Det er viktig for elevane å kunne le saman med læraren og at lærarane snakkar med dei som jamstilte. Ein ny studie gir eit blikk inn i korleis elevane snakkar om og ser på læraren.

Tekst: Elin Nyberg

Denne saken er også publisert på forskning.no

Alle lærarar veit dei vert omtala i heimane og andre samanhengar.

– Læraren er ein autoritetsperson for elevane. Som i alle slike tilfelle vert han eller ho naturleg eit populært samtaleobjekt og konstant utsett for vurderingar, seier universitetslektor Narve Dolve ved Universitetet i Stavanger (UiS).

I samband med doktorgraden sin har han intervjua 14 elevar på det 10. klassetrinnet i grunnskulen og sett på korleis dei karakteriserer lærarane sine i uformelle samtalar seg imellom, på skulen eller i fritida.

Elevane sine historier

Dolve viser korleis elevane deler sosiale vurderingar innanfor mange typar samtalesituasjonar.

Leik, ironi, respekt, undring, tillit og mistillit, overdrivingar og hinting, anekdotar og eksempelbruk har naturleg plass i samtalene:

«Fyrsteinntrykket har mykje å seie. Du gjer deg opp ei forventning, liksom, med ein gong du ser han. Så viss han kjem for seint med kaffikopp i handa og mjølkebart. Så tenker eg jo liksom at dette er ikkje ein skikkeleg lærar, på ein måte. Du tenker, liksom, kanskje at han ikkje er heilt skikkeleg.»

«Me har jo alle høyrt om ho som kunne begynne å grine om ho høyrde ordet katt. Ja, katten hennar hadde nettopp døydd, eller noko sånt. I vår klasse var det ingen som sa ordet katt.»

«Eg har ei litlesyster, og ho begynte nettopp i 8. klasse, og då får ho vite mine synspunkt på læraren, og viss eg seier at den læraren er ingen ting, og kan ikkje lære frå seg, då har jo eg sat eit, liksom, grunnlag for kva ho tenker når ho kjem i skulen.»

Dømer ikkje ukritisk

Vandrehistorier om lærarar som har vore i aktivitet ei tid, er heilt vanlege – og vert omgjorde når dei når nye øyre og vert vidareformidla.

Men elevane har utprega kritisk sans. Dei baserer seg ikkje berre på rykte og omtale frå andre, sjølv om forventningar kan vere bygde opp. Dei vil sjå og høyre personen før dei gjer seg opp meiningar.

Det vil òg seie at omdømmet til læraren kan endre seg over tid.

Reglar for kva som kan seiast

Dolve viser til såkalla talehandlingskrinsar, der fleire personar – i dette høvet elevar – utgjer ein fellesskap og utviklar usagde reglar for kva som kan seiast, korleis og til kven.

I desse fellesskapane kjem det fram meir og mindre direkte vurderingar av læraren og arbeidet til læraren.

Dette er normalt i kommunikasjon mellom unge og ledd i treninga i å grunngi påstandar for å overtale og overtyde andre og sjå og oppfatte reaksjonar hos mottakaren. Men det er tidlegare forska lite på det i forholdet elev/lærar.

– Innanfor ein slik talehandlingskrins finst der ikkje-uttalte normer som seier at kvar einskild deltakar må ha ei meining om nokon, i dette høvet lærarane sine, og dele denne oppfatninga med andre, seier Dolve som føreles i pedagogikk og retorikk på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved UiS.

Omdømmet til læraren

Han brukar omgrepet omdømme om dei sosiale vurderingane som fylgjer læraren. Desse vurderingane får òg verknader for kva for relasjonar læraren har til arbeidsstaden og til dei læraren arbeider med.

Korleis elevane snakkar om læraren, verkar attende på lærarens arbeid og ryktet eller omdømmet til læraren i lokalmiljøet.

Lærarar som har opparbeidd seg eit dårleg omdømme, er utsette for risiko.

For det fyrste kan elevane ta til å tale stygt om eller til læraren. For det andre kan det vere vanskeleg å halde disiplin, og då hjelper det ikkje for læraren å vere streng. Det styrkjer berre det negative omdømmet og tyder for elevane på veikskap.

Kan endre seg

Samstundes viser Dolve korleis samspelet mellom lærar og elev kan betre seg når læraren vert meir trygg på seg sjølv, eller reagerer på måtar elevane forstår betre, respekterer eller set pris på. Det kan gjerne vere at dei vert overraska.

Elevane set til dømes pris på at læraren kombinerer det faglege med humor. Slik kan læraren legge til rette for læring og skape ein positiv kultur rundt læringa.

Det er òg viktig at læraren kan arbeide med lærestoffet på varierte måtar.

Ein elev i studien kommenterte:

«Eg likar det når dei kan seie morosame ting i det som har med undervisninga å gjere. Sånn, til dømes, i norsk viss me har lest ein tekst eller sånt der, så kan dei seie ein vits, så kan me ha det litt gøy i klassen med læraren. Då kosar eg meg skikkeleg mykje.»

Viktige vurderingar

Dolve meiner læraren ikkje bør undervurdere kor viktig det er for læringa at elevane er interesserte i å gjere vurderingar av ein. Anten som underhaldning, som sjølvforståing eller for å oppnå betre kontroll.

– Spelet mellom elevane sine forventningar og dei faglege og pedagogiske kunnskapane til læraren er grunnlaget for eit positivt læraromdømme som tryggar og byggjer autoriteten til læraren, forklarar han.

Litteraturhenvisninger

Narve Dolve: Eleven sine talehandlingar og læraren sitt omdømme. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Stavanger. (2019)