Kule krabatar leikar – angstførebygging gjennom leik

Denne artikkelen omhandlar ei utprøving av eit leikeprogram som har til hensikt å førebyggje angst for tilbakehaldne barnehageborn. Programmet er opphavleg laga i Australia, men er omsett til norsk, og her omtalast den norske versjonen.

Leikeprogrammet Social skills and Facilitated Play Program for Shy preschoolers (norsk: Sosiale dugleikar og tilrettelagt leikeprogram for tilbakehaldne barnehageborn) er utvikla av Rapee, Lau & Kennedy (2010). Programmet rettar seg mot førebygging av angstutvikling hos 3–5-årige barn. Den norske versjonen av programmet vart gitt tittelen Kule krabatar leikar.

Kartlegging av angstlidingar hos norske barn og unge viser ein førekomst på 3 prosent blant 8–10-åringer (Barn i Bergen; Heiervang, mfl., 2007) og 1.5 prosent for ei gruppe fireåringar i Trondheim (Tidlig Trygg; Wickstrøm mfl., 2011). I eit intervju i aftenposten.no 3. september 2013 oppjusterte Wickstrøm dette talet og anslo at over 6 prosent av barna i 4-årsalderen har ein angstlidelse. Aune & Stiles (2009) fant sosial angst hos 8 prosent i ei gruppe 10–15-åringer. Variasjon i funn kan ha med kva kartleggingsmetodikk som er nytta, blant anna kva kriterium barnet vert vurdert opp mot og kven som er informant.

Helsedirektoratet har oppfordra til å byggje ut eit lågterskeltilbod med stor grad av tilgjengelegheit for born og unge med angstproblematikk (Mathiesen mfl., 2009) der tilbodet byggjer på kunnskapsbaserte og kostnadseffektive program. Mathisen mfl. (ibid.) viser til at Nordisk ministerråd foreslår å satse på intervensjonsstudium av førebyggingsmetodar. Desse tilrådingane viser at det er ei offentleg interesse for utprøving av ulike tilnærmingsmåtar i arbeidet med angst.

Dei siste åra har det vore interesse for å jobbe med angstførebygging i skulen, noko som mellom anna vert omtala i Aune & Stiles (2009) og Flaten & Heiervang (2012). Friends er eit australsk behandlingsprogram som også er utprøvd i vanleg skule med god erfaring.

Prosjektet som vert skildra i denne artikkelen, er retta mot 4-årige born. Å prøve ut eit leikeprogram som er intendert å skulle førebyggje utvikling av angstproblem hos born i førskulealder er, så vidt vi kjenner til, ikkje tidlegare gjort i Norge. Denne utprøvinga er del av eit større prosjekt, der ein og har omsett og skal prøve ut det angstførebyggjande foreldreprogrammet Cool Little Kids. Leikeprogrammet skal då gjennomførast parallelt med at foreldra får eit tilbod gjennom foreldreprogrammet Cool Little Kids, utvikla av Rapee, Lau & Kennedy (2010) ved Maquarie University, Australia.

Born med angst vert seint oppfanga og gitt tilbod Angstproblem hos born er del av ei naturleg utvikling. Litt sjenanse og forsiktigheit viser at borna kan vurdere ein situ asjon for å finne den åtferda som er best i dei ulike situasjonane. Så eit snev av angst og tilbakehaldenheit i oppveksten vert sett på som positivt (Flaten, 2013).

…. for 40 prosent av borna som utviser angstsymptom, er det risiko for at angstplagene vedvarer.


Mange born har imidlertid meir omfattande angstproblem, og for nokon vil dette halde ved og føre til angstliding. Mathisen mfl. (2009) viser til at ved 4-årsalder er det ei stabilitet i symptombelastning, og ho meiner at for 40 prosent av borna som utviser angstsymptom, er det risiko for at angstplagene vedvarer. Born med tydelege teikn på angstproblem vert lettare fanga opp og gitt hjelp.

Dei fleste born med angst vert imidlertid ikkje oppdaga, kanskje også fordi borna freistar å skjule at dei kjenner seg usikre og urolege. Dei som er i risikosona for å utvikle angst, har sjeldan så tydelege tidlege symptom at det vert tatt på alvor, og oftast antar foreldre og pedagogar at borna vil vekse det av seg (Aune & Stiles, 2009; Heiervang mfl., 2007). Dei fleste born slit difor lenge før dei får hjelp til å handtere angsten.

