Denne artikkelen gjer greie for ei undersøking av tidsbruken ved PP-kontora i Møre og Romsdal. I undersøkinga blei dei ulike arbeidsoppgåvene og tidsbruken på dei ulike aktivitetane registrert. Konklusjonen er at 60 prosent av tida går med til individretta arbeid, 24 prosent av tida blei nytta til kontorinterne arbeidsoppgåver og 16 prosent til systemretta arbeid.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) kan historisk førast tilbake til etablering av ei skolepsykiatriordning i Oslo i 1923 (Valvatne, 1985). Dette skulle vere eit sakkunnig kontor med ansvar for å skilje «sinker og åndssvake» frå normalskolen. På den tida hadde desse elevane til dels ikkje rett på opplæring (åndssvake), eller det var eit statleg og ikkje eit kommunalt ansvar (evneveike). Denne ordninga representerer starten på den sakkunnige tradisjonen i PP-tenesta.

Så lenge vi hadde ei eiga lov om statlege spesialskolar,var denne sakkunnige tilrådinga i sterk grad knytt opp mot å finne fram til dei elevane som hadde rettar etter denne lova, dvs. plass ved statlege spesialskolar. Etter lovendringane i 1975 og overføring av alt ansvar for spesialundervisning til kommunane, blei dette knytt opp mot retten til å få dekt undervisning ved bruk av dei ekstra ressursane som kom frå staten og som skulle brukast til spesialundervisning.

Dette var dei såkalla B-timane som skulle vere ein øyremerka kompensasjon til kommunane for bortfallet av det statlege ansvaret for elevar som tidlegare ville hatt rett på undervisning ved statlege spesialskolar. Denne tildelinga fall bort ved innføring av rammeløyving i staden for øyremerka løyvingar til kommunane på 1980-talet. Men retten til spesialundervisning er framleis lovfesta i opplæringslova (§§ 5.1 og 5.7), og det er PP-tenesta som har ansvaret for at det blir gjort ei sakkunnig vurdering som gir rett til slik opplæring.

Historisk har sakkunnige vurderingar difor stått sentralt i arbeidsoppgåvene og forventningane til PP-tenesta, og i stor grad vore knytt opp mot juridiske rettar. Men den juridiske sakkunnige vurderinga skal vere basert på pedagogisk vurdering. Den skal for det første avklare om det er slik at eleven ikkje kan følgje den vanlege undervisninga på eitt eller fleire område, og på bakgrunn av dette kome med tilråding om korleis skolen skal kunne gi eleven eit tilpassa opplæringstilbod (§5.3).

For skuleverket er det nok denne sakkunnige tradisjonen som dominerer forventningane dei har til PP-tenesta. I ein gjennomgang av kommunale planar for spesialundervisning på 1990-talet fann Skårbrevik (1994) at PP-tenesta berre var nemnt som eit sakkunnig organ for skuleadministrasjonen, og Monsen (1996) konkluderte med at PP-tenesta i hovudsak blei sett på som ein del av skulebyråkratiet.

Men PP-tenesta har også ein meir mentalhygienisk tradisjon frå dei første skulepsykologiske kontora som blei etablert, først av den kjente barnepsykologen Charlotte Bühler eit par år før krigen (Bruun-Hansen, 1995) og i 1946 av Aase Gruda Skard i Asker. Etter kvart kom nok denne tradisjonen i bakgrunnen, og dei meir spesialpedagogiske problemstillingane kom i fokus. Dette hang saman med debatten rundt spesialskulane på slutten av 1960-talet. Utvalet som blei sett ned for å utgreie integrering av Lov om spesialskular i Lov om grunnskulen (Kyrkje- og undervisningsdepartementet, 1971), la stor vekt på at føresetnaden for ei nedlegging av spesialskulane, og tilrettelegging av tilbod for funksjonshemma i dei ordinære skulane, var at det måtte byggast ut ei god rettleiingsteneste.

