Lærarane trur dei underviser tverrfagleg om berekraftig utvikling, men elevane oppfattar det ikkje slik.

Undervisning om berekraftig utvikling har vore ein del av læreplanane for skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Prosjektet Den naturlege skulesekken (DNS) ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo støttar skular som vil laga eigne undervisningsopplegg om berekraftig utvikling.

– Vi støttar klart definerte opplegg, og fylgjer opp skulane både økonomisk og fagleg. Det gjev oss ein unik moglegheit til å undersøkja korleis denne undervisninga fungerer i skulen, seier prosjektleiar Eldri Scheie.

Ein av skulane som har fått støtte frå DNS, gjennomførte eit prosjekt som hadde som mål at elevane skulle få kjennskap til eit nærliggande fjellområde, praktisera friluftsliv der og delta i spørsmål omkring forvaltinga av dette fjellområdet.

Kunnskap innan fleire fagområde

Etter at prosjektet var ferdig, gjorde DNS ei undersøking blant elevane og lærarane som deltok. Den avdekka eit gap mellom kva lærarane meinte dei har undervist, og kva elevane opplevde å ha lært. Til sommaren skal funna leggjast fram på ein konferanse om naturfagutdanning i Portugal.

– Berekraftig utvikling vert definert som ei utvikling som tilfredsstiller behova til dagens generasjon, utan at kommande generasjonar sine moglegheiter til å få dekt sine behov vert øydelagde. Elevane klarar å læra seg denne definisjonen, fortel Scheie.

– Handlingar for berekraftig utvikling bør byggja på både sosiale, økonomiske og miljømessige tilhøve. Slike handlingar krev kunnskap innan fleire fagområde.

Avhengig av ekstra innsats

– Men når elevane gjennomførde dette undervisningsopplegget, fall dei økonomiske og samfunnsmessige dimensjonane i stor grad bort. Dei miljømessige sidene fekk nesten all fokus.

Med andre ord: dersom ikkje undervisninga var tverrfagleg, vart den heller ikkje opplevd som tverrfagleg av elevane.

– Ein stor del av problemet er at medan berekraftig utvikling er eit tverrfagleg tema, vert skuletimane fordelt på enkeltfag. Dermed vert tverrfagleg undervisning avhengig av lærarar som gjer ein ekstra innsats, og som får rom for det av skuleleiinga.

Samarbeid med kollegar og skuleleiing

Scheie understrekar at ho ikkje meiner det er vasstette skott mellom faga i skulen. Men i møte med lærarar over heile landet får dei ofte høyra at det tverrfaglege samarbeidet som ser så enkelt ut på papiret, er meir komplisert i praksis.

– Eller komplisert og komplisert, det byr i alle fall på ein del utfordringar, seier ho.

For å bistå i dette arbeidet, arrangerer DNS 1-dags workshopar med lærarane om korleis dei skal få til samarbeid med kollegar og med skuleleiinga. Diskusjonane skjer på bakgrunn av eksisterande teoriar og forsking på korleis ein kan gje god tverrfagleg læring for elevane.

Ny stortingsmelding

– Ei anna undersøking vi har gjort, viser nettopp at ein suksessfaktor er at lærarane får tid og støtte til frå leiinga til å samarbeida på tvers av faga, seier Scheie.

Kunnskapsdepartementet la i april fram stortingsmeldinga «Fag – Fordypning – Forståelse», som tek mål av seg til å fornya og forbetra faga i skulen. Scheie likar det ho les.

– Ikkje berre legg meldinga opp til meir tverrfagleg undervisning, men berekraftig utvikling er eitt av dei tre tverrfaglege tema som skal prioriterast, seier ho.

Møta utfordringa

Ho fortel at DNS har utvikla ein treårig modell for å utvikla og forankra tverrfagleg undervisning for berekraftig utvikling i skulen.

– Vi møter rett som det er naturfaglærarar som etter eitt til to år seier at dei endeleg har blitt kjent med pensum i til dømes samfunnsfag eller norsk. Ideelt sett skulle jo alle lærarar kjenna dei andre faga òg, men i ein travel kvardag er det jo eins eige fag ein brukar mest tid på.

Når den nye stortingsmeldinga signaliserer at alle skular må førebu seg på tverrfagleg undervisning, er Scheie klar for å møta utfordringa.

– Vårt mål er at skal kunna gje kurstilbod og nettressursar som set skulane i stand til å bruka modellen vår òg utan at vi støttar dei økonomisk.

Tekst: Torstein Helleve

Denne teksten er også publisert på forskning.no