Mange elevar som har hatt nynorsk som hovudmål i skulen, skriv mest bokmål når dei er ferdige med opplæringa. Kvifor dette skjer er lite granska, og det er difor gode grunnar til å sjå nærmare på den nynorskopplæringa som hovudmålselevane får.

Det er nesten 80 000 elevar i grunnskulen som er «nynorskelevar» og har nynorsk som hovudmål (GSI 2011). Desse elevane utgjer om lag 13 prosent av det totale elevtalet i grunnskulen. Nynorskelevane er eit klart mindretal i høve til elevar med bokmål som hovudmål, men dei er mange, og dei må få spesiell merksemd frå lærarane og skuleeigarane som har ansvaret for at det er skikkeleg kvalitet på nynorskopplæringa.

Elevar som har nynorsk som hovudmål, har behov for ei anna nynorskopplæring enn elevar med nynorsk som sidemål. Lærarar og lærarstudentar må ha kunnskap om at nynorskopplæringa skal tilpassast desse to ulike elevgruppene. Elevar med nynorsk som hovudmål skal lære nynorsk i alle fag og lære bokmål som sidemål i norskfaget. Elevar med bokmål som hovudmål skal lære og verte vurderte i nynorsk i norskfaget.

Språkopplæringa skjer i alle fag der elevane les og skriv, og når nynorsk er hovudmålet til elevane, skal nynorsk brukast i skriftleg opplæring og i skriftlege arbeid. Med innføringa av Læreplanen Kunnskapsløftet 2006, er lesing og skriving grunnleggjande ferdigheiter som skal lærast i alle fag, og lærarane skal difor lære nynorskelevane å lese og skrive nynorsk i alle fag. Hovudtyngda av nynorskskrivarar i framtida vil nok kome frå den gruppa elevar som no har nynorsk som hovudmål.Dei skal fornye og halde den nynorske skriftkulturen levande.

Men om nynorsk framleis skal vere eit jamstilt og fullverdig språk i det norske samfunnet, er elevar som lærer nynorsk som hovudmål avhengige av at bokmålselevane lærer nynorsk som sidemål. Nynorsk vert mykje meir marginalisert og uaktuelt om ikkje alle lærer nynorsk i skulen. Norsk er både bokmål og nynorsk, og den eine målforma kan ikkje erstatte den andre. Å halde på ordninga med opplæring og vurdering i begge målformer for alle elevar er nødvendig for at nynorsk skal vere eit aktuelt skriftspråk i framtida for nynorskelevane.

Nynorsk i alle fag

«Jeg har aldri skrevet annet enn bokmål på tavla, jeg,» uttalte ein lærar på eit planleggingsmøte ved ein ungdomsskule der alle elevane hadde nynorsk som hovudmål. Leiinga og alle lærarane på møtet høyrde kva som vart sagt, men det såg ikkje ut som om mange vart overraska, og utsegna fekk ingen konsekvensar for læraren. Somme lærarar skriv altså bokmål når dei underviser nynorskelevar.

Denne læraren var rett nok ikkje norsklærar, men underviste i matematikk og naturfag. Kanskje er det ofte slik at lærarar som underviser i andre fag enn norsk, trur at dei kan velje å skrive den målforma dei sjølve meistrar best?

Det er erfaringsvis lite kontroll med om lærarar som underviser elevar med nynorsk som hovudmål, skriv nynorsk når dei underviser. Elevar som har nynorsk som hovudmål, er så vande med å lese bokmål at dei kanskje ikkje eingong legg merke til om læraren skriv bokmål. Foreldre kan nok registrere både bokmål og blandingsspråk i det dei ser lærarane skriv, men få foreldre ser ut til å lage noko oppstyr om det.

Det er dokumentert ein tydeleg samanheng mellom læringsresultata til eleven, lærarens faglege innsikt i undervisningsfaget og lærarens haldning til læringsmålet ( Jf. Skjong 2011:77). Elevar med nynorsk som hovudmål må lære å skrive korrekt og nøyaktig nynorsk i alle fag og sjangrar. Nynorskelevane er avhengige av å ha dyktige lærarar med positive haldningar til nynorsk som hjelper dei å få god nynorskkompetanse.

Ei gransking av sidemålsopplæringa som TNS Gallup utførte for Utdanningsdirektoratet i 2006, viste at dei fleste rektorane (76 %) var misfornøgde med tilbodet om etter- og vidareutdanning i undervisning i nynorsk sidemål (TNS Gallup 2006:31). Ein kan då rekne med at tilbodet om etter- og vidareutdanning til lærarar som underviser elevar med nynorsk som hovudmål, også må styrkast.

