Skribling er bra for lesing

Barn som har utforsket språket gjennom skrible- og skriveaktiviteter i barnehagen, lærer lettere å lese, viser Hilde Hofslundsengen sitt eksperimentforskning fra 12 barnehager og 17 skoler.

- Oppdagande skriving ser ut til å vere eit nyttig pedagogisk verktøy i barnehagen, seier stipendiat Hilde Hofslundsengen ved barnehagelærarutdanninga.

Forskinga hennar tar for seg effekten av å la femåringar i barnehagen få eksperimentere med bokstavar og ord. Funna hennar, som nyleg vart publiserte i det amerikanske tidsskriftet Reading and Writing, syner at denne måten å nærme seg språket på, hjelper ungane med å lære seg å lese.

Hugselister og postkort

Femåringane som var med i studien, fekk drive med oppdagande skriving i 20 minuttar fire dagar i veka. Studentar leidde aktivitetane dei første gongene. Seinare tok pedagogane i barnehagen over.

- Å få skrive namnet sitt er ein aktivitet ungane opplever som meiningsfylt, seier Hofslundsengen. Ungane fekk òg jobbe med eit «dagens ord» i små grupper, og ofte kombinerte dei teikning og skribling eller klypte ut eit bilete og skreiv noko under.

Dei vaksne retta ikkje på stavinga til ungane. Når eit barn hadde skrive noko, spurde ein vaksen kva som stod der og skreiv ordet ved sida av med korrekt stavemåte, men utan å kommentere barnet sin versjon.

- Dette gjorde dei for å få fram ungane sin bodskap i det dei hadde skrive, og for å vere ein modell i skriving, seier Hofslundsengen. Ho understrekar at oppdagande skriving ikkje er det same som å få opplæring i å skrive.

- Barnehagen si oppgåve er å stimulere og leggje til rette for eksperimentering. Det er først på skulen ein gir systematisk opplæring og rettar på ord.

Gjenvisitt på skulen

Til saman 105 ungar var med på studien. Alle desse femåringane var med på det same opplegget. Året etter besøkte forskingsteamet skulane der ungane no var elevar i første klasse. Målet var å vurdere kor langt ungane var komne i å lære seg å lese og skrive. Dei samanlikna funna om ferdigheiter med funna frå kontrollgruppa.

- Det vi gjorde med femåringane, hadde hatt ei medium effekt på skriving og på fonologisk medvit, som er å kjenne att lydar i ord. Vi fann òg ein viss effekt på lesing av nye, ukjende ord, seier Hofslundsengen.

Både pedagogar og lærarar var begeistra over å få delta i eksperimentet.

- Eg har snakka med ein del lærarar som fekk ungane i første klasse. Dei hadde merka forskjell på ungane som hadde hatt oppdagande skriving, seier Hofslundsengen.

Eit lydrett språk

Norsk ligg ganske godt an når det gjeld samsvar mellom uttale og skrivemåte, og blir kategorisert som «semi-transparent». Til samanlikning er engelsk det minst lydrette språket i Europa, medan finsk er aller mest lydrett.

- Det kan godt hende at oppdagande skriving er spesielt eigna i norsk, der det vi seier ligg så tett opp til det vi skriv, seier Hofslundsengen.

Ein annan grunn til at oppdagande skriving kanskje er spesielt aktuelt i Noreg, er den seine skulestarten vår, og at over 90 prosent av norske ungar går i barnehagen. Dermed når ein svært mange dersom barnehagane satsar på å stimulere femåringane si interesse for språket.

Ungane skal ta initiativ

Slik vi har lagt opp løpet i Noreg, får ungane i aldersgruppa 4-6 år mykje god omsorg, men lite formell opplæring. Motstykket er land som Storbritannia, der du startar på skulen alt hausten etter at du har fylt fire år.

I rammeplanen, som omtalar det barnehagane skal gjere for ungane, står det at ein skal «la barna møte symbol som bokstavar og siffer i daglege samanhengar». Dei vaksne skal òg «støtte barna når dei tar initiativ til å telje, sortere, lese, leikeskrive eller diktere tekst».

- Måten rammeplanen har lagt dette opp på, fungerer fint for ungane som sjølv tar initiativ. Men kva med resten, spør Hofslundsengen.

Håpar fleire prøver

Mange fryktar at Noreg skal gå i britisk retning, med stadig tidlegare skulestart, og Hofslundsengen seier at ho på ingen måte ønskjer å skyve skulen nedover i barnehagen. Samtidig har forskinga motivert ho til å auke kunnskapen blant barnehagelærarar om korleis dei kan la ungane utforske skriving.

- Eg har møtt mange pedagogar som har lyst til å støtte ungane i dette, men som ikkje veit korleis dei skal gå fram. Eg håpar fleire barnehagar prøver ut oppdagande skriving for å stimulere ei interesse ungane alt har, seier Hofslundsengen.

Tekst; 

Litteraturhenvisninger

Foreslåtte artikler