Følgjene av ubehandla angstproblem

Unngåing
Kjernen i angst er vegring for nye utfordringar, som å delta i ny aktivitet eller å verte kjend med nye born eller vaksne (Rapee, 2005). Hovudsymptomet er unngåing, og born kan over tid utvikle mange strategiar for å unngå situasjonar, personar eller objekt som dei synest er skremmande. Her kan born avleie ved å vere opptekne av noko anna, klage på «vondter», gråte og vere lei seg, bli sint og trassig, nekte å delta, late som det ikkje høyrer eller forstår.

Born gjer nesten kva som helst for å komme vekk frå ein situasjon som er angstutløysande. Nokre born vert heilt passive når angsten er utløyst, dei maktar ikkje å reagere, mister mimikk og evne til verbal respons, eller dei byrjar å gråte. Andre born kan verte sinte og trassige, eller dei går inn i ei klovnerolle for å unngå, og det er ikkje alltid lett å skjøne at det er angst som utløyser åtferda.

Lite sjølvstendig
Born som er engstelege, er ofte svært avhengig av foreldre og vaksne i barnehagen, og kan opplevast som klengjete og lite sjølvstendige. Borna vil gjerne vere i nærleiken av vaksne heile tida, og kan bruke kontakten med vaksne for å skjerme seg mot kontakt med born. Over tid kan dette føre til at borna får lite erfaring i det å vere saman med jamaldringar. Borna unngår utfordringar og mister høve til lærerike erfaringar og meistringsopplevingar som er viktige for å byggje sjølvkjensle og for å tore vidare utprøving.

Når vaksne prøver å presse borna til å prøve ut noko nytt, kan det utløyse gråt eller sinne, og den vaksne opplever at det å presse borna fører til så mykje stress at ein gjev opp. Unngåing og vegring vert åtferdsmønsteret til barnet, og over tid hindrar det viktige utviklingserfaringar. Her ser ein at det som tar til som eit lite problem, over tid kan vekse til ein omfattande problematikk der barnet sin kvardag er prega av angst og unngåing.

Bekymring
Angst fører til bekymring. Borna klarer ikkje å leggje vekk tankane på kva som kan verte vanskeleg eller kva det ikkje får til. Bekymring gjer at borna krev mykje stadfesting frå vaksne, noko som gjer seg utslag i at det spør fleire gonger om det same. For eksempel kan born kvar dag spørje om foreldra hugsar å hente det i barnehagen, sjølv om det aldri er blitt gløymt.

Alle overgangar skaper uro hos borna og utløyser uvisse som er krevjande for born og foreldre å handtere. Å slutte i barnehage for å ta til på skule er angstutløysande. Å delta på organiserte fritidsaktivitetar eller gå til leikeplassen i nabolaget kan vere vanskeleg. Barnet kan og ha vanskar med å leggje seg til å sove. Dei kan verte svært tilbakehaldne eller svært utagerande, og stiller store krav til oppfølging frå foreldra.

Kjernen i angst er vegring for nye utfordringar.

Påverkar læring
Omgrepet angstinterferens (Svirsky & Thulin, 2006) viser til at angst har negativ effekt på læring. Evna til konsentrasjon og den tankemessige fleksibiliteten som er naudsynt for å ta inn og assimilere ny kunnskap, vert redusert når born er i ein situasjon som utløyser angst. Borna kan få vanskar med å vise fram ferdigheiter og kunnskap. Slik sett kan angstproblem som ikkje vert behandla i tidleg alder, føre til lærevanskar i skulen. Ved overgang til skule kjem og prestasjonsangst inn når det gjeld fag og læring, noko som kan forsterke vanskebilete.

Om programmet

Programmet Social skills and faciliteted play program for shy preschoolers fekk den norske tittelen Kule krabatar leikar. Dette er eit program som nyttar leik i direkte trening med borna. Programmet går over 6 økter, der borna møtes i gruppe for å øve på sosiale dugleikar som å presentere seg eller spørje nokon om dei skal leike saman. Programmet er tenkt som eit supplement til foreldretreningsprogrammet Cool Little Kids (Rapee, Lau & Kennedy, 2010), som er eit angstførebyggande program for foreldre til born i alderen 3–5 år som viser symptom på angst.

