Ein forskar kan seie det slik: Eit normalt barn er eit rasjonelt barn som tenkjer fornuftig og kontrollerer tankane, kjenslene og kroppen sin. Kva føresetnader har barn for å vere seg sjølv innafor denne forståinga?

Liv Mette Strømme har forska på barnehagelærarar sin forståing av kva det vil seie å vere eit normalt barn. Ho gjorde tydelege funn på kva det inneber.

‒ Eit barn som kontroller tankane, kroppen og kjenslene sine, som har styr på seg sjølv og handlingane sine. Eit normalt barn er eit rasjonelt barn, seier Strømme, dr. philos og avdelingsleiar for barnehage og psykisk helse ved Karmøy pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Snakkar mykje om normalitet

‒ Det er kanskje dette med normalitet me snakkar aller mest om, fortel Monica Eriksen, som har sin kvardag som pedagogisk leiar i Ramsvikskogen barnehage.

Kven er «innafor» og kven er «utanfor»? Eriksen fortel at samtalene om normalitet ofte kjem opp i samband med overgangen frå barnehage til skulestart, når det skal vurderast ekstra innsats og henvisningar til Psykologisk-pedagogisk teneste, mellom anna.

‒ Det er jo sjølvsagt for å gi barna det det treng, for å hjelpe dei, seier Eriksen.

Barn som fungerer i sosiale settingar og læringssituasjonar er noko Strømme held fram som ein av grunnene til at dette med såkalla «normalitet» er så viktig for oss. I tillegg finst ein normalitet i samband med henvisningar til PPT, kor ein ynskjer ei sakkyndig vurdering av eit barn som ikkje fungerer «innafor normalen».

Ho peiker samstundes på at det går an utvide forståinga av kva som er normalt.

Eit rasjonelt barn, er det eit lydig barn?

‒ Ja, det kan du godt seie. Det er i alle fall eit barn som forheld seg slik som me vaksne ynskjer at det skal gjere seg til reglar og struktur i barnehagen, seier Strømme, og fylgjer opp med at dersom dette skal løftast fram som det «normale» barnet, så kan det vere me mister av synet andre sider ved barnet.

Ho peiker på korleis barn er spontane, intuitive og emosjonelle. Eit barn som har kontroll på seg sjølv, på kroppen sin og følelsane sine, som ikkje roper eller hoiar eller viser sterkt sinne er eit barn som er dempa.

‒ Dersom me held fram at desse rasjonelle sidene ved eit barn er dei viktigaste får me ein «skolifisering» av barnehagen, noko som kjem fram i fleire internasjonale studiar, fortel Strømme.

‒ Det er viktig å ha eit kritisk blikk på eigen normalitet. Det kan handle om reaksjonar, spontanitet, lydnivå. Det ein sjølv tek for gitt som normalt, treng ikkje vere det i andre kulturar. Å gje rom for det som kjennest annleis ut, handlar om mangfald, og det er ein viktig del av danningsprosessen, seier Gunnar Magnus Eidsvåg, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagevitskap, Universitetet i Stavanger.

Vanskeleg å snakke om kva som er et eit annleis barn

Strømme fortel at mange av dei barnehagetilsette ho møtte, ikkje hadde tenkt så mykje over kva dei eigentleg la i omgrepet «normalitet».

‒ Eg hadde fleire faste spørsmål når eg intervjua barnehagetilsette. Eit av spørsmåla viste seg å være veldig komplisert, nesten litt provoserande, for samlege av dei eg snakka med. Det var då eg spurde om å få ei beskriving av eit ‘annleis’ barn.

Eriksen anerkjenner det vanskelege med denne utfordringa. Ho trur ikkje at lydigheit hos eit barn er det som avgjer kven som blir Noregs neste statsminister.

Samstundes påpeiker ho behovet for regler i barnehagen, og utfordringa med tida som alltid er knapp.

‒Det er sunt å lære seg korleis ein skal være ein del av et fellesskap, og det handlar om å finne ei balanse med omsyn til eigenarten til barnet på den eine sida, og dagrytme, det å passe inn i gruppa, på den andre, meiner Eriksen.

‒ Å nytte kartleggingsverktøy må vere gjennomtenkt

‒ Sjølv om det er krav til passe inn, tilpasse seg gruppa og det felles opplegget, treng ikkje barna det same. Det er naudsynt med tilpassingar som gjer at ein møter den einskilde, fylgjer Eidsvåg opp.

