Me kan utnytta rolleleiken i begynneropplæringa i mykje større grad enn mange gjer i dag. For leiken opnar opp for elevane sitt eige initiativ og trong til utforsking og eksperimentering. Men korleis kan skulen nytta denne leikekompetansen i lese- og skriveopplæringa? Førsteamanuensis Anne Håland viser korleis elevar på 1. trinn skriv, les og leiker i Sjukehusleiken.

Tradisjonelle skuleorienterte aktivitetar som bokstavforming har mykje fokus på 1. trinn. Det må til, men det er synd dersom det å læra seg lese- og skrivekunsten blir redusert til sporing og staving. Eg trur at me ikkje har sett alle moglegheitene til skriftspråkstimulering som ligg i leiken, spesielt i rolleleiken.

Sjukehusleiken er eit eksempel på ein språkstimulerande leikesituasjon som legg til rette for skriftspråkleg undring og oppdagingar, og som kan vera med på å viska ut skiljet mellom leik og læring. Andre variantar som er bygd over same lest som Sjukehusleiken kan vere for eksempel Flyplassleik eller Avisredaksjon-leik.

I dette eksempelet er Sjukehusleiken ganske omfattande, men det er fint mogleg å laga enklare variantar som godt let seg integrera i skulekvardagen. Eksempelvis har mange klassar stasjonsundervisning. Ein stasjon kan gjerne vera ein leikestasjon der ein skal skriva. Då kan det vere lurt å bruke litt tid på kvar stasjon, slik at elevane får høve til å komme godt inn i leiken. Erfaringar med veileda skriving tilseier at skriveøktene ikkje bør vera på mindre enn 20 minutt.

Leikemiljøet

Leikemiljøet bør vera innreia slik at det appellerer til å ta skrifta i bruk. Det vil seia at elevane har rik tilgang på skrivereiskapar av ulik kvalitet, frå blyantar til tjukke tusjar, og at dei har tilgang til papir, papp og konvoluttar av ulikt slag (konvoluttane må gjerne vera brukte). Undersøkingar syner at barn tek skriftspråket i bruk i leiken dersom dei har god tilgang til skrivesaker (Høigård 1999, s. 275). Skriveutstyret bør dessutan vera plassert slik at det reint estetisk innbyr til leik, og slik at det minner om ein autentisk skrivesituasjon.

Sjukehusleiken

William sit i kø på legekontoret, som med Martin si skrift har blitt til ”lekekontor”. Han har vondt i hovudet og treng medisin. Legen må difor skriva ut resept. På resepten står det: ”Hodetablet WILLIAM Han vont I Hode”. På apoteket sit Embla og Eivind. Dei lagar til medisin i små medisinbeger. Utanpå klistrar dei små namnelappar med namnet på medisinen. ”kolamedisin” står det på ein av lappane. I eit anna hjørne av klasserommet sit Vilde. Ho har laga til skilt: ”inskriving”. Også her sit det pasientar i kø for å bli skrivne inn på sjukehuset. Vilde skriv namna til pasientane på ei papir-remse som ho festar rundt armen deira.

Marius er ein ivrig operasjonslege. Han opererer og er stadig klar til å ta imot nye pasientar. Sjukehusdirektøren (lærar i rolle) kjem til operasjonsstua og peikar på at dei manglar skilt. Direktøren poengterer at skilt er viktig, fordi ingen andre enn dei som er med på operasjonen har lov til å koma inn her. Operasjonslegane Marius og Kjell Aksel skriv då ”AdgafårbutÅpersjon”. I eit anna hjørne er det sjuke pasientar på ”Avd. Hjertesyk”. Pasientane blir passa på, undersøkte og får medisinen sin. Då sjukehusdirektøren kjem på besøk, vil ho at dei skal skriva journalar til kvar pasient. Vilde skriv då ”SILJE-H BREKT FOTEN”.

Rammeleik

Denne typen leik kallar Stig Brostrøm for rammeleik (Brostrøm 1995). Rammeleiken er meir regissert enn den vanlege frie leiken, nettopp ved at det blir gitt nokre rammer for leikinga, til dømes på flyplassen eller, slik som her, på sjukehuset.

Brostrøm meiner at rammeleiken skal springa ut frå elevane sitt engasjement, det er dei som skal planleggja leiken. Initiativet kan komme frå læraren, men med elevane som viktige inspirasjonskjelder.

I rammeleiken får elevane så tildelt ulike roller og oppgåver. Det er viktig å merka seg at elevane berre kan delta i rammeleiken dersom dei kan førestilla seg rolla og handlingane dei har fått tildelt. Likevel er det mogleg å leggja tilhøva til rette slik at skriftspråket inngår som ein naturleg del av leiken, utan at det spontane i leiken vert øydelagt.

Tilpassa opplæring

I sjukehusleiken blir det lagt til rette for at elevane kan ta skrifta i bruk på det stadiet dei er i i skriveutviklinga. Nokre elevar skriv enkle bokstavar, tal og teikn som skal representera ord, altså ei form for leikeskrift. Truleg vil desse elevane ta fleire og fleire bokstavar i bruk i skrivinga si etter kvart som dei blir meir kjende med bokstavane. Andre elevar vil kanskje skriva rett med ein gong. t.d. resept. Læraren må då vera den kompetente andre som syner eleven dei orda han har bruk for. Slik kopiering er nødvendig fordi eleven kan utforska dei tekniske sidene ved skrivinga. Men denne kopieringa kan òg gi mot og engasjement til å forma ord sjølv. Ved å skriva sjølv får eleven høve til å analysera si eiga skrift i lydar og bokstavar. Dette var svært tydeleg i klassen som leika sjukehusleiken i eksempelet over. Då Marius og Kjell Aksel skulle laga skilt til operasjonsstua, analyserte gutane orda dei hadde bruk for i lydar, som igjen vart nedteikna bokstavar. I denne prosessen var gutane pådrivarar for kvarandre, eller støttande stillas om du vil. Også læraren fekk ei slik pådrivar-rolle i sjukehusleiken.