Førebuing
Leikeprogrammet er utvikla av dr. Robert Coplan i Canada og utprøvd av dr. Ron Rapee og Elizabeth Lau i Australia. Programmet vart omsett til norsk som eit samarbeid mellom Sogndal BUP, Helse Førde og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RBKU), Vest. Før gjennomføring vart prosjektet førelagt Regional Etisk Komite (REK) Vest, for å sikre at etiske sider ved utprøvinga vart tatt i vare.

Programmet vart gjennomført hausten 2012, i samarbeid med den lokale helsestasjonen. Alle borna født i 2008 og busett i kommunen vart invitert til å delta i leikegruppa. Invitasjon kom i form av brev med kort informasjon om programmet, og det var tydeleggjort kva born som var i målgruppa for programmet. Dette var til dømes born som heller klengjer på foreldra enn å vere saman med andre born, og som vegrar seg for å delta i fritidsaktivitet, leik eller samvær med andre born.

Invitasjonen vart sendt direkte til foreldra, og dei vurderte om deira born hadde tarv for trening i å verte tryggare sosialt. Til saman vart det sendt ut 103 invitasjonar. Helsesøster vart informert om føremålet med prosjektet, og hadde høve til å oppfordre foreldre til å delta, noko som vart gjort. Samla vart åtte born i 4-årsalderen melde på gruppa, tilsvarande åtte prosent av antall born som fekk invitasjon. Av desse åtte var det seks born som deltok på alle gruppeøktene.

Læringssekvens
Kvar økt starta med ei fellesstund på ca. 10 minutt der leiarane fortel om kva dugleik borna skal trene på. Handdukker vart nytta for å konkretisere, og leiarane er viktige som rollemodellar for å gje borna innsikt og forståing.

Utprøving gjennom leik
Borna prøver ut dugleikar saman med dei andre borna i gruppa. Utprøving skal vere leikeprega, og det vert ikkje utført press eller tvang om nokon av borna vegrar seg for å delta i nokon av øvingane. Det er lagt vekt på å gje ros til borna som utførde eller prøvde å utføre dugleikane dei har lært. Leiar kan oppfordre borna til å prøve ut ein dugleik. Førskuleborn lærer best gjennom konkret innlæring, og øvingane er truleg det som har størst læringseffekt.

Innhald i øktene
Kvar økt varer opp til ca. 90 minutt, 10 minutt undervisning og 80 minutt frileik. Det var ein dugleik som var i fokus for kvar gong. Frå andre økt var det og lagt inn repetisjon av dugleikar lært tidlegare i programmet. Programmet er retta spesifikt mot dugleikar born som er sosialt engstelege har vanskar med å bruke. Målet med programmet er å lære borna sosiale dugleikar og å støtte dei i å trene på desse i leik med andre born. Under frileik er gruppeleiar til stades og minner borna på kva dugleik dei skal øve på, og rosar dei som bruker dugleikane som vert trent.

Første økt: Å presentere seg sjølv og spørje nokon om å leike.
Andre økt: Repetisjon. Å gje hyggelege kommentarar til kvarandre, seie kva ein liker og ikkje liker, og fortelje om eigne interesser.
Tredje økt: Repetisjon. Trene på å ha passande augekontakt.
Fjerde økt: Repetisjon. Vise kjensleuttrykk som glad og lei seg.
Femte økt: Repetisjon. Korleis kjenner vi at vi er redd, og trene på å slappe av.
Sjette økt: Repetisjon. Kva kan ein gjere når nokon ikkje vil leike med deg.

Leiar
To vaksne personar er med, der den eine er leiar og den andre er med-leiar. Samspelet mellom dei vaksne er ein del av undervisninga, dei er rollemodellar for dugleik og kjensler. Det vert og nytta handdokker som leiaren kan snakke gjennom for å få fram kjensler, til dømes å grue seg, vere usikker, eller glad. Programmet inneheld dialogar for handdokkene, der dei drøftar kva dei kan gjere i dei ulike situasjonane.

