Kunnskap og kompetanse kan forvitre, bli feig og forsiktig og miste aktualitet før ein veit ordet av det. Difor treng personleg kunnskap ettersyn. Eit slikt ettersyn gjeld dei relasjonelle kvalitetane som gjer kunnskapen robust. Det er til dømes i «uenighetsfellesskapet» at den personlege kunnskapen blir sosialt robust. Ein må altså ut av den indre krinsen der semje rår grunnen og søke motstand.

Vi kan ikkje lukkast med kunnskapen vår utan at vi til ein stor grad er sosialt konvensjonelle. Viss dei relevante personane i eit fagmiljø eller i eit samfunn vender tommelen ned, vil ikkje kunnskapen vere mykje verd.

Då Kopernikus fann ut at det var sola, og ikkje jorda, som planetane sirkla rundt, gjekk teorien i den grad på tvers av etablerte oppfatningar blant både vitskapsfolk og autoritetar i kyrkja at han lét det gå 30 år frå han forma ut teorien til han gav ut boka Om himmelsirklane si omdreiing i 1543. Kopernikus hadde truleg vurdert det slik at risikoen for å bli avvist og gjort til latter i relevante miljø var større enn risikoen for stadfesting, derfor venta han med å lansere det heliosentriske synet heilt til slutten av livet.

På Kopernikus si tid var den religiøse kosmologien ein mektig premiss for kva som var akseptable teoriar om rett og gale i vitskapleg forstand. I moderne samfunn er det ikkje lenger slik. No må det gode omdømmet for kunnskapen forankrast i meiningane til mange enkeltpersonar eller grupper som går god for kunnskapen. Studentar og forskarar må samle på referansar til kvalifiserte personar når dei skal skrive ei fagleg oppgåve eller ein artikkel. Elles vil ikkje kunnskapen reknast som godt nok underbygd. Sanninga er sosialt konstruert.

For to–tre hundreår sidan var dette annleis. Då kunne det til dømes skje at ei bok (Bahr 1853) vart omsett frå tysk til norsk utan at namnet til den tyske forfattaren var nemnd. Kvifor skulle han absolutt nemnast? Han var likevel berre ein funksjonær og servitør av den store sanninga.

Bahr tenkte kanskje at kunnskapen i verda er den same, uansett kven sin munn eller penn visdomen passerer på vegen. Rolla til det enkelte mennesket var berre å vere stafettpinne for den laupande sanninga som alltid hadde retning mot det gjevne målet uansett.

Tilsvarande haldningar kan ein i dag finne blant studentar med bakgrunn frå område i verda der religiøse institusjonar framleis har eit sterkt grep på kunnskapsutøvaren. Den sekulære kunnskapsutøvaren trur ikkje at det finst nokon guddommeleg garanti for kunnskapen. Vedkomande har i staden blitt meir avhengig av stadfesting frå andre menneske.

Anerkjenning

Utan godt omdømme vil den sekulære kunnskapsutøvaren kjenne seg usikker både på seg sjølv og på kunnskapen. Fruktene av eit godt omdømme e «an-erkjenning». Det er ei personleg erfaring av at andre menneske knyter si erkjenning «an» til mi – at det eg har å kome med, blir akseptert og respektert. An-erkjenninga gjev sjølvtillit, mot og styrke til eiga erkjenning. Halldis K. Leira (2003) kallar denne prosessen for «gyldiggjeringsspiralen»:

  1. For at jeg skal våge å dele mine hemmeligheter eller erkjenne nye dristige tanker, må jeg i noen grad oppleve meg som anerkjent av Den andre.
  2. Når jeg gjør dette, knytter jeg min fantasi/ tanke an til De(n) andres erkjennelse.
  3. Ved å gjøre dette vil jeg få min tanke avkreftet eller bekreftet.
  4. Hvis min tanke blir bekreftet av De(n) andre, skjer det et kvalitativt sprang: Min idé opphører å være min private fiksjon og går over til å bli en del av en intersubjektiv virkelighet. En bit av min virkelighet blir gjenerobret som gyldig.
  5. Hvis mine tanker blir bekreftet, erfarer jeg i tillegg at jeg ikke var dum som tenkte slik, og kanskje blir jeg dristigere til å dele flere hemmeligheter og/eller våge å erkjenne mer.