Når så OECD vurderte korleis det hadde gått med målsettinga om integrering av funksjonshemma i det ordinære skuleverket tidleg på 1980-talet, konkluderte kommisjonen med at PP-tenesta held fram i same individretta spor som før spørsmålet om integrering blei sett på dagsorden. Det blei peika på at tenesta burde involvere seg meir i utviklingsarbeid i skolen som både kunne førebygge vanskar og få til betre opplegg for den enkelte elev med vanskar (Haug, 1998). I blei systemretta arbeid eit arbeid for PP-tenesta. Her heiter det at «Departementet vil understreke den pedagogisk-psykologiske tjenestens rolle i lokalt utviklingsarbeid ved den enkelte skole. Tjenesten bør prioritere systemorientert arbeid i skolen, og bidra til å støtte og stimulere lærere i det daglige arbeidet med å tilrettelegge og organisere undervisningen for elever med særskilte behov» ().

Tidlegare undersøkingar

Dette er i korte trekk bakgrunn for dei to viktigaste forventningane til arbeidet for PP-tenesta; det individretta og det sakkunnige arbeidet på den eine sida, og det systemretta på den andre. Føremålet med den føreliggande undersøkinga er å kartleggje kor mykje av den tida fagpersonane i PP-tenesta i Møre og Romsdal har til rådvelde som blir nytta på kvar av desse arbeidsområda. Dette er ikkje noko ny problemstilling. Nina Kiil (1989) grupperte arbeidsoppgåvene til PP-tenesta i individretta arbeid, konsultativt arbeid (arbeid indirekte retta mot brukaren) og arbeid på systemplan, og bad eit større tal PP-kontor vurdere kva dei brukte mest eller minst tid til. Vel halvparten av kontora brukte mest tid til direkte individretta arbeid, knapt halvparten mest tid på konsultativt arbeid og 3 prosent mest tid på systemretta arbeid.

Ola Bræin (1989, 1999 og 2008) har gjennomført i alt fire tidsstudiar av arbeidet i PP-tenesta i Møre og Romsdal. Undersøkingane blei gjennomførde ved at deltakarane fylte ut eit skjema over kva dei gjorde kvar halve time frå kl. 08:00 til 16.00. Svara blei i ettertid gruppert i 29 kategoriar, som så igjen blei redusert til ni. Alle undersøkingane blei gjennomførde i desember. Resultata frå dei to første og dei to siste studiane kan ikkje direkte samanliknast på grunn av noko ulik kategorisering av arbeidsoperasjonane, men forfattaren konkluderte med at i løpet av dei 30 åra frå 1975 til 2008 var tidsbruken til bruk av testar og prøver gått ned og erstatta med meir tid ute i skule og barnehage til observasjon. Også tid brukt til sakkunnig arbeid hadde gått ned. Undersøkingane i 1996 og 2008 kunne samanliknast ved at det var brukt stort sett dei same kategoriane (Bræin, 2008), og desse samanlikningane viste at

  • Tid brukt til undersøking og observasjon var uendra i perioden og utgjorde om lag 11 prosent av arbeidstida.
  • Tid brukt til samtale med foreldre hadde gått opp frå 9,6 prosent til 12,3 prosent av arbeidstida.
  • Samarbeid med personalet i barnehage og skule hadde gått ned frå 17 prosent av arbeidstida til 13,2 prosent.
  • Samarbeid med helse- og sosialetaten var stabil på 7 prosent av arbeidstida.
  • Tid brukt til planlegging, føre- og etterarbeid, journalføring og internt samarbeid stabilt på rundt 22 prosent av arbeidstida.
  • Tid bruket til sakkunnig arbeid, skriving av rapportar og brev hadde gått ned frå 12,2 til 8,5 prosent av arbeidstida.
  • Tid brukt til telefonar har gått ned frå 10,2 prosent til 8,4 prosent.
  • Tid brukt til systemretta arbeid som FoU, kurs og kompetanseheving auka frå 7,3 prosent til 10,7 prosent.
  • Tid brukt til administrative oppgåver hadde auka frå 4,8 prosent til 6,6 prosent.

Dybdal og Waksvik (2011) gjennomførde i 2008 ei undersøking av mellom anna tidsbruken knytt til nye brukarar av PP-tenesta. Arbeidet med brukaren som skulle gå over skuleåra 2007/2008, blei inndelt i følgjande fasar: inntak, utgreiing, tilbakemelding, kontorarbeid og oppfølging.

