Lærarutdanninga er blitt reformert igjen og igjen, utan å bli betre. Hovudutfordringa er ikkje ideala eller intensjonane, men korleis utfordringane blir løyste ved lærarutdanningsinstitusjonane. Lærarutdannarane må å vere i stand til å realisere dei nye ideane, dei nye krava og den nye pedagogikken. Slik det er i dag, er dei ikkje det. Eit støttetiltak er å kople lærarutdanningane tettare til reformarbeidet i skulen. Dette er naudsynt for å få til ein synleg kompetanseutvikling innafor lærarutdanninga.