At skulen er liten, garanterer ikkje at han er god

Elevene i Sogn og Fjordane ligger på topp i nasjonale prøver. Noen hevder dette er fordi skolene i fylket er små. Resultatene fra prosjektet Lærande Regionar viser at dette ikke stemmer.

Elevane i Sogn og Fjordane ligg på topp i nasjonale prøver. Torodd Fagerheim påstår at dette kjem av at skulane i fylket er små, men han tek feil.

I mars i år vart resultata frå forskningsprosjektet Lærande regionar lagt fram på ein konferanse i Oslo. I juni kom boka med rapportar frå dei tolv delprosjekta. Den overordna problemstillinga var å utforska regionale skuleresultat med utgangspunkt i nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk, og sentralt i prosjektet stod paradokset Sogn og Fjordane: Kvifor gjer elevane i nettopp dette fylket det langt betre enn forventa ut frå dei samfunnsmessige forholda.

Torodd Fagerheim, rådgivar i Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS), gjorde i eit innlegg i Bergens Tidende 13. mars og på LUFs nettside narr av heile prosjektet. I følgje han hadde Staten sikkert ausa ut nokre hundretals millionar for at forskarane skulle finna på alskens finurlege svar, når svaret ligg oppe i dagen for alle å sjå: At Sogn og Fjordane har mange små skular og då får lærarane meir tid til å ta seg av kvar elev.

Dei små er både best og verst

At Fagerheim bomma stygt på pengebruken, er ikkje så viktig. (Prosjektet hadde ei løyving frå Forskingsrådet på ni millionar over tre år.) Langt verre er det at det er direkte feil å påstå at dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane skuldast dei mange småskulane i fylket. Sidan ein møter denne påstanden stadig vekk, og sidan det er noko som delvis grip inn den meir generelle diskusjonen om lærartettleik, er det på sin plass å gjera nærmare greie for dette.

Statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser nemleg tydeleg at det ikkje er nokon samanheng mellom små skular og gode skuleresultat i Sogn og Fjordane. Rett nok er dei beste skulane i fylket små, men dei svakaste er også små. Resultata frå nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk for 5. og 8. trinn viser gjennomgåande at mange småskular ligg anten høgt over eller lågt under gjennomsnittet medan dei større skulane ligg nær gjennomsnittet.

Og dette er ikkje noko anna enn eit statistisk fenomen: Når utvalet er lite – i dette tilfellet elevtalet – blir sjansane for avvik frå middelverdien store. Ein særleg flink og gåverik elev dreg opp snittet i ein liten klasse på ein heilt annan måte enn i ein stor klasse. Motsett vil gjennomsnittet for ein liten klasse vera langt meir sårbart enn ein stor klasse for resultata til ein svak elev.

Vidare er det slik for Sogn og Fjordane at sjølv om det er ein god del småskular der, går brorparten av elevane på større skular: Dei 23 største skulane i fylket har 50 prosent av det samla elevtalet medan dei 23 minste skulane har 2,8 prosent. I sin tur betyr dette at resultata frå småskulane i Sogn og Fjordane har marginal påverknad på det samla resultatet for heile fylket.

Ingen samanheng mellom storleik og dugleik

For ei tid tilbake satsa Bill Gates Foundation store summar på eit prosjekt i Pennsylvania der ein etablerte mange småskular i den trua at det ville gi betre skuleresultat. I artikkelen Evidence That Smaller Schools Do Not Improve Student Achievement frå 2006 viser statistikarane Howard Wainer og Harris L. Zwerling at når ein ser nærmare på data frå desse skulane, er det ingen statistisk korrelasjon mellom små skular og gode skuleresultat i det heile. Dei kom altså til akkurat same konklusjon som vi no ser i tala frå Sogn og Fjordane.

Menneskehjernen er slik skrudd saman at vi heile tida leitar etter forklaringar på det vi observerer rundt oss. Difor, når ein ser at dei beste skulane i Sogn og Fjordane er små, er det heilt naturleg å tenkja at det er nettopp fordi dei er små, at resultata er så gode, og det er fort gjort å gløyma å sjekka om gode skuleresultat kjenneteiknar alle småskular. Dette blir iblant kalla «dei små talas tyranni» – det at vi generaliserer ut frå våre eigne, ofte tilfeldige, erfaringar. Men ein svale gjer som kjent ingen sommar. Oppdraget vårt som forskarar er å visa det større biletet og la det danna grunnlaget for politikkutforming.

Torodd Fagerheim tok seg ikkje bryet med å undersøka nærmare om det var hald i påstanden han brukte til å latterleggjera prosjektet Lærande regionar. No har vi gjort jobben for han. Dessverre kan han ikkje bruka gode skuleresultat som argument for hjartesaka si: Kampen for å oppretthalda små distriktsskular. Den kampen må førast med andre argument og handlar då primært om distriktspolitikk: Den vesle nærskulen kan vera alfa og omega for at barnefamiliar vel å bu i ei lita bygd og dermed bidreg til å oppretthalda busetnaden.

Men den vesle nærskulen er altså ingen garantist for eit godt læringsutbyte for borna deira.

Torodd Fagerheim sitt Innlegg på LUFs nettside

(artikkelen er hentet fra forskning.no)

Forfatteravatar

Göran Söderlund

Göran Söderlund er professor i spesialpedagogikk, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har en PhD i kognitiv psykologi. Hans forskning fokuserer på oppmerksomhet og hukommelse hos personer med oppmerksomhetsproblemer og / eller ADHD. Et hovedfunn i hans forskning er at en høy lyd hjelper folk med ADHD-diagnose å holde fokus i krevende hukommelsesoppgaver. Han var prosjektleder for «Lærande Regionar» som søkte svar på hva som utgjør en god skole. Basert på forskningsprosjektet forsker han videre på mulige kognitive effekter av å mestre to skriftspråk, nynorsk og bokmål. Han har også ledet en forskningsgruppe som ser på effekten av tidlig språkstimulering av små barn.  

Forfatteravatar

Øystein A. Vangsnes

Øystein A. Vangsnes er professor ved UiT, Noregs arktiske universitet. Han forsker på grammatikk og nordiske dialekter og har vært leder for de nordiske samarbeidsprosjektene Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) og Nordic CoE in Microcomparative Syntax (NORMS). Har også vært en del av det tverrfaglige prosjektet Lærande regionar.

Forfatteravatar

Bjørn Tønnesen

Bjørn Tønnesen er tidligere utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Litteraturhenvisninger

Langfeldt, Gjert. (2015). Skolens kvalitet skapes lokalt, presentasjon av funn fra forskningsprosjektet "Lærende regioner". Oslo: Fagbokforlaget.

Foreslåtte artikler