Skriving som grunnleggjande ferdigheit

God skriveopplæring i skolen må være variert og formålsrettet. Formålsrettet innebærer at læreren og elevene har felles forståelse for hvorfor man skriver.

I Kunnskapsløftet er dei grunnleggjande ferdigheitene både ein del av den faglege kompetansen og nødvendige reiskap for læring og fagleg forståing. For eit fag som t.d. engelsk inneber det at elevane mellom anna skal lære å uttrykkje seg på engelsk gjennom skrift, og dei skal bruke skriving for å utvikle kunnskap om engelsk språk, kultur og historie.

Dette inneber at skriving har ulike formål i engelsk og at elevane treng å utvikle eit repertoar med ulike måtar å skrive på. Fleire av desse måtane å skrive på vil vere særeigne for faga engelsk og framandspråk.

Fagspesifikk lesing og skriving, ofte omtala som «disciplinary literacy» er eit sentralt område innan internasjonal skriveforsking (Applebee & Langer, 2013). Denne forskinga argumenterer for at ein bør lese, skrive og samtale på fagspesifikke måtar fordi at dei enkelte faga har ulike kunnskapsobjekt og metodar for å utvikle kunnskap. Å undersøkje t.d. fenomen i naturen, samanhengar mellom hendingar i fortida, litterære tekstar eller systemet til eit språk, krev ulike vitskaplege metodar, og desse metodane
er på ulike vis ein del av skulefaga.

Ulike fag har altså både ulikt innhald, men også ulike konvensjonar for korleis forskarar kommuniserer, og slik har sjangrar som litterær analyse, naturfagsrapport osb. oppstått, først i vitskapsfaga og deretter i skulefaga. Skriving har også fagovergripande og generelle sider ved seg. Gjennom skuleløpet får elevane ei rekkje erfaringar med skriving som dei trekk vekslar på i nye fag og nye skriveformål. Derfor er det noko generisk ved skriving som til ei viss grad gjer det mogleg å overføre skrivedugleik til nye situasjonar. Vi kan bruke vurderingsområda til dei læringsstøttande skriveprøvene som ein optikk for å drøfte kva som er generisk og kva
som er fagspesifikt ved skriving. Desse prøvene tilbyr verktøy for å vurdere tekstar på fem område som representerer fem deldimensjonar ved skriveferdigheit: skrivar-lesar-interaksjon, innhald, tekstoppbygging, språkbruk og formverk (Skrivesenteret, 2017).

Formverk som gjeld rettskriving og teiknsetjing, er meir generisk enn dei andre deldimensjonane – korleis ein stavar eit ord korrekt gjeld uavhengig om faget er norsk eller matematikk, og det same gjeld ein teiknsetjingsregel som at stor bokstav står etter punktum. Medan formverk utgjer kodekompetanse, utgjer dei fire første deldimensjonane funksjonskompetansar som i høg grad er påverka av formålet med skriving, normene som gjeld for fag og kven ein kan tenkje seg er mottakar av teksten. Dersom ein elev skal lukkast i å uttrykkje seg på relevante måtar i eit fag, krev det forståing av konvensjonane i faget slik dei kjem til uttrykk gjennom funksjonskompetansane.

Med andre ord treng elevane kunnskap om tekstar og tekstpraksisar i ulike fag for å utvikle kompetanse i fag, altså at dei kan lære å ta kunnskap i eit fag i bruk. Derfor må lærarar i alle fag gi elevane opplæring i skriving i faget. For å utvikle skrivekompetanse, treng elevane meir enn kunnskap om tekstar og tekstpraksisar i fag. Gjennom ein enkel modell kan vi seie at skrivekompetanse består av tre dimensjonar: 

  • kunnskap om skriving
  • ferdigheiter til å ta denne kunnskapen i bruk gjennom å skrive
  • haldningar til skriving

Kunnskap om skriving inkluderer fleire av dei dimensjonane ved skriving som er nemnt ovanfor:

  • ein må kunne eit eller fleire språk (ordforråd, grammatikk, tekststruktur)
  • ein må ha kunnskap om korleis tekstar blir brukt for ulike formål i ulike sosiale og kulturelle samanhengar gjennom ulike sjangrar/teksttypar
  • kjenne til skriftmodalitetar (skriftteikn, ortografi, grafiske verkemiddel/ layout, samspel mellom skrift og andre modaliteter)
  • ein må ha kunnskap om skrivereiskapar (blyant, penn, tastatur og programvare)
  • vite når, kvifor og korleis ein bruker dei

Ferdigheiter i skriving inneber at ein er i stand til å gjennomføre ulike handlingar:

  • analysere og forstå den situasjonen der ein skal ytre seg i skrift
  • vurdere korleis ytringa kan tilpassast mottakarane for teksten
  • generere innhald gjennom å lese, samtale og tenkje
  • planlegge skriveprosessen
  • vurdere eigen tekst
  • revidere eigen tekst
  • ferdigstille teksten (sjekke rettskriving og tilpasse layout)

