Sidan kommunane fekk det fulle økonomiske ansvaret for drift av grunnskulen, har mange små skular blitt lagde ned. Det blir hevda at små skular ikkje er fagleg på høgd med dei større skulane. Men det finst ikkje fagleg dekning for ein slik påstand.

Neverdal skole. Fotograf: Rita Jensen

For mange år sidan intervjua eg skulesjefen i ein telemarkskommune. Dette var på 1960-talet, mot slutten av førre periode med skulenedleggingar. Han kunne tilfreds slå fast at no hadde vi fått «eit lettdrive skulestell» med berre ein kombinert barne- og ungdomsskule. Så blei det stilt om skulenedleggingar fram til sist på 1980-talet.

For kommunane var det lite eller ingenting å vinne på å leggje ned skular fordi staten langt på veg tok rekninga gjennom øyremerkte tilskott. Fagfolk og fagpolitikarar på ulike nivå hadde festa lit til det forsking her heime og i andre land viste om at ungane lærer like godt i små som i store skular og at det var mange fordelar for elevar, foreldre og lokalsamfunn om skulane er nærmast mogleg for flest mogleg. Då Noreg var fattig, blei skulane ikkje lagde ned av økonomiske grunnar.

Kommunalt økonomisk ansvar

I 1986 fekk kommunane det fulle økonomiske ansvar for drift av grunnskulen. Ei samla «alt i ein sekk»-overføring frå staten skulle gje kommunane større handlingsrom og gjere det lettare å sjå ressursbruken på dei ulike sektorane for tenesteyting i samanheng. Nye oppgåver på eitt felt, til dømes på sosialog helsesektoren, krev innsparing på andre. Nedlegging av små skular kan hjelpe mange kommunar til å berge budsjettbalansen og halde kommunen klar av fylkesmannens Robek-liste. Så har då òg skulenedleggingane kome for fullt.

Nordlandsforskning har i ei ny kartlegging vist at talet på grunnskular i landets 140 mest grissgrendte kommunar frå 1990 fram til i dag er redusert frå 500 til 300 (Solstad og Solstad 2015). Men skulenedleggingar skjer i alle kommunetypar. På landsbasis er det over dei siste 20 åra lagt ned om lag 50 skular årleg, godt over halvparten av desse med færre enn 30 elevar. Men det er i dei seinare åra ein klår tendens til at barneskular blir lagde ned sjølv om elevtalet er godt over 50. Nedlegginga av Neverdal skule, som Meløy kommunestyre vedtok like før jul 2015, er eit godt døme.

Tilfellet Neverdal skule

Neverdal-skulen med noko over 60 elevar var ein rimeleg stor bygdeskule med ein drivande lærarstab som mellom anna har gjort at skulen over fleire år har utmerka seg positivt reint fagleg, og ein skule som har ei entusiastisk foreldregruppe og eit heilt bygdesamfunn i ryggen. I dette tilfellet, som i svært mange andre tilfelle når så pass store skular blir lagde ned, er dei økonomiske innsparingane, sjølv på kort sikt og i eit reint bedriftsøkonomisk perspektiv, diskutable, slik det går fram av ein tidlegare rapport frå Nordlandsforskning (Rønning et al. 2003).

Eg var til stades på eit stort folkemøte i Neverdal like før det famøse kommunestyrevedtaket. Representantar for fire av dei seks partia i kommunestyret var til stades. Ut frå det som kom fram på møtet, mellom anna om økonomiske sider ved saka, skulle ein ikkje tru at det samla kommunestyret berre få dagar etterpå med klårt fleirtal vedtok å leggje ned skulen i Neverdal. Kva er det som driv den fagbyråkratiske og politiske leiinga i ein kommune til slike vedtak som foreldre og eit samla lokalsamfunn fører ein årelang kamp mot?

Grunnar for nedlegging

Av 2015-kartlegginga vår går det fram at dei to grunnane for skulenedlegging som det oftast blir vist til frå kommunenivået, er (1) lågt og minkande elevtal og (2) økonomi. Desse to grunnane blir trekte fram i 70–80 prosent av tilfella. Som den tredje viktigaste grunnen, nemnd i nærmare halvparten av tilfella, kjem omsynet til kvaliteten på skuletilbodet. Og «kvalitet» synest i dag, så vel for politikarar på alle nivå som for folk flest, å vere avgrensa til det som blir fanga opp av nasjonale og internasjonale kunnskapsprøver i nokre få skulefag.

