Det kan vere stor skilnad på korleis læreplantekstane integrerer grunnleggjande ferdigheiter i dei ulike skulefaga. Dette handlar ikkje minst om fagleg eigenart og faggrenser. Denne artikkelen samanliknar korleis rekning er integrert i høvesvis musikk og norsk. Musikk har meir eller mindre tydelege grenser, og rekning som grunnleggjande ferdigheit ser ut til å vere godt integrert med det musikkfaglege. For norsk er det ganske annleis.

I rammeverket for grunnleggjande ferdigheiter heiter det at måla for ferdigheitene skal vere integrerte i kompetansemåla «på premissene til det enkelte faget» og at ferdigheitene difor er «uttrykt på ulik måte og i varierende grad i læreplanene, avhengig av hvordan ferdighetene blir forstått i faget, og hvilken funksjon de har som en del av kompetansen i faget» (Utdanningsdirektoratet, 2012, s. 5).

Intensjonen er altså at dei grunnleggjande ferdigheitene skal integrerast i faget og at det er fagas eigenart som skal vere bestemmande for korleis arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene skal inngå i dei einskilde faga. Men dette reiser nokre spørsmål som i for liten grad er diskuterte. For dersom ein skal la fagas eigenart vere styrande, må ein ta stilling til kva eit fags eigenart er.

I det følgjande vil eg bruke læreplantekstens framstilling av rekning som grunnleggjande ferdigheit i norsk og musikk som utgangspunkt for å drøfte følgjande spørsmål:

Korleis er grunnleggjande ferdigheiter i rekning knytt opp mot høvesvis norskfaget og musikkfaget, og kva seier dette om (manglande) fagleg eigenart?

Kunnskapsløftet er meint å vere ein literacyreform (Berge, 2005, Skovholt, 2014), og det literacyomgrepet som ligg til grunn er breitt og funksjonelt. Det vil seie at literacy handlar om å øve opp ferdigheiter som gjer at ein kan «delta og fungere i samfunnets og hverdagslivets ulike literacy-hendelser (…)» (Skovholt, 2014, s. 17).

Literacy er på denne måten forstått i ei sosiokulturell ramme. Rekning som grunnleggjande ferdigheit (numeracy) inngår òg i eit slikt breitt literacyomgrep.

Denne literacy-reforma har uunngåeleg fått noko å seie for korleis ein tenkjer om dei einskilde faga. Det vil seie at det ikkje berre er slik at dei grunnleggjande ferdigheitene inngår i faga på fagas premiss slik rammeverket legg opp til. Det er òg slik at faga endrar seg for å tilpasse seg dei grunnleggjande ferdigheitene. Dersom ein brukar norskfaget som døme, kan ein seie at «det norskfaglege» er vorte farga av ideen om at Kunnskapsløftet nettopp lyfter fram literacy. Medan L97 konstruerte eit norskfag som i stor grad var kulturog litteraturhistorisk orientert, er norskfaget i Kunnskapsløftet eit tekstfag (Rogne, 2012, Kjelen, 2013 og 2014). Medan norskfaget i L97 hadde eit ganske tydeleg fagleg innhald, er Kunnskapsløftet orientert mot meir eller mindre generelt formulerte kompetansar.

Rekning i musikk

Musikk var eit av faga i mellomalderens quadrivium. Dei andre områda i quadrivium var aritmetikk, geometri og astronomi. Musikken hadde med andre ord svært matematiske søsterfag, og musikk var i seg sjølv eit fag der ein studerte matematiske samanhengar. Musikk var nærmare forstått som harmonilære, studiet av proporsjonar og intervall.

I læreplanen for musikk blir grunnleggjande ferdigheiter i rekning framstilt slik:

Å kunne regne i musikk innebærer å bli kjent med musikkens grunnelementer og ulike musikalske mønstre, variasjoner og former og å kunne beregne tid og rom i musikalske og kroppslige uttrykk. Gjennom gjenkjennelse og anvendelse av musikkens grunnelementer utvikles forståelse for hvordan ulike mønstre og strukturer preger kunstneriske og musikalske uttrykk.  (Utdanningsdirektoratet, udatert)

Rekning i musikk blir slik i høgaste grad framstilt som integrert i det musikkfaglege. Det dreier seg om musikk som form og mønster, og det dreier seg om estetikk, sansar og kroppslegheit. Vidare er det presisert at elevane skal få forståing for dette gjennom g jenkjenning og bruk av «musikkens grunnelementer».

Musikkens grunnelement lèt seg langt på veg forstå ved hjelp av matematiske omgrep, til dømes er tonekvantitet ordna i eit brøksystem. Det er derfor ikkje noko merkeleg ved at rekning som grunnleggjande ferdigheit sånn sett er lett å integrere i det musikkfaglege. 

Rekning i norsk

Medan musikkfaget har røter i quadrivium, kan ikkje norskfaget vise til eit slikt anegalleri. Dersom ein skal føre slektslinene attende, kjem ein ikkje til quadrivium, men til trivium (altså retorikk, grammatikk og logikk). Her studerer ein (forenkla og noko anakronistisk sagt) noko meir usikre ting, nemleg menneskeleg kommunikasjon, og ikkje evige sanningar (til dømes proporsjonar) som høyrde heime i quadrivium. I og med Kunnskapsløftet er sambandet mellom norskfaget og særleg retorikken styrkt. Men dagens norskfag har òg ei rot i eit morsmålsfag med vekt på nasjonal litteratur og kultur og språklege emne. Norskfaget i Kunnskapsløftet har i mykje mindre grad teke med seg denne arva vidare.

