Skriving er viktig for å læra seg å lesa! Det er nemleg slik at mange barn skjønar koplinga mellom lyd og bokstav når dei skriv. Forsking peikar på eit sett av fordelar som skriving kan gi i den første lese- og skriveopplæringa, slik som styrka bokstavkunnskap, læra bokstavane raskare, stimulera ordgjenkjenning og fonologisk medvit.

På den måten er skrivinga sjølve motoren i leseutviklinga. Denne motoren må læraren utnytta. Elevane må få tilgang til å skriva før dei har lært alle bokstavane - bruka skrivemotoren som ei kjelde til det å læra seg å lesa. Ein kan difor ikkje venta til etter jul med skriving- då er det for seint- då får ein ikkje utnytta skrivemotoren i leseopplæringa.

Heldigvis finst det eit sett av ulike måtar å iscensetja skriving på. Felles for desse er at dei er tilpassa begynnarskrivaren. Nokre slike didaktiske iscenesetjingar blir skissert i artikkelen «Skriving fra første dag – hvis skolen er forberedt» og Språkløyper-pakken Skriving i begynnaropplæringa.

Det siste året har det vore mykje debatt om kor det har blitt av leiken på 1. trinn. Leiken kan la seg naturleg integrera i skrivinga, slik kan leiken bli den motivasjonen nokre elevar treng for å skriva tekst.

Sjølv om det finst mange måtar å leggja til rette for skriving på 1. trinn viser ny forsking at norske elevar som byrjar på skulen får svært ulike moglegheiter til å skriva og dermed også svært ulike moglegheiter for å læra seg bokstavar.

Medan nokre elevar ikkje har fått høve til å skriva tekstar før jul, har andre kunna skriva 30 minutt eller meir i veka. Samstundes får mange elevar svært tronge skriveoppgåver som å skriva ord som startar på «g» eller skriva ord på dei bokstavane dei har lært, medan andre elevar får skriva langt meir kommunikative oppgåver som å skriva brev til ein av karakterane i Kardemomme by eller laga ei liste over julegåveynskje.

Det å skriva meldingar heim til foreldra kan også vera ein måte å leggja til rette for skriving på.

Du kan finna ut meir om denne tematikken i Språkløyper-pakken Skriving i begynnaropplæringa.