I tilfellet Neverdal er, som vi har sett, elevtalet ikkje lågt, og det er heller ikkje minkande. Den økonomiske vinninga ved nedlegginga kan ikkje vere stor og er i alle fall ikkje godt dokumentert. Kvalitativt sett synest skulen å vere ein plussvariant. Skulen har vunne i alt fem Nysgjerrigperprisar, i 2013 førstepris. Med elevane som datainnsamlarar og medforfattarar har skulen gjennom dei seinare åra gjeve ut tre innbundne bøker over lokale emne, mellom anna om stadnamn. Dette vitnar om ein skule som set seg mål, satsar på kreativitet og evner å motivere elevane over tid. Ein kunne vere freista til å spørje om den kommunale leiinga i Meløy, og i mange andre kommunar, tenkjer som den skulesjefen eg siterte i innleiinga: dess færre skular i kommunen, dess meir lettdrive, og rasjonell blir skulesektoren. I Meløy kan det bli krevjande å nå målet om berre ein skule, men mange andre kommunar er alt komne dit. Av vårt grissgrendtutval på 140 kommunar har nærmare 30 nådd «målet». Vi hadde då òg fleire kommentarar frå slike kommunar om at no var det berre kommunesamanslåingar som kunne opne for nye skulenedleggingar – og, kan vi leggje til, ein endå meir sentralisert skulestruktur i landet. Nett no (juli 2016) ser det kanskje ikkje ut til å bli nokon omfattande kommunereform i denne omgang.

I tilfellet Neverdal kan det ikkje seriøst argumenterast med at Neverdals-elevane ved å kome til den større skulen på Spildra blir sikra eit betre pedagogisk tilbod. Men på landsbasis kan det sjå ut som at éin fagpedagog (professor Thomas Nordahl) og éin fagleg toppbyråkrat (tidlegare direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim) gjennom dyktig bruk av TV, andre media og talarstolar har lukkast i å nå ut med ein bodskap om at skular må vere store for at ein kan lite på at dei òg er gode.

Når det blir slått fast på Dagsrevyen (22.01.10) av ein tilsynelatande svært så seriøs og tillitvekkjande person som professor Thomas Nordahl at «internasjonal forsking har vist» ein positiv samanheng mellom elevtal på skulen og læringsresultat, og når direktøren for Utdanningsdirektoratet på KS-arrangement for ordførarar og rådmenn landet rundt slår fast at analysar av norske nasjonale prøver viser det same, ja så er det vel ikkje til å undrast over at folk bit på. For politikarar på ulike nivå og for toppbyråkratar kommunalt og fylkeskommunalt er dette òg «gefundenes Fressen».

Her kan vi argumentere og leggje til rette for skulenedleggingar ut frå ein ideell argumentasjon om eit betre pedagogisk tilbod for barna, som jo alle vil ha, og på same tid oppnå ein meir rasjonell skulestruktur i kommunen. Og på nasjonalt nivå kan ein vel tenkje som utdanningsstatsråd Kristin Halvorsen kanskje gjorde i 2013 då ho slo fast at mange skulenedleggingar galdt skular med færre enn 34 elevar, og slike skular var ikkje fagleg gode nok.

Vi kan trygt la kommunane hjelpe til med å gje landet samla sett eit noko mindre kostnadskrevjande skulestell. Men då ho i intervjuet der ho kom med utsegna om tvilsam kvalitet på slike små skular, fekk spørsmål om dokumentasjon, måtte ho melde pass. Dei kjeldene som den nemnde professor og direktør har vist til, og som Kristin Halvorsen truleg var orientert om, står nemleg ikkje til truande for nokon som helst konklusjon om ein samanheng mellom storleik på norske grunnskular og elevane si skulefaglege læring.

Falske profetar

Thomas Nordahl har heilt frå 1990-talet i debattar og debattinnlegg argumentert med at små skular ikkje kan gje tilstrekkeleg fagleg stimulans til elevane, men ikkje før i 2007 kunne han leggje fram forsking som støtte for dette synet. I eit innlegg i Hamar Arbeiderblad (03.05.07) viser Nordahl til sin eigen studie av ungdomsskuleelevar i ein større austlandskommune, dels frå små barneskular (<70 elevar) og frå store (>70). Elevane frå dei små skulane kom dårleg ut på alle samanlikningane som Nordahl presenterte (Nordahl 2007).

