I dei norske og nordiske barnehagane har uteleik tradisjonelt vore prioritert, og barna brukar mykje tid ute. Uteleik kan føregå på ulike plassar, men barna brukar mest tid på barnehagens leikeplass. Kva skjer i møtet mellom barna og plassen, frå eit kjønnsperspektiv? Kva karakteriserer dei potensielle romma gutar og jenter skaper og kva rørslemoglegheiter fremjar dei?