Ein studie frå Austerrike viser at barn og unge som blir mobba for sin etniske bakgrunn synest dette er verre enn å bli mobba for individuelle skilnader.


Forskar Dagmar Strohmeier ved Universitetet i Wien har forska på korleis barn og unge opplever ulike former for mobbing. I studien sin konkluderer ho med at etnisk mobbing blir opplevd som verre enn mobbing som gjeld personlege og individuelle skilnader.

- I Austerrike er det mange immigrantar frå andre land, og spesielt frå det tidlegare Jugoslavia og frå Tyrkia. I Wien er heile 45 prosent immigrantar. Rasisme og etnisk mobbing er eit aktuelt tema i Austerrike, fortel Strohmeier.

Hudfarge og hårfrisyre

Strohmeier brukte eit utval på 246 elevar i alderen 15 til 16 år for å finne svar på korleis ungdommar i Austerrike reagerer på ulike former for mobbing.
- Personretta mobbing var ofte mindre aggressiv, mindre fysisk og det var sjeldnare at denne mobbinga blei meldt til vaksne, fortel ho og held fram: Ungdommane opplevde det som verre å bli mobba for hudfarge enn for hårfrisyre. Og dei sa oftare i frå til vaksne når dei blei mobba for etnisk bakgrunn.

Gruppeskilnader

I studien sin fann Strohmeier også interessante skilnader mellom dei ulike gruppene i måten å reagere på mobbinga på.
- Ungdommar frå Tyrkia opplevde ofte mobbinga mest aggressivt og ville oftast seie frå til vaksne når dei blei mobba. Dei var mest sårbare, fortel ho.
Strohmeier meiner det er viktig med meir kunnskap om etnisk mobbing i skulen.
- Lærarane må kjenne til slike skilnader og korleis ungdommar opplever denne forma for mobbing. Konfliktar mellom etniske grupper kan fort eskalere når mobbinga er rasistisk.

Ser til Japan

Strohmeier forskar også på kulturelle skilnader i aggressiv åtferd mellom elevar frå Austerrike og elevar frå Japan.
- Mobbinga i vestlege land er ofte meir individuell enn i Japan, der det heller er grupper av ungdommar som utfører mobbing, seier ho.

- I Japan er det også meir vanleg med ekskludering og utestenging, noko som er typisk for mobbing i grupper. I vestlege land er dette eit jentefenomen, medan i Japan er det like vanleg blant gutar, avsluttar ho.