fram at lærarane har store ambisjonar for vurderingsarbeidet for kvar enkelt elev, men at dei opplever arbeidet som utfordrande. Dei er ikkje åleine om dette. I rapporten Vurdering i skolen (), som er ei større undersøking om læraren sin vurderingspraksis, kjem det mellom anna fram at elevane viser liten interesse for læringspotensialet som kan liggja i tilbakemeldingane dei får. Karakterar kan ta bort merksemda. Lærarane opplever stress og tidspress i vurderingsarbeidet og ser at også elevane opplever den noverande vurderingspraksisen som belastande. Lærarane ønskjer seg færre vurderingssituasjonar og at vurderingsarbeidet i større grad blir ein integrert del av undervisninga. Rapporten slår fast at det er behov for å styrkja kvaliteten i vurderingsarbeidet.

Videoar som kanal

Lærarar nyttar eit breitt spekter av metodar i vurderingsarbeidet for å tilpassa best mogleg og for at elevane skal oppleva meistring. Mest brukt er vurdering av elevane sitt arbeid i timane, gruppediskusjonar, samtaler med elevar enkeltvis eller i par og tilbakemeldingar på heimearbeid. Sjølv om vi har omfattande forsking på vurdering og tilbakemelding, har det vore mindre snakk om alternative vurderingsformer, til dømes videotilbakemeldingar. Vi veit lite om erfaringar med bruk av video for å fremja samhandling og dialog mellom lærar og elev i vurderingsarbeidet i skulen.

I ein fersk studie har vi sett nærare på korleis lærarar i vidaregåande skule brukar videotilbakemeldingar, og kva dei erfarer som fordelar og eventuelt utfordringar ved denne vurderingsforma (). Studien byggjer på intervjua med åtte lærarar frå to vidaregåande skular. Lærarane har arbeidd i vidaregåande skule i mellom ti og tretti år. Tre av lærarane har to til fire års erfaring med bruk av videotilbakemeldingar, medan fem lærarar kan visa til ein praksis på mellom fem og ti år. Dei underviser i språkfag, samfunnsfag, realfag og økonomifag, og har undervisningserfaring frå både vg1, vg2 og vg3 på både studiespesialiserande og yrkesfaglege program.

I denne studien brukar lærarane screencast-tilbakemelding, som kort fortalt betyr at læraren brukar eit program som tek skjermopptak av PC-skjermen med elevarbeidet, samstundes som hen kan bruka peikar og gje munnlege og skriftlege tilbakemeldingar. Ein kan bruka programvarer som ScreenCast-O-matic til å ta opptak som ein sender til eleven via ei nettbasert løysing.

Korleis lærarane brukar videotilbakemeldingar

Undervegsvurdering i faga

Videotilbakemeldingar blir brukt i undervegsvurderinga i faga og kan ifølgje lærarane brukast i alle fag og på alle studieretningar. Det som er viktig, er at faget har meir enn nokre få undervisningstimar per veke, slik at det er mogleg å arbeida prosessorientert. Elevane leverer inn oppgåver digitalt som dei får tilbakemelding på via video. Deretter arbeider dei vidare med oppgåvene sine, med utgangspunkt i tilbakemeldingane, før dei leverer inn arbeidet sitt på nytt og får nok ei tilbakemelding. I vurderinga tek lærarane utgangspunkt i oppsette vurderingskriterium som dei går gjennom saman med elevane i oppstarten.

Karakterar

Lærarane er tydlege på at det ideelle er å ikkje gje karakterar i ei undervegsvurdering. Likevel finn vi tre ulike praksisar hos lærarane. I den eine praksisen nyttar dei ikkje karakterar, med denne grunngjevinga: «[…] eg vil at dei skal fokusera på tilbakemeldingane i staden for kva karakterar dei får». Ein annan praksis er at læraren set ein karakter på elevarbeidet, men ikkje kunngjer denne i videotilbakemeldinga. I staden legg hen ut karakteren på den digitale plattforma Skulearena. Den siste og mest utbreidde varianten er at lærarane gjev karakterar i videotilbakemeldingane. Lærarane opplever at elevane er opptekne av å få karakterar og forventar det, og då blir det vanskeleg å endra praksis.

