Gir råd til vidare arbeid med barnehagelærarutdanninga

Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning avsluttar sitt arbeid, men sender med ti viktige råd på vegen vidare.

Tekst: Elin Espe Stensvand, seniorkonsulent, Seksjon for kommunikasjon

Førre veke leverte Følgjegruppa den avsluttande rapporten sin til Kunnskapsminister Henrik Asheim under BLU-konferansen ved HVL.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei ulike institusjonane om at råda våre har vore til hjelp og støtte i arbeidet med å utvikle barnehagelærarutdanninga, seier Svein Ole Sataøen.

Sataøen er dosent ved Høgskulen på Vestlandet og har vore fagleg leiar for sekretariatet for Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning.

Ti viktige råd

Følgjegruppa vart oppnemnt av Kunnskapsdepartementet i samband med opprettinga av den nye barnehagelærarutdanninga i 2013. Gruppa skulle vurdere, gi råd og bidra til ein utviklande debatt om den nye utdanninga. Det faglege sekretariatet for gruppa blei lagt hos Senter for utdanningsforsking ved Høgskulen på Vestlandet.

- I sluttrapporten har vi valt å løfte blikket og sjå framover. Resultatet av dette er ti såkalla «heimattmeldingar», som er ti ting vi meiner det er viktig å ta omsyn til i det vidare arbeidet med barnehagelærarutdanninga, seier Sataøen.

Treng fleire ressursar

I ein av «heimattmeldingane» understrekar Følgjegruppa behovet for å løfte barnehageutdanninga til same finansielle nivå som grunnskulelærarutdanninga i utdanningssystemet.

- Barnehagelærarutdanninga er ei ung utdanning, som i mange år var veslesysterutdanning til lærarutdanninga. Dette stempelet har det i mange år blitt jobba aktivt for å gjere noko med rundt om på høgskulane, og det arbeidet må halde fram, seier Sataøen.

Han fortel at den nye barnehagelærarutdanninga til dømes har svært høge ambisjonar til praksis, noko som krev fleire ressursar.

Må øve på leiing

I tillegg til den avsluttande rapporten, har Følgjegruppa òg lagt fram sin fjerde rapport om barnehagelærarutdanninga. Her kjem det mellom anna fram at barnehagelærarstudentane ikkje blir godt nok førebudd på leiarrolla.

- Barnehagelærarutdanninga er ei leiarutdanning, det kjem vi ikkje utanom. Studentane som kjem ut i barnehagane, skal ikkje berre leie ungane, men òg dei andre tilsette i barnehagen, i tillegg til at dei skal ha nær kontakt med foreldra. Dette ser det ikkje ut til at dei blir godt nok førebudde på i utdanninga, seier Sataøen.

Rapporten viser òg at studentane meiner dei får for lite trening i å arbeide med dei aller yngste barna. Dei ønsker òg meir kompetanse når det gjeld barn med spesielle behov og problematikk knytt til overgrep.

Har opna dører

I den avsluttande rapporten skriv Følgjegruppa at dei avsluttar oppdraget som nøkterne optimistar. Svein Ole Sataøen fortel at gruppa sjølv opplever at dei har gjort ein viktig jobb for sektoren.

- Kunnskapsdepartementet har gitt tilbakemeldingar om at vi har opna dører til barnehagelærarutdanninga for dei, så med slike tilbakemeldingar frå oppdragsgivar søv eg godt om natta, seier han.

Dei ti heimattmeldingane:

1. Det er nødvendig med kategoriheving av barnehagelærarutdanninga
2. Ambisiøs praksisopplæring må følgjast opp med ressursar og meir forpliktande samarbeid
3. Profesjonsretta utdanning må vere meir enn ei praksisnær utdanning
4. Nødvendig med meir fleksibelt innhald og fleksibel form
5. Det må gjerast noko med pedagogikkfaget
6. Gjennomgåande tema må gå klart fram av forskrift
7. Barnehageforskinga må få vilkår og armslag til vidare utvikling
8. Frå bachelorgrad til mastergrad
9. Studiemiljø, studiemotivasjon og studentgrunnlag
10. Framtidige utdanningsreformer

Her finn du rapportane til Følgjegruppa.

Foreslåtte artikler