Med slike røter har ikkje norskfaget ei like opplagt kopling til rekning som det musikkfaget har. Integreringa av rekning i det norskfaglege er dermed ei større utfordring. I læreplanen for norsk blir grunnleggjande ferdigheiter i rekning framstilt slik:

Å kunne regne i norsk er å tolke og forstå informasjon i tekster som inneholder tall, størrelser eller geometriske figurer. Det vil si å kunne vurdere, reflektere over og kommunisere om sammensatte tekster som inneholder grafiske framstillinger, tabeller og statistikk. Utviklingen i regneferdigheter i norskfaget innebærer  å skape helhetlig mening i stadig mer krevende tekster der ulike uttrykksformer må ses i sammenheng.  (Utdanningsdirektoratet, udatert)

Medan det i musikk er heilt tydelege samanhengar mellom rekning og faglegheit, er det langt meir utydeleg her. Det norskfaglege er her ikkje noko distinkt – det norskfaglege er snarare i seg sjølv nettopp redusert til nokre generelle, grunnleggjande ferdigheiter («tolke og forstå», «vurdere, reflektere over og kommunisere om»). Men desse kan ein ikkje seie er norskfaglege. Å tolke og forstå samansette tekstar, vurdere og reflektere og kommunisere om slike, er like viktig i mange fag, til dømes naturfag, samfunnsfag, historie osv.

Dette viser tydeleg at norskfaget i Kunnskapsløftet langt på veg blir presentert som «leverandør» av grunnleggjande ferdigheiter utan eit avgrensa fagleg innhald. Historisk sett har vi sett mange ulike konstruksjonar av norskfaget, og det finst sjølvsagt òg skilnader mellom skuleslaga. I L97 hadde som sagt den nasjonale litterære kanon ein framskoten plass, og ein kunne nok sjå denne planen som eit forsøk på å revitalisere eit nasjonsbyggjande norskfag. Norskfaget i Kunnskapsløftet representerer eit tydeleg brot med denne fagkonstruksjonen, og framstår som eit tekstfag med utydelege grenser og eit uklart fagleg innhald.

Kva norskfag?

Dei grunnleggjande ferdigheitene i rekning blir på svært ulikt vis integrert i faga. Det kan ha opplagte grunnar, til dømes er musikken historisk sett eit matematisk fag, og musikkens språk er langt på veg matematisk. Å integrere rekning i musikk er altså ikkje nokon heksekunst. Det er ikkje noko merkeleg at rekning er vanskelegare å integrere i norskfaget.

I læreplanen er det heller ikkje gjort noko forsøk på det, men det er i og for seg ikkje rart så lenge norskfagskonstruksjonen i Kunnskapsløftet i så liten grad har nokon fagleg profil, ein fagleg kjerne, om ein vil. Det ville vore mogleg å kople rekning som grunnleggjande ferdigheit til tradisjonelle norskfaglege emne som litteratur og språkhistorie. Poesi dreier seg til dømes mellom anna om form (jf. fagplanen for musikk), og i nokre tilfelle er det ikkje heilt på sida å bruke matematikkens språk i møte med dikt.

Når det ikkje er gjort slike forsøk på å integrere rekning og tradisjonelle norskfaglege emne, handlar det truleg om at skulens norskfag langt på veg har kappa sambandslinene til morsmålsfaget, men styrka sambandslinene til retorikken og tekstvitskapen. Formuleringane om rekning som grunnleggjande ferdigheit viser at musikk enno har meir eller mindre tydelege grenser, medan norskfagets grenser i mykje større grad er utviska og den faglege eigenarten vanskeleg å få auge på.

Litteraturhenvisninger

Berge, K.L. (2005). Skriving som grunnleggende ferdighet og som nasjonal prøve – ideologi og strategier. I: A.J. Aasen & S. Nome (red.), Det Nye norskfaget (s. 161-188). Bergen: Fagbokforlaget.

Kjelen, H. (2013). Litteraturundervisning i ungdomsskulen. Kanon, danning og kompetanse. NTNU: Trondheim (doktoravhandling)

Kjelen, H. (2014). Usynleg litteratur i ny norskplan, Utdanning. Henta frå <http://utdanningsnytt.no/4/Meny-A/Meninger/Innspill/Usynleg-literatur-i-ny-norskplan/>

Rogne, M. (2012). Mot eit moderne norskfag: ein studie i norskfagets tekstomgrep (Doktoravhandling, UiS). Stavanger: Universitetet i Stavanger. Elektronisk utgåve henta frå http://brage.bibsys.no/uis/handle/URN:NBN:nobibsys_brage_28832

Utdanningsdirektoratet (udatert). Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Henta frå <http://www.udir.no/Lareplaner/Kunnskapsloftet/>

Utdanningsdirektoratet (2012). Rammeverk for grunnleggende ferdigheter. Oslo: Utdanningsdirektoratet.