Tidsskriftet Sakprosa presenterer seks studiar frå UiA-forskarar. Der kjem det fram at tekstar som vurderer fagutviklinga til barn i barnehage og skule ikkje berre er pedagogiske utviklingsverktøy. Dei er også del av ein ustrakt måle- og vurderingskultur som er oppteken av å telje, vege og måle.

Førsteamanuensis Gunhild Kvåle har vore gjesteredaktør av Tidsskriftet Sakprosa. Her presenterer ho magasinet på eit seminar ved Universitetet i Agder i november. Foto: Magnus Skogedal

Av Atle Christiansen

– Tekstane i skulen er ikkje berre pedagogiske utviklingsverktøy. Dei er også del av eit skjemavelde der målet ser ut til å vere å kontrollere og stadfesta at lærar og elev gjer det som departement og byråkrati har bestemt er riktig skule- og elevutvikling, seier Gunhild Kvåle.

Førsteamanuensis Gunhild Kvåle ved Universitetet i Agder (UiA) har vore gjesteredaktør for temanummeret som inneheld seks studiar om tekster i skule og barnehage, signert åtte forskarar frå Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder og éin frå Aarhus Universitet. Tidsskriftet Sakprosa ligg ope tilgjengeleg på internett.

Studiane dreiar seg om tekstar som vekeprøver, vekeplanar, norskeksamensoppgåver, digitale leseprøver, kartleggingsskjema for språkutvikling hos barnehagebarn og ein analyse av ein tekst frå OECD som gir norske styresmakter råd om korleis vi bør innrette den norske skulen.

Rapport- og vurderingstekstar

– Det er stor interesse for å vurdere og dokumentere kvaliteten i barnehage og skule. Dette kjem også til syne i ulike tekstar som ofte vert brukte til å vurdere kvalitet. Døme på slike tekstar kan vere skjematekstar, plantekstar, styringsdokument, eksamensoppgåvespørsmål og andre kartleggingsverktøy, seier Kvåle.

Forskarane har sett på om denne typen tekstar er gode pedagogiske utviklingsverktøy, eller om dei berre er utvendige målereiskaper som kontrollerer at barnehage og skule følgjer opp krava dei er pålagde.

– Det vert stadig meir måling av kunnskap og erfaring i offentleg sektor. Utviklinga vert stadig debattert i Norden, og eg trur nok at den stadig aukande bruken av evalueringstekstar i skulen har både positive og negative sider. Eit underliggjande spørsmål for alle studiane er om tekstane berre er pedagogiske verktøy, eller om dei først og fremst berre er målereiskaper, seier Kvåle.

Slike tekstar har måling og vurdering som hovudoppgåve, og dei vert i denne samanhengen kalla evaluerings- eller vurderingstekstar.

Mistru til fagfolk

Ein typisk vurderingsstekst er såkalla nasjonale prøver som vart innført rundt 2005. Dei undersøkjer om elevane har grunnleggjande ferdigheiter innanfor norsk og matematikk.

– Vi ser at vurderingsarbeidet omfattar stadig fleire felt. Det dreiar seg ikkje berre om å få informasjon og vurdere elevars læring, men også om andre sider ved verksemda til skular og barnehagar og dei som arbeider der, seier ho.

Ho understrekar at det er viktig at samfunnet får kunnskap om kvaliteten i skulen.

– Men kvalitet i utdanninga er ikkje eit enkelt spørsmål. Det kan vere usemje om kva som er kvalitet, og om kven som bør avgjere kva som er det viktigaste for kvaliteten i skulen. Tendensen er at det blir stadig meir kvalitetssikring ovanfrå og i ferdigskrivne malar. Lærarane sjølve, dei som er profesjonelle på utdanning, vert ikkje sett på som gode nok, men vert kvalitetssikra ovanfrå gjennom ei rekkje med ferdigskrivne malar for kva som skal vere ein god skule, seier Kvåle.

