Kunnskapsministeren har sendt norske lærarar tilbake på skulebenken for å bøta på svake matteresultat. Men medan læraren er vekke for å ta vidareutdanning, blir det eigentlege problemet att i klasserommet.

Du har mest truleg opplevd det sjølv, i eit klasserom – som elev. Mattelæraren legg fram nytt stoff, og skriv på tavla medan ho viser korleis rekneoppgåva skal gjerast. Er du heldig, forstår du det ho forklarer og ser fram til å prøva sjølv. Er du mindre heldig, sit du att med ei forvirring, for dette skjønte du ikkje.

Forvirringa tek du med deg heim, saman med heimeleksa, som viser seg å vera eit hakk vanskelegare enn oppgåvene frå tavla. Gradvis mistar du motet – matematikk er berre ikkje faget for deg.

Ein ny måte å undervisa på

Heldigvis finst det andre, og kanskje smartare, måtar å leggja opp mattetimar på. Tenk deg at du er elev i ein klasse der leksa kjem før timen. Oppgåva er å sjå ein kort video der ein lærar forklarer det nye stoffet.

Du kan når som helst stoppa og spola tilbake eller sjå videoen fleire gonger. Undervegs får du nokre spørsmål du skal svara på. Svara legg du inn i den elektroniske læringsplattforma de nyttar på skulen. Dermed ser læraren kva du har forstått og kva du treng hjelp til.

Sjølve mattetimen er òg annleis. Læraren står ikkje så mykje ved tavla, men går rundt og hjelper til medan de reknar og gjer aktivitetar.

Gir lærarar meir tid til å hjelpa

Omvendt undervisning kallast dette grepet. Det «omvendte» ligg i å byta om på det som skjer i klasserommet og det eleven gjer heime. Undervisninga som tradisjonelt har føregått på tavla, med læraren som forklarer fagstoff, vert flytta heim til elevane.

Samtidig vert det som før var lekser, øvinga på oppgåveløysing, flytta til skuletimen. Kort fortalt får elevane i lekse å sjå video – anten på nettbrett, PC eller mobil. Innhaldet i videoen er nytt fagstoff. Dermed stiller elevane førebudde til å løysa oppgåver og gjera aktivitetar i klasserommet.

Den største fordelen med omvendt undervisning er likevel ikkje videoleksa i seg sjølv, men at videoleksa frigir tid i klasserommet. Sidan det nye stoffet alt er presentert i videoen, kan læraren heller snakka med elevane medan dei løyser oppgåver.

Lærarar eg har snakka med som forskar, seier dei truleg kan spare 15-20 minuttar i kvar time med omlegginga.

Gjer timen mindre kjedeleg

Og når lærarane får betre tid, endrar undervisninga seg. Der ho før var prega av einvegs formidling, blir ho no meir tovegs. Elevane blir meir aktive. Når læraren kuttar ned på presentasjonen av fagstoff i klasserommet, får elevane meir tid til å øva på rekning. Slik får dei den viktige mengdetreninga som skal til for at kunnskapen festar seg.

Meir tid gjer òg at dei kan gå meir i djupna med fagstoffet. Når elevane snakkar meir med læraren og medelevane om matematikk, brukar dei òg språket til å utvikla forståing. Og ikkje minst: meir variert undervisning gjer timen mindre kjedeleg.

Å få tak i videoar er ikkje arbeidskrevjande. I dag har fleire læreverk ferdiglaga videoar som kan nyttast. Dessutan finst det eit utval av gode videoar som kan lastast ned frå nettet.

Å spela inn sin eigen forklaringsvideo er heller ikkje vanskelegare enn at læraren kan gjera det sjølv, med sin eigen mobiltelefon, på nokre minutt. Dette stadfestar forskinga vår.

Dei fleste elevar føretrekkjer «omvendt undervisning»

Det viktigaste er likevel at lærarar og elevar opplever denne måten å læra på som meir meiningsfylt fordi dei merkar at det fungerer godt. All tida til øving på skulen gjer at dei må jobba jamt og trutt med faget. I tillegg veit lærarane, ut frå tilbakemeldingar på videoleksa, kven som treng hjelp til kva. Dermed kan alle få tilpassa opplæring i klasserommet slik at dei heng med.

Forsking viser at dei aller fleste elevar føretrekkjer omvendt undervisning framfor den tradisjonelle tilnærminga. Berre unntaksvis møter nokon til timen utan å ha førebudd seg. Særleg er videolekser ein fordel for dei mindre leseglade, dei som strevar med å opna bøkene. Og for dei som ikkje har foreldre som kan hjelpa, er det ein stor fordel å kunne løysa oppgåver medan læraren er i nærleiken.

Vi veit at lekser forsterkar sosiale skilnader. Med videolekser og rekning i klasserommet stiller elevane meir likt.

La oss våga å gjera noko uvanleg

Er det så enkelt? Omvendt undervisning er ikkje noko mirakelkur. Eit slikt grep garanterer sjølvsagt ikkje at undervisninga blir betre. Tydeleg leiing i klasserommet er ein føresetnad. Videoleksa må følgjast opp, og læraren må sikra at tida i klasserommet blir utnytta på ein god måte. For å få dette til, må læraren kunne faget sitt godt og vera flink til å styra samhandlinga i klasserommet.

Metoden stiller også krav til eleven, som må gjera det som er avtalt både heime og i klasserommet. For å hjelpa elevane på vegen, må skulen gje dei trening i læringsstrategiar og studieteknikk.

Kunnskapsministeren er bekymra for svake eksamensresultat i matematikk, og har lansert ei storstilt satsing på å heva lærarane sin kompetanse gjennom Lærarløftet. Men skal denne satsinga ha nokon verdi, er det viktig at lærarane nyttar kompetansen sin til å utvikla undervisninga, og til å prøva nye grep som forskarane seier gir resultat.

Det er skulen si plikt å gje kvar elev det ho eller han har bruk for – altså tilpassa opplæring. Skal skulen greia det, kan fleire lærarar bli nøydde til å våga noko så uvanleg som at leksa kjem før timen og er ein video om rekning.