Læraren som pådrivar

Ja, for læraren kan gjera langt meir enn å skaffa det nødvendige skriveutstyret og leggja tilhøva til rette for leik. Eg trur også at læraren medvite kan byggja opp leikesituasjonar kor skriving er ein naturleg og nødvendig del av leiken. Ved å iscenesetja ulike leikekontekstar, t.d. avisredaksjonen og på flyplassen (sjå under), kan læraren gå inn i rolla som redaktøren eller flyplassjefen og slik vera pådrivar for ulike skriveaktivitetar.

Det er ikkje nødvendig at læraren er i rolle heile tida. Det er meir snakk om at ein er pådrivar og at ein ved enkle rekvisittar (t.d. ei jakke) kan gå inn og ut av rolla når det høver. Slik kan ein utvikla leiken: ”No har sjukehusdirektøren bestemt at han vil gå på besøk til alle pasientane. Og sjukehusdirektøren vil gjerne sjå journalane til pasientane.”

I sjukehusleiken er læraren pådrivar gjennom bevisstgjerande og læringsfremjande dialogar.

Dialogane kunne gi rom for språkleg undring på mange nivå slik som her: «No har du skrive A-v-d. Då kan du setja punktum.» «Kvifor det?» «For å sleppa å skriva så lange ord brukar me ofte forkortingar. Avd. er forkorting for avdeling.»

Det er også naturleg at ein hjelper til med å skriva ord som elevane har bruk for, at ein hjelper elevane med å analysera ord. Med læraren og elevar i rolle kan skrivinga vera leik, samstundes som det er tilpassa utforsking av bokstavar. Men slik iscenesett skriftspråk-stimulerande leik vil òg gje kunnskapar om kva me nyttar skrifta til (resept), og ikkje minst kan slike leikesituasjonar gje kunnskapar om korleis me brukar skrifta for å oppnå det me ynskjer: Adgafårbut.

Skriving og lesing

I sjukehusleiken er skrifta ein naturleg del av leiken. Skrifta har ein nødvendig funksjon. Forsking syner at når skrifta har ein funksjon, ei meining i leiken så aukar lese- og skrivekompetansen deira (Christie i Brostrøm 2002). Mange peikar dessutan på skriving som ein naturleg veg inn i lesinga (Chomsky i Austad 1991).

Det har dessutan blitt hevda at skriving er ein enklare prosess enn lesing. Når eleven skriv, kan han mellom anna gjera seg ferdig med ein lyd/bokstav-kombinasjon om gongen, han slepp å halda mange lydar i korttidsminnet samstundes (Austad 1991, s. 41). Skriftspråkstimulerande leik kan såleis stimulera sjølve leseprosessen.

Fem- til sjuårsalderen er dessutan ein god alder for arbeid med skriftspråkstimulerande leik fordi elevane har føresetnader for å skriva seg inn i lesinga, nettopp fordi dei då kan forma bokstavar og for at dei då er motiverte for å knekkja den alfabetiske koden (Hagtvet 2002, s. 374). Skriftspråk-stimulerande leik kan altså læra elevane noko om funksjonen skrifta har og gjera koplinga mellom lyd og bokstavar tydelegare.

Gjennom skriftspråkstimulerande leik slik eg har skissert ovanfor, trur eg at elevane kan få ei naturleg interesse for lesing og skriving nettopp gjennom leik, men med ein tydeleg vaksen pådrivar. Det siste trur eg ikkje har vore tydeleg nok presisert dei siste åra. Leik har vore jamgodt med barn sin frie leik utan at vaksne blandar seg inn. Å nytta skriftspråkstimulerande leik på den måten som det her er skissert, gir rom for både leik og tilpassa skriveundervisning. 

 
Leik:  Yrke/elev: Elevaktivitetar: Skriveaktivitetar:

Sjuekhusleik
Lærar i rolle som sjukehusdirektør

Lege
Sjukepleiar
Pasient
Apotekar

Ta røntgen
Ta blodprøve
Dela ut medisinar
Legesjekk
Dela ut mat
Laga medisinar (apotek)
Pasientar/lege/sjukepleiar

Skriva namn på pasientane
Teikna røntgenbilete
Laga og fylla ut blodprøveskjema
Laga reseptar
Skriva namn på medisinar
Skriva sjukejournal
Meny

Flyplassleik
Lærar i rolle som flyplassjef

Flygar/flyvert
Politi
Reiseleiar
Bankfunksjonær
Kaféeigar
Flyteknikar
Teknsik sjekk av flyet
Selja billetter
Sjekke inn bagasje
Kontrollera pass
Styra flyet

Laga billettar
Laga reklameplakatar
Laga pass
Laga merke til bagasjen
Laga og fylla ut skjema til teknisk flysjekk
Laga pengar
Senda kort?

Avisredaksjonen
Lærar i rolle som redaktør
Journalist
Redaktør
Resepsjonsvakt
Laga avis. Gjerne klippa og lima frå ulike blad og aviser. 
Ta telefon.

Skriva nyheiter
Teikna nyheiter
Skriva annonser, kjøp og sal
Skriva beskjedar