I leiken vart materiale gjort tilgjengeleg slik at leikeaktivitet som er vanleg i barnehage kunne skje. Aktivitetar som kan gjerast åleine eller saman med andre, til dømes puslespel, var tilgjengelege. Om borna byrja med dette, skulle dei oppfordrast til å ta med eit anna born i aktiviteten.

Dersom nokon av borna vart svært urolege og forstyrrande for gruppa, måtte leiar prøve å roe dei ned ved å få dei inn i aktivitet. Fyrst ved å gjere munnleg avtale og om det ikkje fører til at barnet kjem i gang med aktivitet, vert det tatt ut av rommet. Svært tilbakehaldne born vert gitt verbale oppmuntringar om å prøve ut nokon av leikeaktivitetane. Gruppeleiar går inn i individuell leik dersom barnet ikkje på annan måte kjem i gang med leikeaktivitet, men då berre i nokre få minuttar. Det skal ikkje vere slik at born vert lønna med vaksenkontakt dersom dei ikkje kjem i gang med samleik med dei andre borna i gruppa.

Foreldra skal ikkje vere til stades i rommet saman med borna. Sida leikeprogrammet er tenkt som eit supplement til foreldretreningsprogrammet Cool Little Kids (Rapee mfl., 2010), kan programma gjennomførast parallelt.

Tilpassing av programmet
Grunnlaget og systematikken som var gitt i programmet ga gode rammer for innhald og gjennomføring, og vart gjennomført som planlagt. Samstundes vart det i vår gruppe naudsynt med noko tilpassing under gjennomføringa av programmet.

Den eine leiaren som skulle delta, vart sjuk rett før fyrste økta. For å halde dei oppsette tidspunkta vart gruppa gjennomført med berre ein vaksen gruppeleiar. Dei korte samlingsøktene med informasjon om dugleikane kan gjennomførast av ein vaksen, men for å sikre at borna kjenner seg trygge under leikeøktene, og at ein kan sjå og rose når borna utfører ein dugleik, krev at fleire vaksne er til stades. Foreldra vart difor invitert til å vere med borna i gruppa.

Dette viste seg å fungere godt, og ein valde difor å gjennomføre heile programmet med ein leiar og foreldre som støtte og rollemodellar i undervisningsøktene. Under leikesekvensen vart foreldra oppmoda om å trekkje seg vekk frå borna. Foreldra var lydhøyre og trakk seg vekk når dei blei oppfordra til det. Som rollemodellar kan ikkje denne foreldregruppa rosast nok. Dei følgde godt med på instruksjon og støtta godt opp om heile barnegruppa, ikkje berre eige born. Slik fekk og foreldra tett informasjon gjennom heile programmet og kunne følgje opp dette også utanfor gruppeøktene.

Bruk av handdokker fungerte ikkje i denne gruppa. Borna mista fokus når handdokkene vart nytta, så etter andre samling vart ikkje dokkene nytta i undervisningssekvensen. Kanskje dette hadde vore annleis med to vaksne gruppeleiarar som betre kunne vise samspel mellom handdokkene. Å gje borna høve til å bruke dokkene på eiga hand fungerte heller ikkje i denne gruppa. Dei miste då fokus på dugleikane og var meir opptekne av å få dei største og skumlaste handdokkene, ein krokodille og ein ulv. Dei mindre skumle handdokkene, lam og kanin, var det lite interesse for.

For å sikre best mogeleg frammøte vart gruppeøktene lagt til etter arbeidstid for foreldra. Det var då langt på dag for borna, og det vart difor sett fram både frukt og drikke til born og foreldre, noko som var populært. Lengda på leikeøktene vart noko tilpassa etter kva borna makta på slutten av ein allereie lang dag, og lengda på gruppeøktene varierte mellom 75–90 minutt.

Foreldre vart inviterte til foreldremøte ei veke før oppstart, og oppsummeringsmøte ein månad etter siste leikegruppe. Her gav dei tilbakemelding på at deltaking i gruppa hadde verka positivt for borna. Borna hadde sett fram til å delta i gruppeøktene, og dugleikar lært i gruppa vart brukt også utanfor gruppeøktene.