Eigenvurdering

Lærarane framhevar betydning av eigenvurdering for å styrkja kvaliteten på undervegsvurderinga: «At elevane får opplæring og trening i å vurdera eige arbeid slik at dei blir medvitne eigen læringsprosess». Lærarane lagar eigne skjema med spørsmål som elevane skal fylla ut, eller dei ber elevane nytta opne kommentarfelt på It’s learning. Elevane gjennomfører eigenvurderinga før dei får tilbake videotilbakemeldingar eller etter at dei har sett gjennom videotilbakemeldinga. Eigenvurderinga inngår i den vidare vurderingsdialogen mellom lærar og elev. Gjennom eleven si eigenvurdering får lærarane også ei tilbakemelding på eigen vurderingspraksis: «Kva som fungerer, og kva eg eventuelt bør gjera annleis.»

Tre arbeidsfasar

Videotilbakemeldinga bør ikkje vera for lang, og lærarane antydar at det mest vanlege er mellom fem og ti minuttar. Når lærarane skal laga videotilbakemeldingane, er «målet å gå rett på opptak av video, for å spara tid og arbeid». Men dette er det dei færraste som får til i praksis. Dei fleste legg først inn ei førebuingsfase der dei les gjennom elevarbeidet og noterer kva tilbakemeldingar dei ønskjer å gje. Somme fører fargekodar og kommentarar inn i elevarbeidet i denne førebuingsfasen. Andre gjer dette under sjølve opptaket, slik at eleven ser «at det skjer der og då». Under innspelinga brukar læraren ein peikar slik at eleven heile tida veit kva delar av elevarbeidet som bli kommentert. Læraren kan skriva inn, ta bort, eventuelt flytta på tekst og tal, samstundes som hen forklarer kva som blir gjort og kvifor. Dei fleste lærarane gjer det slik at elevane får videotilbakemeldinga i den same undervisningstimen der dei skal arbeida vidare med oppgåvene. Andre har gode erfaringar med at elevane ser gjennom videotilbakemeldinga som lekse. Då er dei førebudde når dei møter til undervisninga. Alle lærarane legg vekt på at dei skal vera tilgjengelege for elevane for spørsmål og vidare dialog omkring elevarbeidet.

Kvifor videotilbakemeldingar?

Videotilbakemeldingane blir brukte

Elevane brukar videotilbakemeldingane. Dei kan stogga opptaket, spola tilbake, sjå opptaket på nytt, og ikkje minst: Dei kan bruka videotilbakemeldinga inn mot nye elevarbeid og i eksamensførebuing. I motsetnad til dette viser lærarane til erfaringar med skriftlege tilbakemeldingar som gjerne blir «bossa» eller lagt bort. Dette er først og fremst viktig for at elevane skal ha nytte av tilbakemeldingane i eigen læringsprosess. I tillegg skapar dette motivasjon hos lærarane då dei ser at alt arbeidet dei legg ned, ikkje er bortkasta, men kjem til nytte: «Eg føler at eg no gjer jobben min som pedagog.»

Gjennom videotilbakemeldingane blir lærarane godt kjende med eleven sin faglege ståstad: «Ein tekst er som eit fingeravtrykk […] Eg blir kjend med deira nivå, korleis dei pleier å skriva… ». I tillegg bidreg videotilbakemeldinga til at eleven blir godt kjend med eigne faglege styrkar og utfordringar: «Med videotilbakemeldingar veit elevane så inderleg vel kva dei gjer bra, og kva dei må bli betre på. Vi er ofte einige om det er låg, middels eller høg måloppnåing.» Det er svært sjeldan at elevar juksar, og det er sjeldan at elevar klagar på karakterar. I tillegg fungerer videotilbakemeldingane som ein dokumentasjon på at elevane har fått undervegsvurdering i faget.

