Ein sjuandeklassing får i oppgåve å skrive ein tekst om kva ho har gjort i sommarferien. Ho vel å svare med ein tekst som består av verbaltekst og bilete i form av teikning, altså ein samansett tekst. Elevteksten blir her analysert og halde fram som eit døme på at skolen bør vise meir aksept for andre teiknsystem enn berre reine verbaltekster.

Kvar einaste dag møter landets skoleelevar samansette tekstar i ei eller anna form. Til tross for at hovudområdet samansette tekstar sannsynlegvis forsvinn frå læreplanen i norsk, er ikkje samansette tekstar noko som forsvinn frå den massive tekstverda rundt oss. Samansette tekstar gjer seg gjeldande på tvers av trinn og fag. Å forstå og skape samansette tekstar er ein del literacyomgrepet1 som Læreplan for Kunnskapsløftet (LK06) er fundert på. Vidare vil eg gi eit døme på korleis ein samansett elevtekst kan bli analysert. Sjølv om dette dømet er tatt frå norskfaget, er det like relevant for alle fag i skolen. Omgrepa og framgangsmåten som nyttast, kan vere ein hjelp når elevane utformar samansette tekstar, og når læraren vurderer dei.

Fotnote: literacyomgrepet1

Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate, compute and use printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning to enable an individual to achieve his or her goals, to develop his or her knowledge and potential, and to participate fully in the wider society (Unesco, 2004).

I august fekk ei sjuandeklasse i oppgåve å skrive ein tekst om kva dei hadde gjort i sommarferien. «Siri» skreiv ein tekst i kladdeboka si som ho kalla 7 opplevelser. Det er ein statisk samansett tekst, altså ein urørleg tekst som er sett saman av to eller fleire teiknsystem. Denne teksten består av verbaltekst og bilete i form av teikning. Oppgåva blei gitt til elevane på bakgrunn av to kompetansemål etter 7. årstrinn: «bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon» og «lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt […]» (LK06). Med denne informasjonen til grunn skal eg bruke dei neste avsnitta til å analysere denne elevteksten ved å bruke Barthes sine omgrep denotasjon og konnotasjon (Barthes, [1964] 1980) og Halliday sine tre metafunksjonar (Halliday, 1999).

Denotativ analyse

Ein denotativ analyse handlar om å beskrive det konkrete og bokstavelege (Barthes, [1964] 1980, s. 47). Teksten 7 opplevelser er skriven i ei kladdebok på linjerte ark og er ei side lang. Han består av sju små hendingar der fire av dei er realisert med verbaltekst og tre av dei med teikning. Eleven har nytta skrift for å forklare narrative forløp, og teikning som deskriptive tekstar som er fokuserte på tilstand framfor handling. I tillegg er det ei overskrift som er skriven med ein annan font og i større bokstavar enn resten av verbalteksten, og på venstre side av arket er margen dekorert av ei grøn grein med raude blomar. Teksten er hovudsakleg organisert i tid der den vestlege leseretninga frå topp til botn og frå høgre mot venstre dominerer.

Verbalteksten er skriven med blyant, medan sterke fargar er brukt i borden i margen, overskrifta og teikningane nedst på sida. Talet 7 i overskrifta er i ekstra tjukk skrift og fungerer som blikkfang. Reint visuelt blir dei sju tekstane kortare og kortare sånn at dei to første tar opp over halvparten av sida (1:6 linjer; 2:5 linjer; 3:2 linjer; 4:1 linje; og 5,6 og 7 er teikningar på same linje). Ifølgje Kress og Van Leeuwen (2006) har elevtekstar ein tendens til å gå frå å ha sterk vekt på det visuelle til å bli meir dominert av verbaltekst i løpet av skoleåra. I denne utviklinga går elevtekstane frå å ha fokus på det ekspressive til det meir skrivetekniske. Vidare vil eg komme nærare inn på kvifor denne teksten er eit døme på det.