Det vart og drøfta kva reaksjonar foreldre hadde på å få invitasjon til å delta i dette prosjektet, og om ein slik invitasjon er nok til å rekruttere foreldre til born som treng denne typen støtte. Det kom fram her at foreldre til born med mindre grad av angstproblem vil ha lettare for å delta i eit slikt prosjekt. Der borna har store angstproblem, vil foreldra kanskje vere meir vegrande for å delta, og også ha større vanskar med å motivere borna til å delta i ei gruppe der dei skal jobbe med nettopp det barnet synest er vanskeleg.

Erfaring frå prosjektet

Programmet har ein god struktur for rekkefølga dugleikane vart presentert i. Utprøvinga vart gjennomført i den rekkefølge programmet la opp til. Gruppeleiar opplevde at dugleikane som var valt ut, var godt tilpassa dei utfordringane borna hadde, og som dei trong å trene på. Informasjonen ved starten av kvart møte var klar på kva dugleik som skulle øvast. Leikeøktene etterpå var lagt opp til fri leik, og hadde difor ikkje spesifisert leikeaktivitet.

Born som kjende kvarandre, var flinke til å komme i gong med samleik, som gav ein god arena for å rose borna for å nytte dugleikane som vart øvd på gjennom programmet. Samstundes kunne samleik mellom born som kjende kvarandre verke ekskluderande overfor dei andre borna, og det kunne og verka hemmande for det barnet som ynskte å ha kontakt med andre i gruppa. Born som ikkje kjende nokon av dei andre borna i gruppa, trong støtte til å komme inn i leiken.

Her vart borna som leika to og to oppfordra til å invitere andre inn i gruppa. Leik som var fysisk og ikkje stilte store krav om verbal kommunikasjon eller tett interaksjon, til dømes det å rulle på golvet eller turne, viste seg å vere den aktivitetane der borna i størst grad gjekk inn i samleik med born dei ikkje kjende.

Å seie namnet sitt og mime sint og glad var dugleikar borna meistra godt. Dei retta fokus mot gruppeleiar når dei gjorde dette, og trong tid og oppmuntring til å gjere det same med fokus mot dei andre borna.

Leikeprogrammet vart opplevd å vere godt tilpassa målgruppa born som er sosialt usikre og engstelege.

Det som var vanskelegast for denne gruppa born var å gje kompliment til den vaksne som sat med dei i gruppa. Foreldra var gode rollemodellar, men det var tydeleg at borna opplevde dette som vanskeleg. For å få i gang det å gje kompliment vart borna oppfordra til å lære av kvarandre. Så når eit barn kom på å seie til foreldra at denne hadde fine sokkar, vart det ei runde der alle borna sa til forelderen at sokkane var fine.

Sidan foreldra sat i gruppa saman med borna ved informasjonsøkta, var dei godt informerte om kva dugleik borna skulle øve på. Dei kunne difor oppfordre borna om å prøve ut det dei hadde lært også utanfor gruppeøktene, og rose barnet om dugleikane vart nytta. Attendemelding frå foreldra synte at borna brukte dugleikane utanfor gruppeøktene, og gjerne nokre veker etter at dei hadde øvd på det i gruppa.

Det som hadde vore vanskelegast i gruppa, å seie noko fint til ein annan, var ein dugleik som foreldre rapporterte at born hadde tatt til seg og nytta etter at gruppa tok slutt.

Avsluttande kommentar

Leikeprogrammet vart opplevd å vere godt tilpassa målgruppa born som er sosialt usikre og engstelege. Dugleikane som vart øvd på var klart noko borna trengde å øve på, og samstundes trong dei tid til å komme i gang og prøve ut det dei lærte.

Det å ha foreldre med under gruppeøktene var ein absolutt ressurs. Foreldra fekk og tips om kva åtferd dei kunne forsterke for å støtte borna i det og verte tryggare sosialt.

Gjeldande utprøving var ei gjennomføring av sjølve leikeprogrammet, og innebar ikkje registrering av informasjon om borna. Denne gjennomføringa kan tyde på at borna som deltok i Kule krabatar leikar lærte dugleikar som kan gjere det lettare å få kontakt med og vere saman med andre born. Det ville vore svært interessant å gjennomføre programmet med registrering av informasjon før og etter programmet om borna sin grad av angst. Ein ville då kunne sett om programmet er med og støtter auka sosial interaksjon og redusert grad av angst hos borna.