Fleksibilitet og handlingsrom

Video er eit format som gjev handlingsrom for å tilpassa opplæringa til eleven sine føresetnader og behov. Lærarane opplever at bruk av video gjer det mogleg å tilpassa etter fagleg nivå og gje varierte tilbakemeldingar med ulikt omfang.

Å visa og forklara

«Show and tell» er eit slagord som blir brukt. Det å kunna visa og forklara samstundes er avgjerande. Ein av lærarane som underviser i økonomifaga, gav følgjande tilbakemelding:

«Eg kan visa fram tala i reknearket i staden for å koma med ein skriftleg kommentar som elevane ikkje klarer å kopla til tala.» Gjennom å flytta på tekst og tal kan læraren demonstrera og synleggjera kva eleven gjer bra, kva utfordringar eleven har, og korleis eleven kan ta arbeidet vidare. Det er mogleg å gje fleire og meir rikhaldige tilbakemeldingar, der framovermeldingar får ein større plass. Læraren kan jobba meir systematisk inn mot eleven sin læringsprosess ved å hjelpa eleven med å sortera og tydeleggjera kva eleven bør arbeida vidare med. Dermed blir innhaldet i vurderinga endra «frå korrigering og retting i skriftlege vurderingar, til ei vurdering meir prega av rettleiing og framovermeldingar». Det munnlege språket gjev rom for å uttrykkja fleire nyansar i tilbakemeldingane, og lærarane fortel at dei automatisk tilpassar språket til det enkelte individet: «Eg ser for meg den enkelte eleven når eg snakkar. Dette er ein måte å operasjonalisera vurderingsspråket på».

Nokre lærarar fortel at vurderingsarbeidet no er mindre tidkrevjande, medan andre er usikre på om dei brukar mindre tid. Det som er felles, er at lærarane opplever at videotilbakemeldingar styrkjer kvaliteten på undervegsvurderinga.

Å differensiera

Videoformatet gjev lærarane eit handlingsrom for å tilpassa tilbakemeldinga til kvar enkelt elev: «Det handlar om å sjå eleven og differensiera ut frå kva det kan vera mest nyttig for eleven å arbeida vidare med.» Med dette utgangspunktet tilpassar og differensierer lærarane innhaldet i videotilbakemeldingane både når det gjeld nivå, type tilbakemeldingar og omfanget på tilbakemeldingane. Dette inneber at nokre elevar kan få meir detaljerte og spesifikke tilbakemeldingar: «Du kommenterer kanskje meir eller mindre alt. Kanskje også lengre videoar.» For andre elevar kan det vera viktig med kortare videoar der ein tek utgangspunkt i kva eleven har fått til, og så viser tydeleg kva eleven kan utvikla seg på.

Å byggja relasjonar

«Dette er det næraste ein kan koma ei samtale», seier ein og utdjupar at videotilbakemelding er «ei form for samtale om eit elevarbeid». Læraren framhevar relasjonen mellom seg og eleven: «Eg seier alltid namnet på eleven, snakkar med ei vennleg stemme og vender meg personleg til eleven.» I tillegg nemner lærarane viktigheita av å gripa elevane i det dei gjer noko bra, og gje dette merksemd i samtalen: «Her ser eg at du har gjort dette, og det synest eg er bra!» Videotilbakemeldingane er lett å henta fram att for læraren, noko som kan vera ei hjelp for å følgja eleven si utvikling over tid og kommentera denne.

Enkelte viser til at elevane opplever at læraren snakkar direkte til dei gjennom videotilbakemeldinga: «Tenk at du brukar så mykje tid på meg og mitt arbeid, var det ein elev som sa.» Relasjonsbygging gjennom bruk av videotilbakemelding gjer også at lærarane får meir dialog med klassen i undervisningstimane.

