Omtale

Jåttå barnehage blir universitetsbarnehage

Fredag 29. mars signerte Universitetet i Stavanger og Stavanger kommune ein avtale om at Jåttå barnehage blir universitetsbarnehage.

Hentet fra UiS.no

Frå venstre: Jorunn Melberg (UiS), Tove Erna Belland (Jåttå barnehage), Monica Buvig Stenseth (Stavanger kommune), Elaine Munthe og Inger Benny E. Tungland (UiS)

- Det er kjekt å stå her i dag og markere at no startar vi eit pilotprosjekt i Rogaland! Det er eit spanande innovasjonsarbeid de har sagt ja til å vere med på no, sa Elaine Munthe, dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora under markeringa på fredag.

Ein universitetsbarnehage er ein barnehage som har eit særskilt tett samarbeid med eit universitet. Ideen om universitetsbarnehage bygger på ordningane med universitetssjukehus og etter kvart også universitetsskular. Frå før finst det universitetsbarnehagar i Oslo og Tromsø.

- Vi håpar at vi gjennom dette arbeidet kan lære av kvarandre, og syte for at sjølv om vi arbeidar tett med dykk i Jåttå, så kan gode erfaringar og lærdommar delast med andre barnehagar, følgde Munthe opp med.

Universitetsbarnehagen inneber eit partnarskap mellom forsking og praksis. Barnehage og universitet skal tilby ungar og barnehagelærarstudentar det mest oppdaterte av undervisning og rettleiing ved å utforske og utvikle praksis.

Les også: Desse blir Rogalands første universitetsskular

Erfaringar frå Oslo

Med på markeringa fredag var også Tove Lafton, førsteamanuensis ved institutt for barnehagelærerutdanning ved OsloMet. Ho jobbar mellom anna med universitetsbarnehageprosjektet til OsloMet, og delte erfaringar frå deira arbeid.

- Vi starta vårt prosjekt for drøye tre år sidan. Vi starta som eit innovasjonsprosjekt, og utgangspunktet var å tenke nytt om kva utdanning kan vere. Inspirasjonen kom frå universitetsskulane, men vi såg raskt at barnehagane er annleis. Einingane er mindre, personalet meir samansett og dei har andre møteplassar enn på skulane, fortalte Lafton.

I Oslo har dei jobba med å tenke heile barnehagen som ein læringsarena, ut frå ein tanke om at studentane ikkje har fått nytta ressursane som ligg i barnehagen som heilskap.

- Samarbeidet så langt har dreid seg om praksisperiodane. Vi har jobba med å inkludere heile barnehagen i praksis, ikkje berre dei einskilde praksislærarane.

Det viktigaste suksesskriteriet Lafton kan trekke fram frå erfaringane i Oslo er god forankring.

- Det betyr mykje at prosjektet har vore godt forankra både i leiinga i barnehagen og på barnehagelærarutdanninga. Det er nødvendig med eit tett samarbeid med styrar, og tid blir ein sentral faktor.

Jåttå: 230 av 7500 Stavanger-barnehagebarn

Monica Buvig Stenseth er barnehagesjef i Stavanger og takka for at Jåttå no blir universitetsbarnehage.

- Eg har tru på denne satsinga, og håpar dette vil føre til tettare dialog og betre samanheng mellom praksis og utdanning. Det viktige no er å finne ei god samarbeidsform, der alle partar er likeverdige.

Stavanger kommune har om lag 7500 barn i sine barnehagar, og er med det ein stor aktør innan barnehagesektoren.

- Vi kan ha ei rolle for å bidra med å spreie dei erfaringane som UiS og Jåttå gjer seg. Som eigar er vi svært interesserte i alle tiltak som kan bidra til å dempe praksissjokket som mange opplever når dei kjem nyutdanna ut i jobb. Eg ser fram til auka fokus på praksisperiodane, også på systemnivå. Det er til det beste både for studentane og for kvaliteten på tilbodet.

Jåttå barnehage har jobba systematisk med utviklingsarbeid heile veien sidan den vart etablert i 2011. Dette har dei gjort gjennom prosjekt som «Jåttåmodellen» og «Likeverdig lek for alle», og bruk av metodikken «barnehagevandring».

- Vi er ein stor barnehage, med 230 born, 26 pedagogar og 16 avdelingar, fortalte styrar Tove Erna Belland.

Ho følgde opp med at barnehagen gleder seg til å gå i gang, og tykkjer det er ei stor ære å ha blitt plukka ut til å bli Rogalands første universitetsbarnehage.

- Vi ønsker å bidra til at nyutdanna barnehagelærar blir betre førebudde på kvardagen dei møter. For oss blir det å vere pilotbarnehage eit godt høve til å gi og få kunnskap. Vi har klare forventningar om at dette skal vere eit likeverdig partnarskap, og vi ser fram til å få vere del av det nasjonale universitetsbarnehagenettverket. No er vi veldig spente på det som ventar oss!

Instituttleiar Jorunn Melberg ved Institutt for barnehagelærarutdanning peika på at Jåttå barnehage har ei organisering og ein pedagogisk profil som ho trur er relevant for framtidas barnehagelærarar å kjenne til.

- Det overordna målet for prosjektet er å betre utdanningskvaliteten for studentane og styrke kompetanseutviklinga i barnehagen, gjennom eit likeverdig samarbeid mellom partane, sa Melberg. No må vi gi oss sjølv den tida vi treng. Det er snakk om store organisasjonar både hjå Jåttå og UiS, og vi skal ha respekt for mangfaldet i begge organisasjonane. La oss ønske kvarandre lykke til med det nye partnarskapet! avslutta Melberg.

Foreslåtte artikler