Ein kritisk gjennomgang av Nordahl sitt arbeid viser at studien ikkje gav grunnlag for generaliseringar utover dei særlege tilhøva i vedkomande kommune (Solstad 2009). Det kan vere interessant å merkje seg at Nordahl sjølv, mellom anna i utgreiingsoppdrag for kommunar, seinare ikkje synest å vise til si eiga forsking på dette feltet (Nordahl 2014).

For no, etter det nemnde TV-innslaget, har Nordahl kunna stø seg på den etter kvart så kjente såkalla metaanalyse av forsking verda rundt om ulike forhold ved ein skule som kan ha noko å seie for læringa til elevane (boka Visible Learning av John Hattie frå 2009). Eitt slikt forhold er det samla elevtalet ved skulen.

No er det alltid risikofylt å gjere forskingsresultat frå visse skule- og samfunnssystem gjeldande for eit spesifikt anna system. I dette tilfellet er det ikkje anna enn merkeleg, og sterkt kritikkverdig, at den forskinga som Hattie viser til om ein viss samanheng mellom skulestorleik og læring, av ein norsk professor blir trekt inn på ein slik måte at folk kan oppfatte dette som relevant for grunnskule i norske bygder. Den forskinga som Hattie her byggjer på, er nemleg studiar av amerikanske high schools (vidaregåande skular) med frå eit par hundre til fleire tusen elevar. Om så resultata var aldri så klare, noko dei forresten ikkje var, ville dei ikkje ha nokon som helst informativ verdi om kor store norske grunnskular bør vere og om vilkåra for læring i desse skulane. Dette veit sjølvsagt Nordahl og hans drabantar, og dette skjønar alle politikarar og andre som ønskjer å setje seg inn i saka.

Det andre «faktagrunnlaget» for at skulane ikkje bør vere små, kjem frå ein analyse av nasjonale prøver 2008 utført for Utdanningsdirektoratet av Senter for økonomisk forsking (SØF) i 2010 (Bonesrønning og Iversen 2010). Her er sjølve datagrunnlaget til dels relevant nok. Men i den type statistiske analysar av store datasett der tilgjengelege, men ikkje alltid fagleg interessante, opplysningar om elevar, lærarar, skular og kommunar blir lagde inn som variablar og søkt korrelerte, kan mykje artig kome fram. Det ligg òg den fare med store datasett at svært små og i praksis fullstendig uinteressante samanhengar, likevel kan stå fram som «statistisk sikre». Dei to fagøkonomane bak denne SØF-rapporten fann då òg mykje rart.

Til dømes viste analysane at di større del av skuleklassen som er jenter, di betre skårar både gutar og jenter på dei nasjonale prøvene, eller, di færre av lærarane ved ein skule som er menn, di betre gjer elevane det på prøvene. Konklusjonen kunne kanskje spissformulerast slik: vi bør unngå gutar som elevar og menn som lærarar! No trekkjer ikkje forfattarane slike konklusjonar, men utviser stor fantasi i å finne tenkjelege og utenkjelege forklaringar på desse og andre «rare» funn.

Når det gjeld samanhengen mellom kor stor skulen er og elevprestasjonar, fann dei i ein første analyse ein liten, men «statistisk signifikant», positiv samanheng. Når foreldrebakgrunn, definert som fars utdanningsnivå, blei trekt inn i analysane, blei den positive samanhengen borte slik at konklusjonen på dette punkt måtte bli at elevar presterer godt eller dårleg uavhengig av kor stor eller liten skulen er, heilt i tråd med annan forsking. Forskarane fann òg at Sogn og Fjordane, fylket med flest elevar i små skular, kom på topp av landets fylke saman med Oslo. Igjen var det krevjande for forskarane å finne gode forklaringar eller bortforklaringar.

Det er nærmast tragisk når det kan sjå ut til å vere denne typen forskingsresultat som er i ferd med å få gjennomslag og som i kommunale saksframlegg blir brukt som argument for å leggje ned små og til dels større skular slik vi har sett i kommunar som Fauske, Levanger, Meløy og Lillehammer. I kartlegginga vår (Solstad og Solstad 2015) kom det fram at omsynet til kvaliteten på det pedagogiske tilbodet i 2015 klart oftare enn i 2005 blei trekt fram som grunngjeving for å leggje ned skular.

