Kjetil Børhaug er statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen 1990. Han har seinare vore tilknytta Chr Michelsens Institutt, Høgskulen i Lillehammer, Høgskulen i Bergen og frå 2010 Universitetet i Bergen, der han er professor i samfunnsfagdidaktikk. Børhaug sine to hovudforskingsfelt har vore for det fyrste politisk danning. Han disputerte i 2007 på ei avhandling om samfunnskunnskapsfaget og elevråda som politisk danningstiltak i norsk skule. For det andre, barnehagepolitikk, organisering og leiing i barnehagesektoren. Han har dei seinare åra vore med i større forskingsprosjekt på dette området, finansiert av Noregs Forskingsråd.