Om somme lærarar har for låg kompetanse i nynorsk, må skuleeigarar og skuleleiarar syte for at lærarane vert betre kvalifiserte gjennom etter- og vidareutdanning i nynorsk. Særleg viktig er ei slik sikring av kompetansen i nynorskkommunane. Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet må ta ansvar for at ei kvalifisering i nynorsk vert finansiert og gjennomført.

Kva som må til for å halde fram å skrive nynorsk

Lære å skrive nynorsk

Å meistre nynorsk skriftspråk er det beste grunnlaget for å kunne skrive nynorsk også i framtida. Ein motiverande veg for mange til å lære å skrive nynorsk, er å lese mykje nynorsk. Å leggje til rette for at nynorskelevane får høve til å lese nynorsk også utanom skulebøkene er ei viktig oppgåve for skulen. For å få til dette kravst det at lærarar og skulebibliotekarar er interesserte i og kjenner til kva bøker som finst på nynorsk.

I tillegg må dei kjøpe inn, vise fram og tilrå nynorskbøker til elevane, og gjennom høgtlesing skape positive fellesopplevingar med desse bøkene. Tilgang til eit skulebibliotek med både moderne og klassisk litteratur på nynorsk er eit nødvendig tillegg til lærebøkene. Ekstra ressursar til å gje ut parallellutgåver av fagbøker for barn og unge på nynorsk, må verte eit krav til styresmaktene, fordi det er så stor mangelvare på faglitteratur på nynorsk.

Omsetjing av utanlandsk faglitteratur til nynorsk er også eit tiltak som kan brukast meir. For å lære å skrive nynorsk fagspråk, er eit godt utval av fagbøker og oppslagsverk på nynorsk ein føresetnad. Nynorsk sakprosa er mangelvare, men det finst mange gode lærebøker frå ulike forlag. Å kjøpe inn nokre eksemplar av alle nynorske lærebøker som kjem ut, vil gje elevane eit større spekter av kjelder i dei ulike faga.

Skulen kan då tilby fleire bøker som kan gje variasjon både i vanskegrad av fagstoffet og språket elevane møter. Lesing er ikkje lenger berre avhengig av trykte tekster i bøker og blad. Granskingar har vist at gutar les mest elektroniske tekster, og barn og unge både les og skriv elektroniske tekster i stadig større grad (Hoel 2005:22).

Mange bruker timar kvar dag på pc, lesebrett og telefon. Desse formene for lesing og skriving bør få konsekvensar for tilbodet av nynorske tekster på nettet, og dei bør brukast for å gjere opplæringa meir motiverande. Tilbodet av tekster for lesing på skjerm vert utvida i stor tempo. Å tilby nynorske skjermtekster til bruk i opplæringa vert difor svært sentralt for å styrkje nynorskkompetansen i lesing og skriving ( Jf. Sjøhelle 2011:206).

I samband med lesing av nynorske tekster i alle sjangrar og medium, må elevane lære og samanlikne nynorsk og bokmål for å sjå likskap og forskjell mellom språkformene. I LK06 er det eit kompetansemål etter 7. årssteget at elevane skal kunne: forklare noen likheter og forskjeller på muntlig og skriftlig språk, både nynorsk og bokmål.

Å kunne velje mellom ulike ord og uttrykksmåtar og bruke kunnskap frå begge målformer når ein skriv, er eit godt utgangspunkt for skriving i fag. Elevar som kan skrive begge målformer, må få grundig og kvalifisert vurdering som viser den breie norskkunnskapen dei har tileigna seg ( Jf. Jansson 2011:179).

Utvikle språkleg sjølvtillit

Språket er eit av dei sterkaste identitetsmerka for kvar enkelt av oss, og det gjeld både talespråk og skriftspråk. Å bruke dialekt er meir godteke i Noreg enn i mange andre land, men når ein snakkar dialekt, vert ein gjerne knytt til eit område og ein kultur. Slik er det også når ein vel å bruke nynorsk som skriftspråk. Då vert ein ofte assosiert med eit mindretal som for det meste held til på Vestlandet.

Andre mindre positive assosiasjonar er også vanlege i høve til nynorsk. Elevar med nynorsk som hovudmål har behov for å få særleg støtte og positiv respons på skriftspråket sitt fordi det er eit mindretalsspråk og fordi det møter motstand frå mange hald i samfunnet.

I LK06 er kulturforståing, danning og identitetsutvikling sentrale omgrep under formålet med norskfaget:

Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturer, aktiv samfunnsdeltakelse og livslang læring (LK06:41).

