Forskarar har samla tekstar frå over 1200 elevar over fleire år. Resultatet vil bli den største tekstsamlinga av sitt slag i Noreg, og vil gje ny innsikt i skriveutviklinga til norske elevar.

– Tekstsamlinga gir oss eit mykje større bilete enn det ein lærar kan få i klasserommet. Språklæring handlar ikkje berre om å gjere ting rett, men òg om å tore å gjere feil og utvikle seg, seier førsteamanuensis Eli-Marie Danbolt Drange (til høgre). Stipendiat Elin Maria Berg skriv doktorgrada si basert på materialet som er samla inn. Foto: UiA

Sidan 2015 har forskarar samla tekstar som norske elevar har skrive i språkfaga på skulen. Tekstane er samla frå elevar frå femte trinn til ungdoms- og vidaregåande skule.

Ei digital samling med innsamla tekstar blir gjerne kalla eit korpus. Til saman er det samla inn over ein million ord i dette korpusetn

– Så vidt vi veit er dette korpuset unikt i verda. Ingen andre korpus har samla inn autentiske tekster frå skuleelevar på fleire språk over fleire år. Det at dei same elevane er følgde gjennom fleire år, gjer at vi kan sjå korleis dei utviklar språket sitt.

Det seier førsteamanuensis Hildegunn Dirdal ved Universitetet i Oslo (UiO) som leiar den nasjonale forskingsgruppa TRAWL. Korpuset har blitt til i samarbeid mellom forskarar ved UiO, UiA, Høgskolen i Innlandet og Norges teknisk-naturvitskaplege universitet.

Unik samling

I TRAWL-korpuset kan du søkje i tekstar skrivne av elevar på engelsk, fransk, spansk og tysk. Norske tekstar er òg samla inn, fordi forskarane veit at språka påverkar kvarandre – dei språka du allereie kan, har mykje å seie for kva som er lett eller vanskeleg når du lærer deg eit nytt språk.

– Mykje av forskinga om språklæring er gjort på universitetsnivå. Her følgjer vi tekstar av elevar som er nybyrjarar i språket, og det er unikt, seier Eli-Marie Danbolt Drange ved Universitetet i Agder (UiA) som er ein av initiativtakarane bak korpusprosjektet ved UiA.

I tillegg til tekstane har forskarane òg samla inn informasjon om elevane, kalla metadata. Det gjer at forskarane mellom anna kan finne tekstar frå elevar som les mykje heime, eller som speler mykje data. Dei har òg samla inn tilbakemeldingar lærarar har gitt på tekstane.

Til forsking og utdanning

Bruksområda til tekstsamlinga er mange. I tillegg til forskning på språklæring og skriveutvikling kan den brukast i lærerutdanninga og til utvikling av læremateriell.

– Tekstane kan brukast av lærarstudentar som vil lære meir om korleis elevar faktisk skriv i skulen, og vi kan sjå om norske elevar har særskilte utfordringar, og leggje sterkare vekt på det i lærebøkene.

Det seier Elin Maria Berg. Ho har følgt prosjektet sidan studietida, og har skrive mastergrada si basert på data frå TRAWL. No jobbar ho med ei doktorgrad ved UiA, basert på samlinga.

– Frisørstudentar øver seg på dokker før dei byrjar å klippe menneske. Lærarstudentane våre kan øve seg på å vurdere elevtekstar i korpuset før dei startar å vurdere elevtekstar i skulen, seier Danbolt Drange.

Lærer meir om elevane

Arbeidet med å samle inn, anonymisere og katalogisere tekstane har vore enormt. Til saman har 48 studentassistentar på dei fire institusjonane vore med på å hente inn over 8500 tekstar, frå enkle avsnitt til tekstar på nærare 2000 ord.

Fleirtalet av assistentane i prosjektet har vore lærarstudentar. Dette har gitt dei ny innsikt i faget.

– Om du søkjer opp eit ord i ei ordbok så får du svar på kva som er rett. Eit korpus er som ei ordbok med tusen stemmer, der vi ser korleis språket faktisk blir brukt blant elevar. Eg har lært veldig mykje om korleis elevane skriv i skulen, men òg om korleis lærarar jobbar med skriving: Kva slags oppgåver dei lagar, og kva slags respons dei gir elevane, seier Berg.

Forskarane jobbar med å samle inn tekstar fram til sommaren 2023. Deretter vil dei lansere ein ny versjon av korpuset.

I samband med lanseringa av TRAWL er det publisert eit heilt nummer av det vitskaplege tidsskriftet Nordic Journal of Language Teaching and Learning. Der skriv forskarar blant anna om korleis dataspel påverkar engelskkunnskapar (dei blir betre), om korleis lærarar gir tilbakemeldingar, om kva sjangrar elevane skriv på ungdomsskulen, og om utvikling av vokabular og ulike syntaktiske konstruksjonar.