Forsking: Lærarar i Noreg er generelt dyktige til å utvikle positive læringsmiljø og organisere undervisninga i klasserommet. Men det kan vere tenleg å rette meir merksemd mot å vidareutvikle støtta lærarar gjev til fagleg læring.

Læringa og utviklinga til elevane er avhengig av støtta vaksne gjev til å nytte ferdigheiter dei alt har og støtte utvikling av meir komplekse ferdigheiter.

Sjølv om dei fleste lærarar nyttar praksis, strategiar og metodar som fremmar læring sosialt og fagleg, er variasjonen mellom klasserom stor. Det viser dei fyrste resultata basert på observasjonar frå klasserom ved skular som deltek i CIESL-prosjektet.

I studien er det sett nærare på tre sentrale områder for utøving av lærarrolla:

  • lærarane sin emosjonelle støtte til elevane
  • organisering av strukturar, rutinar og undervisning i klasseromet
  • læraren si støtte av læringsaktivitetar

Dette er sentrale områder innan lærarars arbeid med å leie undervisning og læring i klasserommet. Hovudmålet for studien er å identifisere praksis, strukturar og metodar lærar nyttar, som tidlegare forsking har vist er positivt relatert til elevane si læring både fagleg og sosialt. I tillegg er det teoretiske rammeverket som ligg til grunn for dei tre sentrale områda ved undervisning, Teaching Through Interaction, presentert på norsk.

Lærarane er dyktige på emosjonell støtte og klasseromsorganisering

Resultata som syner at lærarar sett under eitt er dyktige til å gi emosjonell støtte og organisere klasserommet er ikkje uventa. Dette er områder som vi i norsk skule har vektlagt sterkt dei to siste tiåra. Sjølv om resultata tyder på at lærarar generelt er dyktige på desse områda, er det òg tydelege indikasjonar på at også innan emosjonell støtte og klasseromsorganisering er det områder der det kan vere tenleg å styrke arbeidet med.

Læringsstøtte, rettar merksemda mot den generelle støtte lærarar gir til fagleg læring og som er uavhengig av kva fag ein underviser. Denne type støtte til elevane er eit område det i Noreg har vore lagt lite vekt når vi har snakka om læraren si leiing av undervisning, både i lærarutdanning og i utøving av lærarrolla. Det er såleis ikkje overraskande at lærarar nyttar mindre av denne type praksis og strategiar enn dei områda ein har gitt mykje merksemd.

Stor variasjon i bruk av praksis, strategiar og metodar

Sjølv om lærarar som gruppe i stor grad nyttar sentral praksis, strategiar og metodar, syner resultata at bruken av dei variere mykje mellom klasserom.

Det er for tidleg å seie noko konkret om årsakene til dette, og kva implikasjonar det har, men det er urovekkande at variasjonen er så stor. Så stor at vi må stille spørsmål om einskapsskulen/fellesskule er under press. Resultata viser at det er behov for ein debatt om korleis vi kan styrke bruken av effektiv praksis, strategiar og metodar der det er behov for det.

Resultata er utdjupa i artikkelen Observert klasseromsinteraksjon som grunnlag for profesjonell utvikling som er publisert i tidsskriftet Psykologi i kommunen nr. 6, 2017.