Omtale

Skal lære elevar kjeldekritikk

Sanning, alternative fakta eller fake news? Kjeldekritikk står sentralt når norgeshistorie.no lanserer ein ny modul neste år. Sida rettar seg spesielt mot lærarar og elevar i vidaregåande skule.

Av Toril Haugen

Fagleg leiar for norgeshistorie.no, Cathrine Lund, meiner det å kunne granske, tolke og vere kritisk til kjelder er ein viktig kompetanse som ungdom bør få.

– Vi lever i ei tid med konkurrerande fakta og fake news. Det å kunne granske, tolke og vere kritisk til kjelder er ein viktig kompetanse som ungdom bør få. Det seier Ellen Cathrine Lund, fagleg leiar for norgeshistorie.no.

Den nye modulen, «Hvordan blir historie til», blir lansert i 2019. Originalkjelder med transkripsjon, fakta om kjeldene og info om korleis dei kan brukast, vil vere ein viktig del av denne satsinga. Prosjektet er ein viktig del av å rette norgeshistorie.no mot skulen.

Fortid, notid og framtid heng saman

– Vi har vore opptekne av å vidareutvikle norgeshistorie.no og rette det mot vidaregåande skule, utan at det blir «skulsk». Vi landa på å lage eit nytt element, som også rettar seg mot studentar og folk med interesse for historiefaget, i tillegg til lærarar og elevar, forklarer ho.

– Målet vårt er at elevar skal bli historiemedvitne – dei skal forstå at fortid, notid og framtid heng saman, utvikle ei demokratisk haldning og få forståing for kva menneskerettar har å seie. Vi satsar på å gje læraren ei verktøykasse for dette, forklarer ho.

Den nye modulen vil blant anna ha utsnitt av primærkjelder som er tilpassa elevar i vidaregåande skule.

– Vi vil ha med ein kort introduksjon til kjelda, med lenkje til artiklar og info om opphav. Ideen er at elevane sjølve kan granske kjelda, tolke henne og vurdere kva ho kan brukast til. Dette kan vere alt frå ein tale frå ein politikar, til amerikabrev, folketeljingar og kyrkjebøker. Vi har til dømes med ei nedteikning frå ein mann som fortel om skulekvardagen sin på slutten av 1800-talet. Det er ei god kjelde til å utvikle historiemedvit hos elevar. Dei kan identifisere seg med temaet og sjå dei store skilnadene frå sin eigen skulekvardag, forklarer ho.

Slike kjelder gjev også elevane kunnskap langt utover å sjå at skulekvardagen var heilt annleis for 100 år sidan enn i dag.

– Når dei ser at fortida har vore heilt annleis enn notida, så tyder det at også framtida vil endre seg. Det er viktig å få fram at vi er handlande individ som skaper historie. Vi kan utgjere ein forskjell, og det har noko å seie i mange ulike samanhengar, slik som klimapolitikk, krig og fred, i det å aktivt ta vare på demokratiet, seier ho og utdjupar:

– Vi har ein tendens til å tenkje at det som er kome, er kome for å bli, og at alt vil bli betre. Ein tek for gitt at ein har gratis skulegang og gratis skulebøker. Derfor er det viktig å få elevane til å sjå at samfunnet endrar seg, og at vi bidreg til det.

Bru mellom universitetet og skulen

Men kvifor ha med primærkjelder når desse finst tilgjengeleg på nasjonalbiblioteket?

– Utfordringa for lærarar er at dei ikkje har tid til å finne, leite og søkje. Myriaden av kjelder gjer det vanskeleg og arbeidskrevjande både for lærarar og elevar. Det vi gjer, er å vere redaktørar og leite det fram for dei. Brukargrensesnittet er tilpassa den tida dei har til rådvelde i klasserommet og nivået til elevane.

Målet med prosjektet er å byggje ei bru mellom universitetet og skulen.

– Eit av hovudmåla med norgeshistorie.no er at nettstaden skal vere ei bru mellom forsking som går føre seg på universitetet, og undervisning i skulen. Forskarar formidlar kunnskapen sin i eit format som kan lesast av elevar i skulen. Elevane får tilgang på stoff og kunnskap med litt andre vinklingar enn det som er i læreboka, seier Lund.

På den måten blir nettsida eit supplement til skulebøkene.

– Lærarar legg ofte opp til at elevar skal bruke fleire kjelder enn læreboka. På den måten blir norgeshistorie.no eit supplement til lærebøkene. Artiklane våre har ofte fleire detaljar og kan utbrodere meir enn ei lærebok kan, held ho fram.

Gjev forskninga tilbake til samfunnet

Ellen Cathrine Lund meiner at norgeshistorie speler ei viktig rolle, i folkeopplysninga si ånd.

– Forsking er til for samfunnet. Det er viktig at forsking ikkje stoppar med teljekantane og blir liggjande i tidsskrift og bøker som berre blir lesne av fagfolk. Vi tek skrittet ut og gjev forskinga tilbake til samfunnet i form av populærvitskaplege artiklar, påpeikar ho.

– Målet vårt er at norgeshistorie skal bli ei nasjonal publiseringsplattform for historikarar og arkeologar som ønskjer å gjere forskinga si tilgjengeleg og relevant for folk og samfunn. Vi ønskjer oss bidrag både frå tilsette ved universitet og høgskular, frilansarar, stipendiatar og masterstudentar, seier ho.

Foreslåtte artikler