Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag. HVO er delt inn i fire avdelingar og har rundt 200 fagtilsette.

Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vert utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.

Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for å utarbeide ein stategiplan for FoU-aktiviteten ved høgskulen. Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.

Høgskulen i Volda