Både på individnivå og på institusjonsnivå vil ein erfare at kvaliteten i kunnskap er avhengig av domen frå andre. Vitskapshistoria byr på fleire gode eksempel på at omdømme er avgjerande for kva som blir rekna for sann og relevant kunnskap i eit samfunn eller i ein kunnskapsinstitusjon. Thomas Kuhn (1962) hevda til dømes at den sosiale dynamikken internt i eit etablert vitskapsfelt har ein tendens til å halde representantar for ny kunnskap utanfor ved å nekte dei anerkjenning.

Berre dei som står for «normal-vitskapen» blir godkjende i miljøet. Når eit nytt vitskapleg «paradigme» endeleg kan slå igjennom, er det ikkje før den eldre garden kjem i fagleg-sosialt mindretal i institusjonane, hevda Kuhn.

Også eg og du finn stoff til omdømmet vårt i andre sin godhug eller velvilje for kunnskapen vår, ved at dei «skriv under på» at det er bra det vi gjer. Slik blikket frå andre ser deg som kunnskapsutøvar, slik vil du vere tilbøyeleg til å forstå deg sjølv. Og den kunnskapen som folk rundt deg gler seg ved, vil du sjølv bli glad i. «Om du blir vis og viss på deg sjølv, blir du det via den Andre sin tolkande spegel og det du tolkar i den», skriv E. Edvardsen (2005). Kunnskapen er sosial på både godt og vondt. Vi blir kompetente så vel som konforme i samfunnet sitt famntak.

Sosialt robust kunnskap

Historisk sett har autoriteten til ulike mektige institusjonar vore avgjerande for å sikre kunnskapen legitimitet i samfunnet – kunnskapen har vore institusjonelt robust. Helga Nowotny med fleire (2001) hevdar at den tradisjonelle, internt konsoliderte og litt lukka kunnskapsmiljøa, slik som fagmiljø innanfor visse eliteuniversitet, har vanskelegare for å gjere seg gjeldande enn før.

Desse miljøa har ein smal basis, kulturelt og sosialt, noko som i støre grad enn før resulterer i sviktande tillit i samfunnet. Ifølgje Nowotny mfl. trengst det i dag eit meir heterogent fundament for kunnskapen. Det vil seie at fagmiljø må hente fagleg støtte på eit breitt grunnlag og ikkje nøye seg med støttespelarane som opererer nær kjernen av det institusjonelle fellesskapet. Stadfestinga må skje i opne, empiriske landskap der kjeldene til godkjenning er fleire og omfattar folk, verksemder og organisasjonar med eit stort mangfald av tilknytingspunkt til kunnskapen. Tendensen går i retning av at kunnskapen må vere breitt kontekstualisert snarare enn smalt institusjonalisert dersom han skal vere «sosialt robust».

Susan Cain portretterer i boka Quiet (2012) eit samfunn som berre verdset dei mest utovervende og sosialt omgjengelege individa, og hevdar at det hypersosiale mennesket er eit historisk nytt ideal, eit ideal som er forbunde med utviklinga av marknadsføring og interessa for kva som kan seljast. Før ca. 1900 var det snarare det å ha karakter som gav folk tillit til eit menneske, skriv Cain.

Då galdt det ikkje så mykje inntrykket eit menneske gav i det offentlege, som korleis eit menneske tedde seg i det private. Deretter utvikla det seg ein ny kultur der personlegdom var heilt avgjerande. No galdt det å vere fascinerande, original, energisk, attraktiv – det handla om «performance». Sosial status har følgjeleg blitt eit «must» for den som vil gjere seg gjeldande med kunnskapen sin.