Konnotativ analyse

Ein konnotativ analyse handlar om å beskrive det symbolske og sjå etter kulturelle og samfunnsmessige assosiasjonar (Barthes, [1964] 1980, s. 47). Difor er det naudsynt først å plassere konteksten teksten har blitt til i, nettopp fordi einkvar tekst er ein realisering av konteksten. Ordet kontekst tyder «med teksten», altså det som er saman med eller rundt han (Maagerø, 2005, s. 37). I denne samanhengen er teksten blitt til innanfor skolekulturen, og både sjanger og framstilling blir farga av det fordi alle meiningar hører til kulturen dei har blitt realiserte i. Siri skriv til læraren sin (tenkt mottakar) for å fortelje om hennar opplevingar frå sommarferien som eit svar på ei oppgåve han har gitt ho. Denne teksten er dermed (som alle andre tekstar) eit resultat av sosial interaksjon og er med på å halde oppe sosiale relasjonar. Teksten til Siri har ei blanding av ein personleg og forteljande skrivestil, som står i samanheng til oppgåva ho er pålagt å svare på (Skjelbred, 2006).

Teikningane i teksten er koda framstillingar fordi lesaren ikkje kan vite akkurat kva eleven har tenkt på når ho har teikna dei. Men at dei har ein hensikt som ein kommunikativ einskap er sikkert. Ifølgje Norris er alt som ein bruker til å formidle noko gjennom, eit kommunikativt teiknsystem (Norris i Øierud, 2011, s. 44). På same tid er alle bilete polysemiske, noko som inneber at dei er mangetydige og kan bli tolka på mange måtar. Korleis dei blir tolka, avheng av sendaren og mottakaren sin persepsjon og forståing av den kulturelle konteksten teksten er blitt til innanfor (Barthes, [1964] 1980, s. 47). Denne tolkinga vil difor vere farga av konteksten eleven var i da ho skreiv teksten, konteksten eg var i da eg las og analyserte han og den omfattande kulturkonteksten vi begge er ein del av. Ein slik oppfatning av teksten sin posisjon kan bidra til forståinga av at alle tekstar er ein del av ein større heilskap og står i ein dialogisk samanheng med kvarandre der alle ytringar er eit svar på tidlegare ytringar (Bakhtin, 1998).

7 opplevelser kommuniserer ikkje berre på eit sakleg, informativt plan, han kommuniserer også estetisk. Ifølgje Barthes medfører oppstillinga i seg sjølv eit estetisk innhald (Barthes, [1964] 1980). Denne teksten er eit godt døme på det. Han er sett saman på ein ryddig måte der verbalteksten er i bolkar for seg og teikningane det same. Han er skriven med ei pen handskrift, og teikningane og overskrifta er i sterke fargar. I margen på høgre side er det også ei teikning som ikkje har nokon berande meining i seg sjølv på det informative planet, men han er med på å ramme inn forteljingane og skape liv på papiret. Han er eit estetisk element.

Med denne teorien og informasjonen til grunn skal eg vidare knytte tekst og kontekst enno sterkare saman ved å ta i bruk Halliday (1999) sine tre metafunksjonar. Halliday meiner at alle ytringar realiserer tre grunnleggjande typar meining på ein gong, desse kallast metafunksjonar og blir omtalt som den ideasjonelle, den mellompersonlige og den tekstuelle metafunksjonen.

Ideasjonell metafunksjon

Den ideasjonelle metafunksjonen handlar om språk som representasjon, og korleis det blir tatt i bruk for å skildre eit fenomen i verda (Halliday, 1999). 7 opplevelser er skrive i eit daglegdags verbalspråk med teikningar som representasjonar av det eleven har opplevd i sommarferien. Teksten skaper og formidlar eit saksinnhald som har hatt stor relevans i eleven sitt liv. Denne teksten understrekar difor at norsk er eit erfaringsfag.