Gjennomsnittleg tidsbruk pr. sak skuleåret 2007/2008 var 22,4 timar fordelt med 13 prosent på inntaksprosessen, 30 prosent på utgreiing, 17 prosent på tilbakemelding, 25 prosent på kontorarbeid og 15 prosent på oppfølging. Tida brukt på inntaket var spesielt knytt opp mot samtalar med føresette og pedagogisk personale ved barnehagar og skular. Dei same var også sterkt involvert i utgreiingsfasen, men her var også observasjon, testing, møter og konsultasjon med andre sentralt. Tilbakemelding involverte som venta i første rekke føresette, pedagogisk personale og brukaren sjølv. Det same galdt stort sett også oppfølging. Under kontorarbeid var det den formelle sakkunnige vurderinga som tok mest tid i tillegg til arbeid med testrapportar og journalføring.

Dybdal og Waksvik (2011) har jamført nokre undersøkingar som går på fordelinga av tidsbruken på ulike aktivitetar i arbeidet i PP-tenesta. Det gjeld Fagleg enhet for PP-tjenesten (1997), Læringssenteret (2003), Bræin (2008) og Fylling og Handegård (2009). Tabellen er henta frå Dybdal og Waksvik (2011).

Det som er mest slåande med desse prosenttala, er kor ulike dei er når det gjeld tidsbruk på dei same arbeidsoperasjonane. Dette har nok samanheng med at ein har lagt ulikt innhald i definisjonen av dei ulike arbeidskategoriane. Resultata er så sprikande at dei ikkje kan tene som noen god indikasjon på arbeidet i PP-tenesta. Det har difor vore eit sentralt siktemål for arbeidet med den føreliggande undersøkinga å gjere dei ulike aktivitetskategoriane så eintydige som mogleg.

Gjennomføring av undersøkinga

Som nemnt er føremålet med undersøkinga å kartlegge tidsbruken i PP-tenesta på ulike arbeidsområde med fokus på individretta og systemretta arbeid. På bakgrunn av resultata i tidlegare undersøkingar la vi til grunn at ein ikkje alltid klart har kunne avgjere om ein arbeidsoperasjon var anten individretta eller systemretta. Same aktivitet kunne vere begge deler. Det blei difor laga eit spørjeskjema som for det første registrerte aktiviteten eller gjeremålet som blei utført. Dette var gitte kategoriar og mykje basert på dei kategoriane som Ola Bræin kom fram til i sine rapportar.

Deretter om dette arbeidet var individretta og eventuelt om sakkunnig vurdering inngjekk i dette, om det var systemretta arbeid og kva som eventuelt inngjekk i dette systemretta arbeidet. I tillegg blei også samarbeid med andre, inkludert foreldre, registrert. På denne måten meiner vi å kunne registrere betre omfanget av dei to hovudarbeidsområda til PP-tenesta.

Tabell 1: Prosentdel av tidsbruken ved PPT fordelt på ulike arbeidsoppgåver.

 

FAGLIG ENHET

LÆRINGS-SENTERET 

BRÆIN 

FYLLING OG HANDEGÅRD

Arbeid direkte med enkeltpersonar

 

30%

11%

29%

Rådgjeving/ rettleiing av føresette

58%

11%

12%

13%

Rådgjeving/konsultasjon retta mot skule og/eller barnehage

 

20%

20%

24%

Kompetanseutvikling/
organisasjonsutvikling

28%

11%

11%

12%

Arbeid med sakkunnige fråsegner

 

18%

9%

24%

Internt arbeid/leiing

14%

10%

37%

15%

Anna

 

9%

 

 

Sum (Større enn 100% pga. registrering på fleire enn ein kategori)

100%

109%

100%

117%

Dersom den registrerte aktiviteten var til dømes «samråding/samtale», skulle det noterast kvar aktiviteten fann stad, kven som deltok, om det var møte, telefonkonferanse eller liknande og om kva type arbeid saka omfatta. Gjaldt det ein individuell brukar, skulle det registrerast om det var sakkunnearbeid eller ikkje og aldersnivå. Var samrådinga del av eit systemretta arbeid, skulle det noterast kva type systemarbeid dette innebar og kven som var målgruppa for det arbeidet.