Han er tydeleg på at i utviklinga av eiga identitet, er det snakk om ein utvikling både av den identiteten kvar og ein utviklar ut frå eigne tankar om kven ein er, men bygginga av identiteten kjem også av kva ein får tilskrive, den identiteten andre oppfattar – den ein får utanfrå.

Eidsvåg framheld at det å nytte kartleggingsverktøy, å vise til instans som kan setje diagnosar, er noko som må vere veldig gjennomtenkt. Det vil leggje tydelege føringar på korleis andre vil oppfatte barnet, påpeikar han.

Strømme si forsking legg dynamisk utvikling hjå barnet til grunn. At barn ikkje utviklar seg lineært og likt, men i rykk og napp, både ut frå seg sjølv og samanlikna med andre barn. Ut frå ei tenking om at barn følgjer ei gitt utvikling basert på alder får ein ei form for eit «standard-barn», eit gjennomsnittleg barn som ligg til grunn for ulike kartleggingsverktøy ein nytter for å sjå om eit barn ligg «innafor» normalen.

‒ Å vurdere eit barn utan å ta høgde for konteksten kartlegginga foregår i gjer at me mister viktig informasjon. Barnet kan få ei feilaktig vurdering. Når me nytter kartleggingsverktøy trekker me gjerne barn ut av konteksten dei vanlegvis er i. Då vil me mangle situasjonen, relasjonane, er Strømme opptatt av.

Mykje mindre observasjon i barnehagen enn forventa

Strømme framheld at ho har stor tiltru til barnehagelærarane, og til kva dei kan få med seg gjennom observasjon.

Likevel syner ei avhandling som kom i 2020 at barnehagelærarar observerer mykje mindre enn forventa. Og det kan sjå ut som mange stoler meir på kartleggingsverktøy enn eiga observasjon.

‒ Då eg byrja å jobbe i barnehage, syntes eg det var trygt å ha kartleggingsverktøy å gå etter, seier Eriksen.

No stoler ho meir på sitt eige, faglege skjønn, fortel ho. Eriksen påpeikar samstundes at det er no eingong slik at verktøya forenklar kommunikasjonen når eit barn skal visast vidare til PPT, og ligg som eit krav å ha gjort når ein tek kontakt.

‒ Eg tenkjer at vi er nøydd å ha kartleggingsverktøy, men det blir dumt dersom ein skal bruke all si tid på det. Eg er veldig kritisk til forslag som går på å kartlegge alle barn før skulestart, til dømes. Då blir det ikkje tid til mykje anna, seier den erfarne pedagogen.

Strømme plukkar opp tråden om korleis barnet utviklar seg dynamisk, i sitt eige tempo. Ein må sjå barnet sin normalitet i forhold til deira eigen normalitet, i staden for ein fastsett norm ut frå alder, til dømes, meiner ho.

‒ Det er ikkje slik at me skal droppe all bruk av kartleggingsverktøy, men dei må aldri få høve til å definere eit barn, som om det berre finst éin normalitet. Kartleggingsverktøy kan supplera, men ikkje erstatte barnehagelærarens observasjonar av barn i leik og aktivitet i barnehagen. Observasjonen er det viktigaste verktøyet, understrekar Strømme.

Samansett og uforutsigbart

Å jobbe best mulig for at barn skal få gode liv. Strømme fortel at dette var noko dei tilsatte i barnehagen delte som mål for arbeidet sitt.

‒ I barnehagen jobbar me med barndom. Ein må greie å ha mange tankar i hovudet samstundes. Tørre å velgje noko, snakke om kven som treng noko meir. Og sjølvsagt må me kartlegge, seier Eriksen.

Ho er tydeleg på at det å jobbe i barnehage, krev å tåle at noko er uforutsigbart. Det viktigaste er at ungane får leike. At dei har det bra. Og at når dei går ut porten siste gongen så skal dei tenkje at «Der hadde eg det fint. Der hadde eg vener. Der var dei glade i meg!»

‒ Det er kanskje dette med normalitet me snakkar aller mest om, fortel Monica Eriksen, som har sin kvardag som pedagogisk leiar i Ramsvikskogen barnehage. Sjå ho i samtale med Liv Mette Strømme, dr.philos og avdelingsleiar for barnehage og psykisk helse ved Karmøy pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), og Gunnar Magnus Eidsvåg, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagevitskap, UiS. Sendinga varer i 23 minutter.

Litteraturhenvisninger