Mellompersonleg metafunksjon

Den mellompersonlege metafunksjonen handlar om språk som meiningsutveksling (Halliday, 1999). Som nemnt tidlegare utfører alle tekstar ein kommunikativ handling, og ytringar blir realisert sånn at dei held oppe ein sosial relasjon. 7 opplevelser er skrive som eit svar til ei oppgåve gitt av læraren, og Siri er medviten at han er hennar mottakar. Dette kan vi sjå ved manglande innleiing og avslutning som spesifiserer kven teksten er mynta på. Dette er typisk for elevtekstar som blir skrive innanfor skolekonteksten.

Relasjonen mellom eleven og det ho fortel er prega av positivitet. Eksplisitt seier ho «der har jeg det veldig fint». Implisitt fortel dei sterke fargane ho har brukt at opplevingane hennar i sommarferien har vore gode. Sterke, klare fargar symboliserer positivitet og energi. Vidare skal eg sjå på korleis relasjonen inni sjølve teksten er, det blir gjort ved hjelp av den tekstuelle metafunksjonen.

Tekstuell metafunksjon

Den tekstuelle metafunksjonen handlar om språket som bodskap (Halliday, 1999) og om samanheng i teksten på makroog mikronivå. Her vil eg berre sjå på makronivået i teksten. For at ein tekst skal vere god, er det naudsamt at han er lesbar, kommuniserbar, følgjer dei skriftspråklige konvensjonane og at det er lett for mottakaren å få tak i bodskapen i teksten (Bjar, 2008, s. 248). Etter mi meining oppfyller 7 opplevelser alle desse krava. Det er eit sterkt samspel mellom overskrift og tekst der overskrifta bind dei sju frittståande forteljingane saman til ein einskapleg tekst.

Teksten er skriven med ei handskrift det er lett å lese, ortografien er god og bodskapen er at eleven har hatt ein innhaldsrik sommarferie. Sommarferien kan også karakteriserast som emnetema i denne teksten. På det estetiske nivået knyt overskrifta seg saman med forteljing fem, seks og sju ved hjelp av fargar. Dei same sterke fargane som blei nytta i overskrifta er også nytta i teikningane. Sånn skapar fargane ei visuell samanheng i teksten.

Når det gjeld kronologien, startar han med ein lang verbaltekst om ferieturen til Vestlandet med familien. Denne er via mest plass og er den mest innhaldsrike forteljinga. Kanskje er det denne opplevinga som skil seg mest ut frå dagleglivet til eleven. Den neste forteljinga handlar om at ho har flytta og starta på ein ny skole. Dette er også ei hending utanom det vanlege og har fått stor plass. Vidare følgjer ei forteljing om shopping, symjing, ein ball, eit tre og ein ballong. Dette er hendingar som mest sannsynleg ikkje skil seg ut som noko spesielt annleis og utanom det vanlege. Dei har fått relativt liten plass.

Verbalteksten er som nemnt det dominerande teiknsystemet i hovuddelen av teksten ved at han tar opp omkring 80 prosent av sida. Ifølgje Maagerø og Tønnessen (2010, s. 145) er dei ulike teiknsystema sine mogelegheiter til å uttrykke meining avhengig av konteksten. Med tanke på at verbalteksten får sterkare status jo høgare opp i skolesystemet ein kjem, er det da sannsynleg å tro at dei tre siste forteljingane til Siri ikkje får særleg merksemd frå læraren? Og er plasseringa av illustrasjonane i botn eit teikn på at heller ikkje ho ser på dei som viktige meiningsberande einskapar? Dette er spørsmål som bør bli tatt til ettertanke.