Sherry Turkle har studert unge menneske si jakt etter sosial status i dei såkalla sosiale medium, Internett og særleg Facebook. I boka Alone Together (2011) skriv ho at elektroniske forum gjer det mulig for folk å samle på «no-risk relationships». Til dømes kan ein person i prinsippet velje kven som skal få lov til å gje bidrag til Facebookprofilen sin. Ida Aalen har tidlegare skrive om dette i Bedre Skole (nr. 3-2013). Der påpeikar ho at unge brukarar søker seg til lukka grupper på Facebook der dei slepp granskande blikk frå foreldre og andre vaksne.

Eit nærliggjande spørsmål relatert til Turkle si analyse er om vi er i ferd med å utvikle ein personleg kunnskapsprofil etter same mønster som identitetsprofilen vi skaper på Facebook? I akademiske samanhengar kunne det til dømes innebere at ein sikrar seg kontroll over kven som er «referee», at ein berre bruker ja-menneske som referansepersonar for kunnskapen vår.

På nettet har det til dømes gått ein diskusjon om praktisering av «peer review» innanfor feltet miljøforsking, der det vart påstått at fagfellevurderingar er i ferd med å utvikle seg til vennetenester – «peer review» har vorte til «pal review». Utfordringa synest å vere den ekstreme fridomen med omsyn til val av kjelder og referansepersonar som følgjer av Internett. Med enkle grep kan vi sile referansar og finne støttespelarar for alle slags kunnskapsprodukt, uavhengig av kvalitet – uansett kor esoteriske interesser ein har, er ein like fullt garantert å vere omgjeven av entusiastar, skriv Turkle.

Internettguruen Jaron Lanier (2011) stadfestar ei slik analyse når han hevdar at nettet stimulerer flokkmentalitet, at folk er meir viljuge enn elles til å gje avkall på seg sjølv for å bli del av noko større. Og Sherry Turkle viser korleis unge brukarar av Facebook formar tankane sine ved å sende ut små prøveballongar og la dei eigne meiningane ta form ut frå den retninga som responsen tek. Turkle åtvarar om at vi står i fare for å miste styringa med oss sjølve når vi orienterer oss etter «likes» og «dislikes» i sosiale medium. Kunnskapar som vi etablerer på denne måten, kan vise seg å ha eit svakt fundament sjølv om det er aldri så mange «likes». Hypersosial kunnskap er ikkje nødvendigvis sosialt robust.

Lære å lytte til folk med liten innverknad

Det er ein viss fare, både for den som lagar ein Facebook-profil, og for den som utviklar ein fagleg kunnskapsprofil relatert til forskingsarbeid, at ein i søket etter «venner» eller allierte, endar med å samle «snille» vitne for eigen posisjon eller prestasjon og ekskluderer dei kritiske eller avvisande vitna.

Ein typisk utslag hos akademiske skribentar, er å samle på referansar med høg status. Dei blir freista til å velje kjelder som er siterte mange gonger av andre, framfor å bruke kjelder som sjeldan er siterte, men som kanskje er meir relevante for det eigne prosjektet.

Verdien av applaus er tvitydig når det gjeld å underbyggje kunnskap. På den eine sida er kunnskap svært avhengig av godkjenning frå relevante andre personar, på den andre sida kan eit positivt omdømme gje falsk legitimitet til ein kunnskapsutøvar som søker lettkjøpt stadfesting. Kunnskapen blir upåliteleg når det, slik det er karakterisert av de Botton (2004:25), er «svak kapasitet når det gjeld sjølvstendig dømmekraft kombinert med appetitt på synspunkta til innverknadsrike personar». Som sitatet indikerer, kan det paradoksalt nok vere ein risikabel strategi for kunnskapsutøvarar å basere seg einsidig på vitneprova til dei som har mest innverknad.

Særleg i situasjonar der det er klart at eiga dømmekraft er utilstrekkeleg, bør ein ikkje reservasjonslaust gje seg over til autoritetar, men heller våge å gå breitt ut, det vil seie at ein passar på å inkludere folk med utradisjonelle synspunkt, og med beskjeden innverknad, som bidragsytarar til eins eige omdømme.