Nokre barrierar

Sjølv om lærarane først og fremst framhevar fordelane med bruk av videotilbakemeldingar, ser dei også nokre utfordringar.

Å kjenna seg sårbar

«Det kan opplevast utleverande», seier ei, og nemner mellom anna at det kan vera ubehageleg å lytta til eiga stemme i videotilbakemeldinga: «Det kan bli stakkete og oppdelt, ikkje den mest perfekte samtalen.» Dei kan også kjenna seg sårbare når dei veit at føresette lyttar til videotilbakemeldingane. Særleg utfordrande kan det vera dersom føresette har høg kompetanse i faget: «Då handlar det om å berre gjera det, senka skuldrene og by på seg sjølv.» Elevar kan også oppleva ubehag når dei høyrer gjennom ei videotilbakemelding: «Det blir som om eg vurderer eleven og ikkje teksten.» Lærarane understrekar at dei må vera forsiktige med, og medvitne

Praktisk tilrettelegging

Å bruka videotilbakemeldingar stiller ikkje store krav til læraren sin digitale kompetanse, ifølgje lærarane. Det handlar meir om interesse og om å våga å prøva noko nytt. Det dei saknar, er at arbeidsgjevaren deira i større grad legg til rette for arbeidet. At skulen kjøper lisens til nødvendig programvare, er viktig, slik at lærarane slepp å bruka mindre eigna gratisversjonar av programma. Det tek lang tid å lasta opp filer, og det er ikkje er mogleg å redigera opptaka: «Dermed må opptaka skje live, i éi taking.» Eit anna moment fleire nemner, er behovet for eit «stillerom» på skulen der dei kan trekkja seg tilbake og gjera opptaka uforstyrra. Når dei manglar eit slikt rom, må dei gjera arbeidet med videotilbakemeldingane heime på kveldstid. Arbeidsgjevar kan også styrkja bruk av videotilbakemeldingar som vurderingspraksis ved å ta initiativ til erfaringsdeling i kollegiet: «Vi er ganske gode på å gje kvarandre tilbakemeldingar på korleis vi brukar skriftlege tilbakemeldingar, men desse videotilbakemeldingane, dei gøymer vi liksom». Det er ikkje kultur for å visa fram korleis ein lagar eller brukar videotilbakemeldingar.

Støttar opp under formativ tenking

Videotilbakemelding blir brukt for å styrkja undervegsvurdering i faga, og lærarane som har brukt det, nemner mange fordelar: Elevane brukar tilbakemeldingane dei får, og lærarane tykkjer formatet gjer det lettare å tilpassa tilbakemeldingane til den enkelte elev. I tillegg erfarer lærarane at bruk av videotilbakemelding fremjar gode relasjonar mellom lærar og elev. Lærarane er eintydige i at dette styrkjer kvaliteten på vurderingsarbeidet.

Lærarane kan gje meir rikhaldige, detaljerte og spesifikke tilbakemeldingar. Dei kan utdjupa både kva eleven har gjort bra, og kva som kan bli betre, med utgangspunkt i oppsette mål og vurderingskriterium. Ikkje minst får lærarane høve til å leggja vekt på framovermeldingar, ved å føreslå korleis eleven kan arbeida vidare med lærestoffet. Dette konkretiserer lærarane på ein fin måte når dei seier at «vurderinga har endra seg frå retting og korrigering, til rettleiing». Ved at elevane gjer ei eigenvurdering og skal arbeida vidare med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå læraren, støttar ein opp under den formative tenkinga som ligg til grunn for undervegsvurdering. Vi kan kjenna att dei tre fasane «feed up», «feed back» og «feed forward» () som inneber å kommunisera tydelege mål og kriterium, faglege relevante tilbakemeldingar, og konkrete råd om forbetring og involvering i vurderingsarbeidet. Desse prinsippa er også nedfelte i forskrift til opplæringslova (kap.3 ).