Avsluttande kommentarar

I denne korte analysen har vi sett at eleven viser verbal og tekstuell kompetanse ved at ho har laga ein kommunikativ tekst som tar i bruk verbaltekst og bilete. Ho brukar begge teiknsystema til å kommunisere både sak og estetikk og opererer innanfor dei to kompetansemåla i innleiinga. Eleven har brukt sin visuelle kompetanse (visual literacy2) når ho har laga teksten. Dersom ho hadde valt å ikkje teikne, men berre bruke verbaltekst, hadde teksten fått eit anna uttrykk. Dei fire tekstane som er realisert som verbaltekst og dei tre som er realisert som teikning fortel ulike historier nettopp fordi dei er realisert på ulike måtar. Dei representerer ulike kommunikative distinksjonar. Likevel er verbalteksten det dominerande teiknsystemet i denne teksten og er difor enno eit døme på dei tidlegare nemnde funna til Kress og van Leeuwen (2006). I si doktoravhandling fann også Anne Løvland (2006) at verbalteksten er det teiknsystemet som vart nytta som det meiningsberande teiknsystemet i elevane sine arbeider. Denne kunnskapen bør bli brukt for å gjere lærarane i den norske skoler meir medvitne kva slags potensial som ligg i å framstille forteljingar med andre teiknsystem enn berre verbaltekst.

Fotnote: visual literacy2

Visual literacy is the «ability to understand, interpret and evaluate visual messages» (iste.org) http://www.iste.org/docs/excerpts/MEDLIT-excerpt.pdf

Til tross for at 7 opplevelser er ein tekst som er dominert av verbaltekst, er han også eit godt døme på ein tekst som kommuniserer heile historier ved bruk av teikning som den viktigaste meiningsberande einskapen. Han er dermed eit døme på at det går an, og at det er på tide at skolekulturen viser meir aksept for fleire og andre teiknsystem. Samansette tekstar er ein teksttype som har komme for bli. Omgrepa til Barthes (denotativ og konnotativ) og Halliday (dei tre metafunksjonane) er omgrep som kan gjere prosessen med å forstå, skape og vurdere samansette elevtekstar nyansert og open. Omgrepa kan nyttast på tvers av fag og klassetrinn, og dei kan bidra til å utvikle både lærarar og elevers kompetanse i literacy.

Litteraturhenvisninger

Bakhtin, M. (1998). Spørsmålet om talegenrane. Bergen: Ariadne forlag.

Barthes, R. ([1964] 1980). Billedets retorik. I: B. Fausing & P. Larsen (red): Visuel kommunikation. København: Medusa

Bjar, L. (2008). Å analysere elevtekster. I: L. Bjar (red): Det er språket som bestemmer!: Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget

Halliday, M.A.K. (1999b). Språkets funksjoner. I: K.L. Berge, P. Coppock & E. Maagerød (red): Å skape mening med språk: En samling artikler av M.A.K. Halliday, R. Hasan, J.R. Martin (Vol. 2). Oslo: Landslaget for norskundervisning (LNU) og Cappelen Akademisk forlag

Kress, G., & Van Leeuwen, T. (2006). Reading images: The grammar of visual design. London: Routledge.

LK06. Kunnskapsløftet. Kunnskapsdepartementet.

Løvland, A. (2006). Samansette elevtekstar: Klasserommet som arena for multimodal tekstskaping. Høgskolen i Agder, Kristiansand.

Maagerø, E. (2005). Språket som mening: Innføring i funksjonell lingvistikk for studenter og lærere. Oslo: Universitetsforlaget.

Maagerø, E., & Tønnessen, E.S. (2010). Sosialsemiotikk – meningsskaping mellom funksjon og system. I: S.V. Knudsen & B. Aamotsbakken (red): Teoretiske tilnærminger til pedagogiske tekster (s.125-151). Kristiansand: Høyskoleforlaget

Skjelbred, D. (2006). Elevens tekst: Et utgangspunkt for skriveopplæring. Oslo: Cappelen akademisk.

Øierud, G.L. (2011). Hvordan analysere multimodalitet? I: T. R. Hitching, A.B. Nilsen & A. Veum (red): Diskursanalyse i praksis: Metode og analyse. Kristiansand: Høyskoleforlaget