Omtale

Alle elevane vart flinkare til å skrive

Uansett kor flinke dei var i forkant, gjekk alle elevane opp med nesten ein karakter etter undervisningsopplegget til May Olaug Horverak. Ho disputerer i desse dagar på ei doktoravhandling om skriveundervisning.

Atle Christiansen, kommunikasjonsrådgiver 

May Olaug Horverak har vore stipendiat ved Universitetet i Agder (UiA), og forska på skriveopplæringa i første klasse på vidaregåande skolar her i landet.

Målet hennar var for det første å finne ut korleis engelsklærarane underviser i skriving. For det andre ville ho lage eit undervisningsopplegg der ho tok i bruk nyare lingvistiske metodar for å sjå om elevane vart betre til å skrive.  

– Hovudkonklusjonane i doktoravhandlinga mi er at engelsklærarar i norsk vidaregåande skole utnyttar nyare teoriar om sjangerpedagogikk og språkfunksjonar, og at elevane har framgang når lingvistiske teoriar vert systematisk utnytta, seier Horverak.

Ny form for grammatikk

Vanleg grammatikk beskriv setningar, setningsstrukturar og språkeiningar som substantiv, verb og adjektiv og så vidare.Det teoretiske utgangspunktet for Horverak har derimot vore sjangerpedagogikk utvikla i Australia og såkalla systemisk funksjonell lingvistikk (SFL), utvikla av Michael Halliday.

Halliday er meir oppteken av å beskrive kva for oppgåve (funksjon) språket har i gitte samanhengar og korleis vi skaper meining med språket i bestemte samanhengar (kontekstar). Grunntanken er at situasjonen og sjangeren bestemmer språkbruken.

Bilde av May Olaug Horverak

– Eit viktig poeng i denne tradisjonen er at teksten skal tilpasse seg kontekst og teksttype, eit synspunkt som også er eit viktig moment i Lærarplanen, seier Horverak.

Ei sjangerpedagogisk tilnærming til skriving inneber med andre ord at elevane lærer å herme etter ein tekstsjanger. Elevane får grundig opplæring i dei tekstelementa – avsnitt for avsnitt – som byggjer opp ein bestemt sjanger, og tilpassar teksten sin etter desse elementa.

”The Five Paragraph Essay”

Horverak laga eit undervisningsopplegg for den formelle og argumenterande teksttypen som på engelsk vert kalla The Five Paragraph Essay. Vi har ikkje noko tilsvarande på norsk, men sjangeren liknar mest av alt på stiloppgåver med vekt på drøfting, slik vi kjenner dei frå norsktimane.  

The Five Paragraph Essay inneheld fem avsnitt fordelt slik: innleiing, tre hovudavsnitt og ein konklusjon. Kvar av dei tre hovudavsnitta startar med ei temasetning som varslar innhaldet i avsnittet, mens resten av avsnittet inneheld argument og døme som styrkjer påstanden eller utdjupar utsegna i temasetninga.

Horverak laga undervisningsopplegget for førsteklassingar i engelsk på vidaregåande skole, og undervisninga vart gjennomført i byrjinga av skoleåret. Elevane fekk ein skriveprøve i engelsk før undervisninga tok til, og ein ny prøve etter at undervisninga var gjennomført. Og alle forbetra karakteren sin, uansett kor flinke dei var frå før. 

– Praksisen på dei skolane eg har undersøkt, viser at denne undervisningsmetodikken set elevane i stand til å skrive gode tekstar. Det dreiar seg ikkje minst om å lære å strukturere teksten etter formål, situasjon og sjangerkrav, seier Horverak.

Modelltekst og herming

Forskaren meiner fordelen med denne skrivemåten er at elevane slepp å finne opp form og struktur på teksten aleine. Elevane etterliknar ein modelltekst utvikla av læraren. Her er det verdt å nemne at modelltekst ikkje betyr idealtekst, men rett og slett er ein modell som viser på kva måte ein skal strukturere teksten etter prinsippa for Five Paragraph Essay. Skrivemåten har fått kritikk for å vere formelprega og hindre kreativitet.

– Mi erfaring er at ei fast form frigjer kreativitet og gjer at fleire av elevane skriv godt. Eg trur du først må vite kva delar som byggjer opp ein tekst og kva for oppgåve teksten har før du kan skrive godt. Du må lære deg sjangeren for å skrive godt, seier Horverark.

Ho understrekar at elevane lærer meir enn å komponere ein tekst i fem avsnitt.

– Dei lærer i det heile tatt å skrive resonnerande, seier ho.

Elevane fekk mest framgang på struktur og innhald. Dei vart flinkare til å dele inn teksten i oversiktlege avsnitt. Framgangen i språk var mindre, men dei vart flinkare til å finne relevante sitat og skrive formelt etter krava frå den drøftande sjangeren. Kjeldebruken vart også meir presis og målretta.

– Du kan innvende at elevar vert flinkare uansett kva for undervisning dei får, men mitt doktorgradsarbeid viser at dei vart flinkare med denne metoden, etter å ha fått målretta skriveundervisning etter sjangerpedagogiske prinsipp og dei lingvistiske teoriane til Michael Halliday, seier Horverak.

– Kva er det viktigaste vi kan lære av doktoravhandlinga di?

– Avhandlinga gir ny og auka kunnskap om engelsk skriveundervisningspraksis i norsk vidaregåande skole, og viser at kunnskap om Halliday og lingvistisk teori og metode gjer elevane til betre skrivarar, seier Horverak.

Litteraturhenvisninger

Horverak, M.O. (2016). English Writing Instruction in Norwegian Upper Secondary Shcools, A linguistic and genre-pedagogical perspective. PhD. Universitetet i Agder.

Foreslåtte artikler