Forfatterbilde

Kirsten Flaten

Kirsten Flaten er utdannet grunnskolelærer, med cand.ed. spesialpedagogikk og cand.polit.psykologi. Hun er ansatt som dosent ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Hennes forskningsinteresse er rettet særlig mot psykisk helse og angst, og hun har de siste årene arbeidet med utprøving av angstforebyggende program for aldersgruppen 3-5år. 

Flaten har skrevet flere bøker om angst og oppvekstforhold. 

Forfatterbilde

Bente Storm Mowatt Haugland

Bente Storm Mowatt Haugland, er dr psychol og spesialist i klinisk psykologi., ansatt som senior forsker ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – psykisk helse og barnevern  (RKBU Vest), Uni Research Helse. 

Litteraturhenvisninger

Aune, T. & Stiles T. (2009). Universal-based prevention of syndromal and subsyndromal social anxiety: A randomized controlled study. Journal of Consulting and Clinical Psychology, 77, s. 867–879

Cartwright-Hatton, S., Laskey B., Rust S. & Mcnally D. (2010). From timid to tiger. UK: Wiley-Blackwell.

Coplan, R. & Schneider B. (2010). Social skills and Facilitated Play Program for shy preschoolers. Tilpassa av Lau, Rapee og Coplan (2010) 

Egger, H.L. & Angold, A. (2006). Common emotional and behavioral disorders in preschool children: presentation, nosology and epidemiology. Journal of Child and Psychology and Psychiatry, 47, s. 313–337.

Flaten, K (2013). Barnehagebarn og angst. Gyldendal Akademisk 

Flaten, K. & Heiervang E.R. (2012). Program for forebygging av angst. Et pilotprosjekt gjennomført på 5. klassetrinn. Spesialpedagogikk, nr. 10, s. 43–49.

Heiervang, E., Stormark, K.M., Lundervold, A.J., Heiman, M., Goodman, R., Posserud, MB., Ullebø A.K., Plessen K.J., Bjelland, I., Lie, S.A. & Gillberg, C. (2007). Psychiatric disorders in Norwegian 8to 10-year-olds: an epidemiological survey of prevalence, risk faktors, and service use. Journal of American Academy of Child and Adolescent Psychiatry 46(4) s. 438–447.

Hirshfeldt-Becker, D.R & Biederman J. (2002). Rationale and principles for early intervention with young children at risk for anxiety disorders. Clinical Child and Family Psychology Review, 5, s. 161–172. 

Kennedy, S., Rapee, R. & Edwards, S. (2009). A selective intervention program for inhibited preschool-aged children of parents with an anxiety disorder: Effects on current anxiety disorders and temperament. Journal of American Academy of Child and Adolescent Psychiatry, 48, s. 602–609.

Mathisen, K., Karevold E. & Knudsen, A.K. (2009). Psykiske lidelser blant barn og unge i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet.

Pahl, K., Barrett P. & Gullo M. (2012) Examining potential risk factors for anxiety in early childhood. Journal of Anxiety Disorders, 26, s. 311–320.

Rapee, R., Lau E. & Kennedy S. (2010). Cool Little Kids. Arbeidsbok for foreldre og manual for terapeut. Sydney: Center for Emotional Health, Macquarie University. Norsk versjon. Bokmål. Oslo: RBUP & Bergen; RKBU (2012).

Rapee, R., Kennedy, S., Ingrams M., Edwards, S. & Sweeney, L. (2005). Prevention and early intervention of anxiety disorders in preschool children. Journal of Consulting and Clinical Psychology, 73, s. 448–497. 

Svirsky, L., Thulin, U., & Öst, L-G. (2006). Mer än bara blyg: om social ängslighet hos barn och ungdomar. Stockholm: Cura.

Wichstrøm, L., Berg-Nielsen T.S., Angold A., Egger H.L., Solheim, E. & Sveen T.H. (2011). Prevalence of psychiatric disorders in preschoolers. Journal of Child Psychology and Psychiatry 53 (6) s. 695–705. 

Wichstrøm, L. (2013). Intervju. Aftenposten.no, 3. september, 2013

Foreslåtte artikler