Med utgangspunktet i tiltaksplanen for 2009-2013 gjennomførde Nynorsksenteret eit utviklingsprosjekt ved tilsaman sju barnehagar og 32 skular. Ein så og på korleis ein kunne betre nynorsktilboda for yrkesfagelevar og minoritetsspråklege og hadde eit samarbeid med UH-sektoren om meir forsking og betre lærarkompetanse. Denne rapporten oppsummerar erfaringane Nynorsksenteret gjorde i gjennomføringa av denne planen.

Tiltaka er bygd på erfaringar Nynorsksenteret og andre har gjort tidlegare og som ein hadde tru på. Erfaringane er oppsummerte i denne rapporten. Til dømes;  

Norsk = nynorsk + bokmål

Framtidas nynorskundervising må ta utgangspunkt i eit fleirspråksperspektiv. Nynorsk er ein sentral del av den fleirspråklege kulturen i Noreg og er ein sjølvsagd del av skulefaget norsk. Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, bruken er regulert i lover og forskrifter og det er førstespråket til mange hundre tusen nordmenn. Alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål forstår skriftleg nynorsk og nynorsknær tale. Nynorsk må difor ikkje skiljast ut som eit eige «fag» og undervisast i som eit framandspråk, slik det blir gjort i nokre bokmålsområde. 

Mengdetrening og avmystifisering

Det er eit problem for mindretalsspråket nynorsk at bokmålet dominerer så totalt på dei fleste offentlege arenaer. Dette gjeld både i nynorsk- og bokmålsområde. Det må difor leggast til rette for at born og ungdom får sjå og høyre mest mogleg nynorsk tekst og tale så tidleg som råd i så mange ulike samanhengar som råd. Nynorske fagtekstar og nynorske læringsressursar bør brukast bevisst heilt frå småskulen. For elevar med bokmål som opplæringsmål kan det også skje ved å bruke lærebøker på nynorsk i eitt eller fleire fag. Dette gir elevane gode førebilete og naudsynt mengdetrening. Det er også med på å vise at nynorsk er eit funksjonelt bruksspråk.

Bevisstgjering og metakunnskap

I skulen og barnehagen må det skapast rom for språkleg refleksjon der den norske språksituasjonen med mange dialektar og to offisielle variantar av norsk skriftspråk blir tematisert og diskutert. Lærarar og elevar i nynorskområde må kjenne til dei spesielle utfordringane dei møter som ein (skrift)språkleg minoritet. Dette krev bevisstheit og ein eigen nynorsktilpassa metodikk i arbeidet med tekstar i alle sjangrar. Lærarar og barnehagetilsette må også vere kritiske i val av bøker og andre læremiddel. For den som veit kvar ein skal leite, finst det gode nynorske alternativ for alle målgrupper. Men utvalet er totalt sett for lite og for vanskeleg tilgjengeleg. Det bør difor vere eit mål å få til ordningar som stimulerer til eit større utval av nynorskbøker i alle sjangrar.

Tidleg start og skrive sjølv

Tidleg start er smart. Det gjeld mange emne i skulen, ikkje minst språk. Dei yngste er nysgjerrige og fordomsfrie, og dei har stor språkkompetanse. Mange born har t.d. foreldre, slektningar, klassekameratar eller grannar som snakkar ulike dialektar eller andre språk. Tidleg start med nynorsk i bokmålsområde gir metakunnskap og bevisstheit om eige språk, og det gir godt grunnlag for seinare formell sidemålsundervisning. Erfaringane frå «tidleg start»-prosjekta i tiltaksplanen støttar tidlegare forsking om språklæring: For å få effektiv læring må elevane skrive sjølve. Berre munnleg tilnærming er ikkje nok.

Lærarkompetanse

Til slutt – ein naudsynt føresetnad for å få til god nynorskundervisning: Kompetente lærarar. Mange av dagens lærarar i Noreg – på alle nivå - har truleg altfor dårleg kompetanse både i å skrive nynorsk sjølve og i å gi moderne og motiverande undervising. Vi veit for lite om kva slag nynorskundervising som faktisk blir praktisert rundt om i norske klasserom. Det verserer mange påstandar og mytar, men seriøse, landsdekkande oversyn manglar. Dette bør ein få. Vi veit også lite om nynorskperspektiva i dagens norske lærarutdanning – både for etter og vidareutdanningstilboda og i grunnutdanningane. Status for dei om lag 25 utdanningsinstitusjonane er ikkje kartlagt, men det er etter alt å døme store skilnader mellom lærestadane. Også eit slikt oversyn bør lagast som grunnlag for eit systematisk, landsdekkande løft.


Les heile rapporten "Mange vegar til målet".