Monica Vedvik er høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho har lang erfaring som miljøterapeut innanfor helsesektoren, og som lærar og spesialpedagog i grunnskulen. Interesseområda er særleg innanfor sosial-konstruktuvistiske teoriar der tru og forventningar skapar sosiale realitetar.