Bruk av karakterar i undervegsvurdering er eit velkjent dilemma, og kjem også fram i denne studien. Utfordringa kan vera at karakterar tek bort merksemda frå tilbakemeldingane. Vi har berre snakka med lærarane, og veit derfor ikkje kva erfaringar elevane gjer seg med bruk av karakterar i samband med videotilbakemelding. Men vi finn ikkje noko i datamaterialet vårt som tyder på at bruk av karakterar gjer at elevane i mindre grad brukar videotilbakemeldingane. Dette er interessant og kan tyda på at det er mogleg å bruka karakterar i undervegsvurdering med eit formativt føremål.

Skapar læringsdialogar

Videotilbakemelding blir omtalt som ei form for dialog, sjølv om ikkje samtalen går føre seg direkte eller ansikt til ansikt. Videoen blir brukt som ein læringsressurs som elevane kan sjå på nytt ved behov. Det same kan læraren, noko som gjer at nye tilbakemeldingar kan koplast til tidlegare tilbakemeldingar. Ved å kombinera dette med bruk av eigenvurdering og at elevane skal levera inn elevarbeidet for ny vurdering, legg dette eit godt grunnlag for å skapa gode læringsdialogar.

Bruk av ny digital teknologi i seg sjølv er ikkje noko garanti (quick fix) for å auka kvaliteten i vurderingsarbeidet (). Lærarane vi har snakka med, er medvitne om didaktiske val og korleis dei designa vurderingsarbeidet. Studien argumenterer for betydninga av å ha eit didaktisk design som fremjar tilbakemeldingssløyfer og dialogiske prosessar (; ).

Det er tid for å tenkja nytt om vurderingsordningar i skulen, og då kan bruk av videotilbakemeldingar vera eit alternativ. Mykje tyder på at lærarane vi har snakka med, har funne ein vurderingspraksis som gjev dei det dei treng for å gjennomføra vurderingsarbeidet i tråd med intensjonane i styringsdokumenta. Sjølv om lærarane er usikre på om vurderingsarbeidet er mindre arbeidskrevjande, er dei tydelege på at kvaliteten på vurderingsarbeidet er styrkt, og at tida dei brukar på vurdering, kjem elevane til nytte. Då konkluderer lærarane slik: «Når du først har prøvd det (videotilbakemeldingar), vil du halda fram med det!»

Litteraturhenvisninger

Black, P. & Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box: Raising Standards through Classroom. OECD (2018). The future of education and skills. Education 2030: Assessment, King’s College London, Departement of Education & Professional Studies.

Hattie, J., & Timperley, H. (2007). The power of feedback. Review of Educational Research, 77(1), 81e112. http://dx.doi.org/10.3102/003465430298487.

Kongsgården, P. (2018). Vurderingspraksiser i teknologirike læringsmiljøer. En undersøkelse av læreres vurderingspraksiser i teknologirike læringsmiljøer og implikasjoner på elevenes medvirkning i egen læringsprosess. Avhandling for graden philosophiae doctor (Ph.d.) ved Universitet i Bergen.

Rambøll Management Consulting. (2020). Vurdering i skolen. Rapport.

Sekkingstad, D. & Sandal, A.K. (2023). «Å skapa nye føresetnader for vurdering» − lærarar sine erfaringar med bruk av videotilbakemeldingar i vidaregåande skule. Nyskaping – Fjordantologien 2023. Universitetsforlaget.

Smith, K., Gamlem, S.M., Sandal, A.K., & Engelsen, K.S. (2016). Educating for the future: A conceptual framework of responsive pedagogy. Cogent Education, 3(1), 1–12.

Wendelborg, C. & Utmo, I. (2022). Elevundersøkelsen 2021. Analyse av Utdanningsdirektoratets brukerundersøkelser. Rapport 2022 Mangfold og inkludering. NTNU Samfunnsforskning AS, avdeling for mangfold og inkludering.