Dessverre gjev ikkje ein artikkel som dette rom for ein gjennomgang av kva forsking på kvalitet ved store og små skular faktisk viser, men eg kan sitere konklusjonen frå ein slik gjennomgang i boka Bygdeskulen i velstands-Noreg (Solstad 2009): «Det er viktig å slå fast at så langt norsk og internasjonal forsking i dag kan dokumentere, så er dei små skulane fullt på høgd med store skular når det gjeld å fremje læring og intellektuell utvikling». Slik dei norske forskarane Rune Kvalsund (2004) og Anita Berg-Olsen (2008) har vist, er dei små skulane heller ikkje med omsyn til sosial læring og utvikling underlegne større, snarare tvert om. Dette meiner forskarane har samanheng med at i små skular vil elevane langt oftare samhandle på tvers av alder og kjønn og med det, paradoksalt nok, ha ei breiare og rikare sosial kontaktflate enn elevar i store skular som i barneskulealderen held seg til si aldersgruppe og sitt kjønn. Elevane i slike små skular og i mindre miljø vil òg ha tettare vaksenkontakt og tidlegare få ansvar for seg sjølv og andre.

Skulesentralisering i eit helseperspektiv

Eg vil til slutt i dette forsøket på å mobilisere mot den sentraliseringsbølgja på grunnskulesektoren som vi er midt oppe i, trekkje fram eit område som vi etter mi meining har tatt alt for lite omsyn til, nemleg den fysiske utviklinga og helsa til dei unge. Dette trass i at kommunen etter Lov om folkehelsearbeid av 2011 skal «… bidra til ei samfunnsutvikling som fremmer folkehelse». Fram til den nye formålsparagrafen i opplæringslova gjort gjeldande frå 2009, var då òg det åndelege og det kroppslege sidestilte utviklingsområde for skulen i arbeidet for å gjere elevane til «gagnlege menneske».

Det er dokumentert ei rad uheldige sider ved skuleskyss for fysisk velvære, utvikling og helse. Elevar med skyss er som gruppe i dårlegare form enn dei som går eller syklar til skulen. Dagleg transport til skulen fører til auka risiko for ryggplager, redusert balanseevne og stivare hofteparti (Sjølie 2002). Å ta frå ungane den daglege mosjonen som det å gå/sykle til skulen gjev, aukar risikoen for overvekt (Heyerdahl et al. 2012). Mange, om lag kvar fjerde elev, har fysiske plager av skyssen, særleg om han er lang (Solstad 1978, Nilsson og Raundalen 1985).

Så vel overvekt som ryggplager hos unge fører til auka risiko for liknande plager som vaksne med dei kostnader for den enkelte og for samfunnet som følgjer med. Det er allment kjent at overvektige er meir utsette for diabetes, hjarte-kar-sjukdomar og kne-/hoftelidingar enn folk med ein normal KMI, alle problem som til liks med ryggplager ofte fører til nedsett funksjonsevne, større sjukefråvær og oftare uføretrygding. Kort sagt er dette konsekvensar som er med på å redusere livskvaliteten for den enkelte, og som gjev store utslag på helse- og sosialbudsjettet for kommunane.

Konkrete overslag ligg ikkje føre, men det er svært sannsynleg at dei innsparingane som ein kan oppnå ved skulesentralisering, over tid langt blir overgått av meirutgiftene for individ og samfunn som følgje av dei helserisikoane som det her er vist til, og som er dokumenterte i den nemnde 2015-rapporten frå Nordlandsforskning med tittelen Meir skyss – mindre helse?

Det er meir enn beklageleg at kommunepolitikarar – grunna finansieringsordninga for grunnskulen, den kortsiktige planlegging i budsjettår og valperiodar, og dels freista av desinformerande forskingsformidling – legg ned skular som det er elevgrunnlag for å halde oppe. Det kan så avgjort vere grunn til å spørje om mange av dei skulenedleggingane som vi har sett, i det heile kan forsvarast om vi verkeleg tar skulens oppgåve også for den kroppslege utviklinga på alvor. I tillegg kjem tidsog velferdstapet for elevar med lang skuleskyss, noko vi fekk mange vitneprov om i arbeidet med ei utgreiing om skulestrukturen i ein lofotkommune (Solstad et al. 2016).

Tilfellet med nedlegginga av Neverdal skule aktualiserer spørsmåla ovanfor. Her var det slik at til Neverdal-skulen kunne nesten alle elevane gå eller sykle. Etter nedlegginga må alle i buss. Ein tar altså frå elevane den naturlege mosjon som den daglege gå-/sykleturen til og frå skulen gjev. I tillegg er planen no å bruke lokala til Neverdal skule som barnehage for eit større område, inklusive kommunesenteret Spildra-Ørnes. Alle desse småungane skal då køyrast, vel i regelen privat, til barnehagen. Kan dette vere heldig for ungane, for foreldra, for miljøet, for folkehelsa? Og igjen, korleis står slik planlegging i forhold til intensjonane i folkehelseloven?

