Per Esben Myren-Svelstad er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU i Trondheim. Han er ph.d. i allmenn litteraturvitskap, og underviser og forskar hovudsakleg i litteratur og litteraturdidaktikk. Myren-Svelstad forskar på litteratur i ulike sjangrar, og interesserer seg m.a. for grafisk litteratur, adaptasjon, økokritikk og kjønnsteori. Som litteraturdidaktikar arbeider han fyrst og fremst med kanonproblematikk, kritisk lesing, og korleis berekraftig utvikling kan integrerast i norskfaget. I tillegg er han oppteken av formidlingsarbeid, og lagar saman med kollegaer ved NTNU podkasten Litt.Snakk.