Anne Grethe Sønsthagen er stipendiat i pedagogikk på barnehagelærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Tittelen på prosjektet er: ”Barnehageleiinga sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving i barnehagen: Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar”. Formålet er å utforske om og eventuelt korleis barnehageleiinga gjennom arbeid med fleirkulturell kompetanseheving kan gjere barnehagen til ein arena for inkludering.

I 2016-2017 var Anne Grethe høgskulen sin koordinator for den nasjonale satsinga "Kompetanse for mangfald" i Sogn og Fjordane. Sønsthagen er utdanna førskulelærar med master i fleirkulturell og internasjonal utdanning.