Friskule som redningsplank

Eit sterkt bygdesamfunn som Neverdal gjev seg ikkje så lett. Bygda har no som den første i landet fått godkjent friskule innan kategorien «særskilt profil» etter den nye friskulelova frå 2015. Kanskje ikkje rart at entreprenørskap var sjølve profilen. Eg har vore, og er, ein sterk tilhengar av at grunnskulen skal vere offentleg, fagleg romsleg og felles for alle i rekrutteringsområdet eller skulekrinsen, jamvel inklusive dei kongelege. Men når vi har laga slike ordningar for den offentlege skulen at Neverdal og hundrevis av andre bygder blir fråtekne ein så viktig samfunnsinstitusjon og eit så sentralt velferdsgode, kan eg ikkje anna enn håpe at dei bygdene som har tilstrekkeleg pågangsmot og planleggingskapasitet, lukkast i arbeidet for sin skule. Dessverre vil det store fleirtal av bygdelag som må sjå skulen sin nedlagd, ikkje ha slike ressursar. Dei lokalsamfunna som kanskje aller mest treng ein skule, er truleg òg dei som har minst sjanse til å trasse den kommunale kverna og dei økonomiske tyngdelovane. Dette er synd for ungane, og det er synd for dei samfunna som dei skal vekse opp i.

Litteraturhenvisninger

Berg-Olsen, A. (2008): Omsorg eller formål. Rasjonalitet og dilemmaer I fådeltskolen. Tromsø: Universitetet i Tromsø. (PhD-avhandling)

Bonesrønning, H. og Iversen, J.M.V. (2010). Prestasjonsforskjeller mellom skoler og kommuner: Analyse av nasjonale prøver 2008. Trondheim, Senter for økonomisk forskning AS.

Hamar Arbeiderblad, 03.05.2007.

Hattie, J. (2009): Visible Learning: A Synthesis of Over 800 Meta-Analyses Relating to Achievement. London/New York: Routledge.

Heyerdal, N., Aamodt, G., Nordhagen, R. og Hovengen, R. (2012): Overvekt hos barn – hvilken betydning har bosted? Tidsskrift for Den norske legeforening, 132, s. 1080-1083.

Kvalsund, R. (2004): Schools as Environments for Social Learning – Shaping Mechanisms? Comparisons of Smaller and Larger Schools in Norway. Scandinavian Journal of Educational Research, Vol. 48, s. 347-371.

Lov om folkehelsearbeid av 2011.

Nilsson, D. og Raundalen, M. (1985): Barns opplevelse av skoleskyssen. Kongsvinger: Kongsvinger sykehus.

Nordahl, T. (2007): Elever i og fra små skoler. Presentasjon av kartleggingsresultater i en kommune. Elverum: Høgskolen i Hedmark. (Rapport nr. 4/2007)

Nordahl, T. (2014): Tokke kommune – skolestruktur og elevenes sosiale utvikling og læring. (Upublisert notat.)

Opplæringslova. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 1998.

Rønning, W., Solstad, K. J., og Øines, T. (2003). Det trengs ei hel bygd for å oppdra et barn. Hentet 16. november 2006 fra http://skoleplassen.hisf.no/FILER/rapport%20Nord.pdf

Sjølie, A. (2002): Lifestyle and health in a cohort of Norwegian adolescents; with special emphasis on school journeys and low back pain. Bergen: Universitetet i Bergen. (Dr.med.-avhandling)

Solstad, K.J. (1978): Riksskole i utkantstrok. Oslo: Universitetsforlaget.

Solstad, K.J. (2009): Bygdeskolen i velstands-Noreg. Vallset: Oplandske Bokforlag.

Solstad, K.J., Andrews, T. og Løvland, J. (2016): Spredt eller samla? Utredning av ungdomsskolestruktur i Vågan kommune. Bodø: Nordlandsforskning. (NF-rapport 3/2016)

Solstad, K.J. og Solstad, M. (2015): Meir skyss – mindre helse? Skulesentralisering i eit helseperspektiv. Bodø: Nordlandsforskning. (NF-rapport 7/2015)