Haldningar til skriving som del av skrivekompetanse inneber det å ha tru på eiga evne til å meistre ein skriveprosess;

  • å vere motivert for å skrive
  • å ha vilje til å lære og ta kunnskap i bruk
  • å ha vilje til å kommunisere og samhandle med andre

Skrivekompetanse er samspelet mellom desse dimensjonane: ein treng kunnskap, kapasitet til å ta kunnskap i bruk gjennom handlingar og haldningar som gjer at ein er motivert for og har vilje til å gjennomføre handlingar. Skriveopplæringa i alle fag må ha som mål å utvikle alle desse dimensjonane ved skrivekompetansen, noko som er særleg krevjande
i fag med få timar i veka som t.d. framandspråk. Derfor føreset god skriveopplæring at t.d. skriveoppgåver, instruksjon og respons inngår i samanhengar med dei andre kompetansemåla i faget. Skriving skal ikkje vere noko for seg sjølv som kjem i tillegg til det elevar skal lære i fag, men er eit verktøy for nettopp å lære og ta kunnskap i bruk på måtar som er relevante i faget.

Denne måten å forstå skrivekompetanse på viser dessutan at skriving består av både sosiokulturelle og kognitive prosessar. Dei sosiokulturelle prosessane ved skriving består m.a. av at ein kommuniserer og samhandlar med andre menneske; ein tek i bruk språk og språklege ressursar som er historiske og kulturelle. Dei kognitive prosessane ved skriving består m.a. av dei strategiane ein tek i bruk for å skrive; korleis ein tenkjer og forstår innhaldet ein skriv om og korleis ein kan formgje det gjennom skrifta. Det må understrekast at haldningsdimensjonen er viktig for at elevar vel å bruke skriving som verktøy for læring og eiga utvikling. Lærarar i alle fag har såleis ei viktig rolle når det gjeld å gi støtte til elevar og gi læringsfremmande respons slik at dei opplever meistring og blir motiverte for å skrive (Kvithyld & Aasen, 2011).

God skriveopplæring i skulen må vere variert og formålsretta. Formålsretta vil seie at lærar og elevar har ei felles forståing for kvifor ein skriv. Det føreset at skriveoppdrag og skriveoppgåver har tydelege mål og er relevante for det elevane skal lære. Dersom dei skal lære overflatekunnskap eller nye gloser i eit anna språk, må ein lære å bruke skriving for å lære på heilt andre måtar enn dersom dei skal skrive for å analysere tekstar, argumentere for noko eller reflektere over noko. Dei ulike måtane ein kan bruke skriving for å lære på, må elevane få opplæring i. Dei må med andre ord få tilpassa støtte i skriveprosessen gjennom instruksjon og respons som er relevant for kompetansemål i fag. Derfor må skriveopplæringa og skriveoppdraga følge
forskingsbaserte prinsipp for god skriveopplæring og vere varierte for at elevane skal få erfaring med at ein brukar skriving på ulike måtar i ulike kontekstar (Graham & Perrin, 2007; Smidt, 2010; Kvithyld & Kringstad, 2013). Det er nettopp slike erfaringar som kan gjere det mogleg for dei å overføre det dei har lært i ein skrivesituasjon til ein annan, altså at skriving blir eit verktøy for djuplæring (Pellegrino & Hilton, 2012).

Forfatteravatar

Arne Johannes Aasen

Arne Johannes Aasen (dr.art.) er leder for Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Han har undervisningserfaring som norsklærer fra videregående skole, universitet og allmennlærerutdanning. Han forsket på den første lese- og skriveopplæringen på barnetrinnet, utvikling av multimodal tekstkompetanse på ungdomstrinnet (i skrift, digitale fortellinger, dataspill m.m.) og vurdering av skriving.

Litteraturhenvisninger

Applebee, A. & Langer, J. (2013). Writing Instruction that Works: Proven Methods for Middle and High School Classrooms. New York: Teachers College, Columbia University.

Graham, S. & Perin, D. (2007). Writing Next. Effective Strategies to Improve Writing of Adolecents in Middle and High School. NewYork: Carnegie Corporation.

Kringstad, T. & Kvithyld, T. (2013). Fem prinsipper for god skriveopplæring; skriving på ungdomstrinnet. I: Bedre skole. Tidsskrift for lærere og skoleledere, 2013, Nr. 2, s. 71-79.

Kvithyld, T. & Aasen, A.J. (2011). Fem teser om funksjonell respons på elevtekster. I: J. Smidt, R. Solheim & A.J.Aasen. (Red.). På sporet av god skriveopplæring. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Pellegrino, J.W. & M.L. Hilton (2012). Education for Life and Work : Developing Transferable Knowledge and Skills in the 21st Century. Washington, D.C: National Academies.

Smidt, J. (red.)(2010): Skriving i alle fag – innsyn og utspill. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Skrivesenteret (2017). Vurderingskriterier. Lasta ned 21. september 2017: http://www.skrivesenteret.no/ressurser/vurderingskriterier

Foreslåtte artikler