Ho meiner det kan sjå ut til at det har vakse fram ein eigen ekspert-aktig praksis, driven fram av aktørar som sjølv ikkje er ein del av den faglege kjerneverksemda. Ekspertane sett mål og avgjer måleskalaen for det faglege og sosiale arbeidet lærarar står oppe i til dagleg.

– Desse aktørane utviklar ulike system for kvalitetssikring som i grunnen er basert på mistillit og kontroll, seier ho.

New Public Management

– Profesjonane sjølve vert svakare i eit barnehage- og skulesystem som vektlegg rapportering. Lærarane må bruke stadig meir tid på å fylle ut rapportar og andre evalueringstekstar. Dette kan gå ut over verdifull tid læraren kunne ha brukt på meir direkte arbeid med elev og fag, seier Kvåle.

Måling og vurderingstekstar i barnehage og skule er i følgje Kvåle del av ein større trend der teljing og rapportering er aktivitetar som vert høgt verdsett i samfunnet. Denne praksisen vart innført med New Public Management.

– Det har kome mykje kritikk av New Public Management og tendensen til å måle, telje og vege kunnskap og kvalitet, men det er ikkje sikkert at den viktigaste kunnskapen kan teljast, seier Kvåle.

Ho understrekar at forskarane ikkje går inn i nokon ideologikamp for eller imot New Public Management.

Dei har ønskt å opne eit forskingsfelt og analysere form og innhald i nokre tekstar som tidlegare ikkje er analyserte som tekst på dette viset før.

– Ikkje minst ønskjer vi å vise korleis desse skjematiske tekstane, anten det er vekeprøver eller anna, ikkje berre er nøytrale måleinstrument og verdinøytrale tekstar. Dei inneheld også eit syn på skule og pedagogisk utvikling. Ofte er det forhold som kan teljast som er viktig, til dømes kor mange riktige svar du har på ei matematikkoppgåve eller ein norsk stil. Men det er ikkje sikkert du kan telje alt som er viktig, det er til dømes vanskeleg å telje danning, men barnehage og skule har også eit oppdrag på dei felta, seier Kvåle.

Tras-analyse

Sjølv presenterer ho ein analyse av kartleggingsverktøyet Tras i studien ho presenterer i tidsskriftet. Tras er i dag det mest brukte skjemabaserte kartleggingsverktøyet av språkutviklinga til barn i barnehagen. Og det er altså ikkje eit verdinøytralt verktøy.

– Det ligg både eit verdssyn og eit kunnskapssyn i skjemaet. Tras ser på barnehagelæraren, barna og språkutviklinga på heilt bestemte måtar, seier Kvåle.

Forskaren er i utgangspunktet positivt innstilt til Tras, og det skriv ho også i studien. Ho meiner mellom anna at systemet har heva kvaliteten på språkmedvit og språkarbeid i barnehagen. Likevel er ho kritisk, mellom anna til at eit såpass komplekst fenomen som språkutvikling vert rapport i altfor få og enkle kategoriar.

– Kategoriane vert for vide og seier lite eller ingenting om språkutviklinga til barnet. Skjemaet og dei altfor få kategoriane gir også fagpersonene i barnehagen mindre rom for sjølvstendig tenking og sjølvstendig vurdering av barnet og språkutviklinga, seier ho.

Fagpersonen som fyller ut Tras-skjemaet vert i følgje Kvåle borte til fordel for førehandsbestemte kategoriar den enkelte barnehagelærar må fylle ut. Ho finn at Tras-skjemaet ofte kommuniserer betre med byråkratiet enn med foreldre og barnehagelærarane. Tras-skjemaet passar best til alt som kan teljast og setjast i nokre få og oversiktlege kategoriar.

Ho meiner det er eit typisk trekk ved fleire av dei vurderingstekstane i skule og barnehage at dei er skjematiske og gir lite rom for heilskapleg vurdering av barnas utvikling.

– Slik sett undergrev desse tekstane det sjølvstendige og profesjonelle perspektivet til barnehagelærar og lærar, seier Kvåle.