Ein kunnskapsutøvar med integritet har lært seg å vie merksemd til outsiderstandpunkt, til mindretalsmeiningar, og vil ikkje einsidig støtte seg på statuspersonar eller representantar for det «fagleg korrekte». Den moderne kunnskapsutøvaren treng ein etikk for det å søkje stadfesting som i tråd med Nowotny mfl. (2001) erkjenner at sosialt robust kunnskap krev «hybride forum» og «asynkron utveksling», ikkje berre feedback frå ein hard kjerne av likesinna.

For å gjere kunnskapen vår meir sosialt robust, bør vi trene på å vise tillit til folk vi ikkje kjenner (Hardin, 2002). I eit samfunn som er komplekst både sosialt og fagleg, krevjast det at vi kan lytte seriøst til kulturelle outsiderar, at vi aktivt motarbeider tendensen til å mistru kompetansen til folk med låg status eller liten innverknad. Dette er inga lett øving, for det er eit universelt trekk ved folk å vere etnosentriske – det vil seie at folk ser verda først og fremst ut frå sin eigen kulturelle ståstad og favoriserer eigne gruppemedlemer på kostnad av representantar for andre grupper.

Alt i 1950 hevda David Riesman at folket i USA og i Vesten var i ferd med å bli ytre-styrte. Vel femti år seinare skriv Turkle at vi er i ferd med å bli «hyper-ytrestyrte». I omgrepet «ytrestyring» ligg det at folk i altfor stor grad søker å støtte seg på andre sine meiningar og vurderingar. Manglande tru på seg sjølv er eit alminneleg problem for kunnskapsutøvarar i eit moderne samfunn, og den enorme mengda av potensielt relevante meiningar og synspunkt som no er tilgjengelege for oss, gjev oss nye utfordringar.

I tråd med Turkle og Lanier hevdar Cass Sunstein (2007) at Internett gjer det lett å filtrere kunnskap, slik at ein berre treng lese eller lytte til det som er i tråd med eigne meiningar. Sunstein ser ein stor risiko for at diskusjon mellom likesinna vil kunne produsere overdriven sjølvtillit, ekstremisme, forakt for andre og enkelte gonger også valdelege handlingar. Den arrogante eg-utfaldinga som blir skapt under «virtuelle» vilkår, er ikkje grunna på faktisk tillit frå andre menneske, men på eigne projiseringar og fingerte tillitserklæringar.

I eit moderne medieteknologisk miljø kan sjølv den mest fattigslege kunnskapsutøvaren byggje opp ei personleg flodbylgje av meiningsstyrke og indignasjon ved den sjølvovertalinga som kan setjast i scene gjennom ein tendensiøs bruk av vitneprov på Internett. Ekstremisme synast å trivast spesielt godt i eit kunnskapsmiljø der det er enkelt å selektere alt som kan styrke trua og sjå bort frå alt det andre; der ein kan tuske til seg eit positivt omdømme på falske premissar ved å bruke utvalde ytringar frå andre personar i eit puslespel der dei ikkje høyrer heime.

Når kunnskapsutøvaren sitt omdømme er sjølvkonstruert på denne måten, blir kunnskapen aldri sosialt robust, han er usikker og lunefull. Kunnskap som er boren fram av ei overtyding, er radikalt annleis og langt meir tilfredsstillande fordi overtydinga er knytt til erfaringa av at eigen kunnskap er sett og gjort gyldig gjennom blikket til nærverande andre som er ulike ein sjølv.

Intersubjektivitet utan semje

Sann overtyding hos ein kunnskapsutøvar inneber at vedkomande sjølv ikkje kontrollerer kjeldene for sitt eige omdømme. Kunnskapsutøvaren er eksponert for røyster som motseier dei eige meiningane. Utdanningsforskaren Eugene Matusov skriv i ein artikkel med den talande tittelen «Intersubjectivity without agreement» (1996) at vi har vent oss til å tenkje på intersubjektivitet som noko som gjeld «det å ha til felles». Vi forvekslar verdien av samhandling med verdien av semje.