Gjennom norskfaget skal elevane få kjensle av å høyre til i ein kultur og identifisere seg med språket der. Å utvikle språkleg sjølvtillit er grunnlaget for utviklinga av eigen identitet. For å kunne delta aktivt i samfunnet er trygg språkbruk grunnleggjande, både skriftleg og munnleg. Sjølv om ein lærer å snakke og skrive fleire språk, så har det første språket ein lærer ei særstilling og er grunnlag for seinare språklæring.

Gjennom opplæringa har alle elevar krav på å få positive tilbakemeldingar på språket dei snakkar og skriv. Slik kan dei få eit trygt forhold til det språket dei lærer og verte stolte av språket dei bruker. Det høyrer til opplæringa å reflektere over verdien av eige talespråk og skriftspråk og på den måten skape respekt for andre med ulike talespråk og skriftspråk.

Norskfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar. Slik representerer faget en demokratisk offentlighet som ruster til deltakelse i samfunnsliv og arbeidsliv. (LK06)

Å formidle positive haldningar til nynorskkulturen

Språkvitskapen fortel oss at ingen språk eller dialektar i seg sjølv er betre enn andre. Dersom eit språk vert vurdert som betre enn eit anna, er det fordi den kulturen språket representer, vert rekna som betre. Når ein skifter språk av andre grunnar enn at ein ikkje forstår kvarandre, formidlar ein ei haldning til språket som vert valt vekk, om at det ikkje er bra nok. Når dei som kan skrive nynorsk vel å skrive bokmål i staden, viser det at dei vurderer nynorsk som eit mindre veleigna skriftspråk.

Nynorskelevane møter andre utfordringar i skulen enn elevar med bokmål som hovudmål. Kritiske oppslag om opplæringa i nynorsk som sidemål, er gjengangarar i avisene. Når nynorsk er omdiskutert og mange tek avstand frå opplæringa i nynorsk som sidemål, verkar det inn på haldninga som elevar med nynorsk som hovudmål får til språket sitt. Det er vanskeleg for nynorskelevane å unngå å verte påverka av at nynorsk som sidemål er lite populært.

Nynorskelevane har vore ei nokså anonym gruppe i skulen som ikkje har tradisjon for å ta til motmæle når skriftspråket deira vert kritisert. Kanskje går nynorskelevane endå stillare i dørene no enn tidlegare, fordi talet på nynorskbrukarar i skulen går ned og fordi det går føre seg ein kontinuerleg diskusjon om opplæringa i nynorsk som sidemål i skulen. Lærarane er forplikta til å formidle positive haldningar til både talespråket og skriftspråket til elevane.

På den måten skal dei vere med på å skape respekt for andre menneske sitt talespråk og skriftspråk, og dette er ei viktig oppgåve for skulen i høve til alle elevar ( Jf. Skjong 2011:100). Det er ikkje utan grunn at LK06, alt etter 4. årssteget, set opp som eit mål for den munnlege opplæringa at eleven skal kunne forklare hvordan man gjennom språk kan krenke andre, og etter 7. årssteget er det eit mål at eleven i munnleg norsk skal kunne drøfte hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper av mennesker.

Slike forklaringar og drøftingar om språkbruk bør ein ta opp i samband med norskopplæringa og i andre samanhengar der språkforskjell vert eit tema. Nynorskelevane må lære kva det vil seie å vere i ein språkleg mindretalssituasjon og opparbeide sjølvtillit nok til takle presset som dei uvilkårleg vil møte frå fleirtalsspråket.

Alle elevar treng å høyre andre språkbrukarar sine grunngjevingar og refleksjonar over språkbruk for å byggje opp sin eigen språklege sjølvtillit. Det har vore skrive lite om korleis ein kan utvikle språkleg sjølvtillit i skulen (jf. Nordal 2011:115). I K06 får kompetansemåla i faga mest fokus, og kvart avsnitt tek til med formuleringa: «Mål for opplæringen er at eleven skal kunne».

Høg språkleg kompetanse er viktig for byggje opp språkleg sjølvtillit, men korleis ein tek vare på og forsvarar det språket ein har, må også vere tema i skulen. Jon Fosse, ein av vår tids mest kjende norske forfattarar, bruker nynorsk i sin forfattarskap, men uttrykkjer seg slik:

Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å stå der å kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? (Fosse 1999:16).

Sjølv om ein er einig i prinsippet som Fosse hevdar, er det viktig for nynorskelevar å lære å formulere positive kjensler om eige språk.

Glede over og kjærleik til nynorsk

Den unge forfattaren Maria Parr, som også skriv bøkene sine på nynorsk, har gjort stor suksess med barneboka Vaffelhjarte. I 2009 fekk ho også Brageprisen og ei rekkje andre litterære prisar for boka Tonje Glimmerdal. Når bøker på nynorsk vert bestseljarar, er det med på å skape positive haldningar til nynorsk og vonleg også til andre nynorskskrivarar. Maria Parr seier om sitt forhold til det nynorske språket:

Fattar ikkje folk at språk handlar om kjærleik? Har dei aldri opplevd det? Nynorsken hadde vore steindød for lenge sidan om ikkje det hadde med ein rotekte, bankande kjærleik å gjere. Og det går for dengjande ikkje an å argumentere for ein kjærleik (Sunnmørsposten 17.02.07).

