I dag vart det kjent at Kunnskapssenter for utdanning vert flytta til Universitetet i Stavanger.

Rektor Marit Boyesen er svært glad for kunngjeringa om at Kunnskapssenter for utdanning vert lagt til UiS. (Foto: UiS)

- Veldig kjekt, seier Elaine Munthe, dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Ho leia søknadsarbeidet i fjor haust, og jublar i dag saman med rektor Marit Boyesen.

- Vi var glade for vurderinga som låg til grunn då vi vart inviterte til å søke, og når vi nå blir tildelt senteret er vi stolte. Dette er ei fin tillitserklæring til universitetet i Stavanger, seier rektor Boyesen.

Det var i august 2018 Kunnskapsdepartementet kunngjorde at Kunnskapssenter for utdanning skulle flyttast ut av Oslo, som del av ein politisk avtale. Universitetet i Agder, NTNU, Universitetet i Tromsø og UiS vart inviterte til å søke om å bli vertsinstitusjon for senteret.

- UiS har store ambisjonar på vegne av Kunnskapssenteret, fortel Boyesen. Det skal bidra til å auke kvaliteten i heile utdanningssektoren, frå barnehage til høgare utdanning. Vidare skal vi opprette og drifte eit Nordisk tidsskrift for kunnskapsoversiktar, som er digitalt og ope tilgjengeleg.

Samarbeid på tvers av grenser

Kunnskapssenteret ved UiS skal vere ei nasjonal drivkraft og kraftsentrum for utdanningsforsking. Kunnskapssenteret vil samarbeide med forskarar over heile landet og bygge på spesialkompetanse innan ulike område.

- Vi vil også at Kunnskapssenteret skal vere internasjonalt leiande og auke samarbeid både nasjonalt og internasjonalt innan kunnskapsoversikter for utdanningssektoren. Det er viktig å få til eit systematisk samarbeid med andre kunnskapssentre, som til dømes Dansk Clearinghouse og EPPI-senteret, forklarer Munthe.

UiS legg opp til at Kunnskapssenteret skal arrangere årlege PhD-kurs innan metodar for kunnskapsoversikter, forskingsomsetjing og omsetjingsforsking, og vil trekke vekslar på internasjonal ekspertise innan feltet så vel som nasjonal ekspertise. Dette vil bidra til å systematisere samarbeidet.

- Vi søkte om å bli vertsinstitusjon fordi UiS satsar på utdanningsvitskapleg forsking, og eit Kunnskapssenter for utdanning får gode vilkår for vidare utvikling hjå oss, i eit allereie sterkt fagmiljø som har dokumenterte resultat. Mellom anna har UiS allereie tre anerkjente forskingssenter innan barnehage og skule, som vil vere viktige ressursar og partnarar for Kunnskapssenteret, seier Munthe.

Gjennom både forskaropplæring og samarbeid med forskarar på nasjonal basis, vil Kunnskapssenteret bidra til kompetanseutvikling på feltet og løfte utdanningsforsking og omsetjingsarbeidet.

- Når alt er på plass, kan heile landet kan bestille forsking frå oss på utdanningsfeltet, seier Munthe.

Startar hausten 2019

Senteret har fram til no vore ei avdeling i Norges forskingsråd, med seks stillingar. UiS håpar å auke bemanninga etter kvart. Kunnskapsdepartementet legg i utgangspunktet opp til at flytting av Kunnskapssenter for utdanning til ny vertsinstitusjon skjer innanfor rammene for overføring av verksemder, og at UiS overtar senteret frå hausten 2019.

- Det er for tidleg å seie noko om korvidt dei tilsette i Oslo i dag blir med på flyttelasset til Stavanger, eller om det blir lyst ut nye stillingar i Stavanger, avsluttar Marit Boyesen.