Vi burde i staden sjå på intersubjektivitet som ein «koordinasjon» av diversitet (mangfald) når det gjeld menneskelege handlingar og oppfatningar, ein prosess som organiserer motsetnader, men som ikkje må sameine og standardisere. Det er naturleg at menneske står i stridande relasjonar med kvarandre, understrekar Matusov. Skilnader er ikkje negativt og uproduktivt. Matosov har laga eit epigram for å illustrere kva han meiner bør vere haldninga vår (ibid., s 25):

I know that I am wrong but I do not know where exactly I am wrong, to what degree, or why. I hope people who disagree will help me clarify these questions.

Sosiologen Lars Laird Iversen har skrive ei bok med tittelen Uenighetsfellesskap (2014) der han kritiserer den utbreidde ideen om at gode fellesskap kviler på delte verdiar. Han skriv mellom anna at det «å samarbeide med noen du er uenig med er en ferdighet» (s. 22). Avgjerder som blir tatt ansikt til ansikt i eit «uenighetsfellesskap» er gjerne av betre kvalitet enn avgjerder som spring ut av eit fellesskap av folk som tenker likt. Det er i «uenighetsfellesskapet» at den personlege kunnskapen blir sosialt robust. Ein må altså ut av den indre krinsen der semje rår grunnen og søke motstand dersom ein skal lukkast med å gjere den omdømmebaserte kunnskapen sterk.

Eit personleg vellukka kunnskapsliv

Eit vellukka kunnskapsliv for det enkelte mennesket handlar i stor grad om å pleie sterke relasjonar til utvalde kunnskapsobjekt. Poenget er at både gleda og tryggleiken ved personleg kunnskap blir svekka når kunnskapen ikkje lenger kjennest påliteleg, når han til dømes ikkje vekker respons, når han ikkje vinn over ein motstand eller løyser det problemet vi har.

Då innbiller vi oss kanskje at vi må jakte nye kunnskapsområde og nye kunnskapsobjekt, men like viktig som livslang læring er det varige vedlikehaldet av kunnskapsrelasjonar som alt er etablerte. Viss ikkje risikerer vi at den etablerte kunnskapen og kompetansen vår forvitrar, blir uskarp eller mister aktualitet.

I denne artikkelen har eg peika på at kvalitet i personleg kunnskap er kvalitet i relasjonen mellom kunnskapsutøvar og kunnskapsobjekt. Eg har spesielt diskutert den sosiale kunnskapsrelasjonen, den eg har kalla omdømme. I boka Kunsten å kunne (2015) inkluderer eg to andre relasjonar til kunnskapsobjektet, omsorg og omgrep, som trengst for den som vil gjere grundige inspeksjonar i kunnskapslivet – enten i sitt eige eller hos andre.

Litteraturhenvisninger

Cain, S. (2012). Quiet – The Power of Introverts in a World that can’t stop Talking. London: Penguin Books.

Hardin, R. (2002). Trust and Trustwortiness. New York: Russell Sage Foundation.

Iversen, L.L. (2014). Uenighetsfellesskap. Blikk på demokratisk samhandling. Oslo: Universitetsforlaget.

Kuhn, T. (1962). The Structure of Scientific Revolutions. Chicago: University of Chicago Press.

Lanier, J. (2011). You are not a gadget. London: Penguin books.

Leira, H.K. (2003). Det gode nærvær. Kulturens psykologiske betydning. Bergen: Fagbokforlaget.

Matusov, E. (1996). «Intersubjectivity without agreement». Mind, Culture and Activity, Volume 3, Issue 1 (s. 25-45).

Nowotny, H., Scott, P. & Gibbons, M. (2001). ReThinking Science – Knowledge and the Public in an Age of Uncertainty. UK: Polity Press.

Riesman, D. (1950). The Lonely Crowd. New Haven: Yale University Press.

Sunstein, C. (2007). Republic.com 2.0. Princeton, NJ: Princeton University Press.

Turkle, S. (2011). Alone Together. Why we expect more from technology and less from each other. New York: Basic Books.

Aalen, I. (2013) Å vokse opp i sosiale medier. Bedre Skole, nr. 3. Oslo: Utdanningsforbundet.