Det har vore gjort nokre granskingar der negative haldningar til nynorsk som sidemål har kome tydeleg fram (t.d.: Nordal, 2004: 22, Holm:1999). Positive haldningar, glede over og kjærleik til det nynorske språket er mindre framheva og granska. I norskopplæringa må ein vise fram og nytte høvet til å peike på dei positive sidene ved at me har to målformer i Noreg.

I den siste tida har det vore presseoppslag om at fleire populære artistar syng på nynorsk no enn tidlegare. Lat elevane høyre og lese viser og songar, og lat dei diskutere språkleg variasjon og særpreg. Kva hadde gått tapt om Prøysens tekster var skrivne på normert bokmål? Hadde tekstene til Åge Aleksandersen hatt den same krafta om dei ikkje var på trønderdialekt? Og kva med Kaizers Orchestra som syng på jærsk?

I Stortingsmelding nr. 23, «Språk bygger broer», er det framheva at situasjonen for nynorskopplæringa er heilt annleis enn for opplæringa i bokmål:

En forutsetning for å utvikle et språk muntlig og skriftlig er imidlertid at elevene møter språket i mange og ulike sammenhenger. Alle elever får daglig stimulans gjennom media til å lære bokmål. Når elevene skal lære å skrive nynorsk, er det ikke slik. Men alle trenger å oppleve glede over ulike kulturuttrykk for å kunne utvikle positive holdninger og få modeller for egen bruk av språket ().

Stortingsmeldingar får for lite gjennomslag, for akkurat dette er det ein bør satse meir på i nynorskopplæringa; å formidle glede over ulike kulturuttrykk, kjærleik til og respekt for nynorsk språk, positive haldningar til og gode modellar for nynorsk skriftspråk.

Litteraturhenvisninger

Eiksund, H. (2011). Med nynorsk på leselista: ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelag. Masteroppgåve. Høgskulen i Volda.

Fosse, J. (1999). Min kjære nynorsk. I Gnostiske essay. Oslo. Samlaget. Grunnskolens informasjonssystem GSI (2011).

http://fylkesmannen.no/enkel.aspx?m=44111

Hoel, T. og Helgevoll, L. (2005). «Jeg leser aldri – men jeg leser alltid!» Gutter som lesere og som bibliotekbrukere. Lesesenteret i Stavanger og Universitetet i Stavanger 2005. https://www.uis.no/sites/default/files/2020-11/Gutter%20som%20lesere%20og%20bibliotekbruker%20%28kun%20tekst%29.pdf

Holm, A.-B. (1999). Stebarnet nynorsk: om holdninger til nynorsk i Larviksskolen. Hovedoppgave. Universitetet i Oslo.

Jansson, B.K. (2011). Den gode praksisen på ungdomssteget. I Norsk = nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Oslo. Samlaget. 

Kunnskapsdepartementet  (2006).  Rammeplan  for  barnehagens innhold og oppgaver. Oslo: Akademika AS.

Nordal, A.S. (2004). Nynorsk i bokmålsland. Ei gransking av undervisningspraksis og haldningar til nynorsk som sidemål i ungdomsskulen i Bærum. Arbeidsrapport. Høgskulen i Volda. https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/bitstream/handle/11250/2558022/arb_161.pdf?sequence=1

Nordal, A.S. (2011). Nynorsk som hovudmål. I Norsk = nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Oslo. Samlaget.

Rise, S.-E. (2007). Motivasjon for nynorsk. Masteroppgåve. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/handle/10852/32510?show=full

Sjøhelle, D. (2011). «Om gråræin, bebifugler og ufoer. Barn lager sammensatte tekster». I J. Smidt, R. Solheim og A.J. Aasen: På sporet av god skriveopplæring – ei bok for lærere i alle fag. Tapir akademiske forlag

Skjong, S. (2011). Lærarkompetanse: Nøkkelen til god nynorskopplæring. I Norsk = nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Oslo. Samlaget. 

Sunnmørsposten (17.02.2007). Intervju med Maria Parr.

TNS Gallup (2006). Resultater fra en nasjonal undersøkelse blant elever, norsklærere og rektorer. Kartlegging av sidemålsundervisningen på 10. trinn og VK1, allmennfaglig studieretning. https://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/rapporter/Sidemalsundervisningen---en-kartlegging-2006/