I tillegg til desse fagleg retta aktivitetane blei det også registrert det som blei kalla «kontorinterne funksjonar». I dette inngjekk ulike arbeidsoppgåver som ikkje direkte kunne knytast til aktuelle brukarar eller systemretta arbeid slik som interne møter, administrative oppgåver av ulik karakter og personleg kompetanseheving. Ein del tid gjekk også bort til reising mellom kontor, skular og barnehagar m.m. Tidsbruk til pausar og andre mindre gjeremål i løpet av dagen vart notert som «restaktivitetar». Sjukefråvær på registreringsdagen blei også registrert.

Registreringsskjemaet blei bygd opp slik at deltakarane registrerte alle aktivitetane dei utførte i løpet av dagen og kor mange minutt dei brukte på kvar av aktivitetane. Registreringane skulle gjerast i etterkant av arbeidsdagen basert på notat om kva som var gjort. Det blei gjort ei pilotundersøking ved eitt av PP-kontora, og det endelege skjemaet blei justert på innspel frå tilsette ved dette kontoret. Utvalet i undersøkinga var alle dei 136 fagleg tilsette ved dei 19 PP-kontora i Møre og Romsdal.

Datainnsamling

I Ola Bræin sine undersøkingar blei datainnsamlinga gjort i desember. Vi ville ha eit noko breiare registreringsgrunnlag og valde til slutt å gjennomføre tre datainnsamlingar – 1. oktober, 4. desember og 23. mai på ein måndag, ein tysdag og ein torsdag. Alle kontora fekk tilsendt ein omfattande instruksjon om utfylling av registreringsskjema, og til kvar tilsett låg det ved ferdig kopierte skjema med eksempel på utfylling.

Det kom inn 361 svarskjema frå 126 av 136 tilsette i oktoberregistreringa, 127 i desember og 108 i mai. Tre kon,tor 93,4 og 79,4. Samla svarprosent for alle tre datainnsamlingane var 88,5 noko vi ser på som godt tilfredsstillande.

Av dei 361 svarskjemaa vi fekk inn, var det på fleire oppført at den tilsette hadde fri på registreringsdagen (eller delar av dagen) på grunn av deltidsstillingar, avspasering eller av andre grunnar, slik at det var uaktuelt med registrering av aktivitetar. Desse vart registrerte i ein kategori for fritid og avspasering som i alt utgjorde 36 dagsverk.

Dei resterande registreringsskjemaa skulle såleis representere 325 dagsverk eller 2438 timar tilsvarande ca. 1,4 årsverk. Innsamla data viste at dei tilsette som var aktuelle for aktivitetsregistrering, i alt stod for 2453 timeverk desse tre dagane, som viser at det samla sett var 15 timar med «overtidsarbeid» desse tre dagane.

Kvar aktivitet som dei tilsette registrerte, vart ein eigen variabel i undersøkinga og knytt til registreringsdag, kontor og kven som hadde fylt ut skjemaet. I alt vart 2130 aktivitetar registrert, med gjennomsnittleg tidsbruk på 65 minutt. Like aktivitetar blei slegne saman til ein – til dømes ville tre økter med førebuingsarbeid til kurs på høvesvis 30, 20 og 60 minutt spreidd utover dagen, bli registrert ein gong under aktiviteten Førebuing m.m. med 110 minutt. Respondentane registrerte frå ein til knapt 20 aktivitetar i løpet av ein arbeidsdag – frå fem minutt til heile arbeidsdagen.

Dei mest sentrale variablane i undersøkinga er tidsbruk og type aktivitet. Begge desse variablane er konkrete og greie å registrere, og har ikkje representert problem ved utfylling av spørjeskjemaet.

Som det går fram av spørjeskjemaet, skal registrering av aktivitetane supplerast med opplysningar om samarbeid, aldersnivå for brukarane og fleire spørsmål knytt til kven eller kva arbeidet var retta mot. Dette har nok representert større problem for respondentane. I tillegg blei dei bedne om å vurdere om dei aktuelle aktivitetane som blei utførde var individretta, systemretta eller av kontorintern karakter. Ei slik kategorisering oppnådde vi for om lag 80 prosent av dei faglege aktivitetane. Dette tilseier at rundt 20 prosent av arbeidstida ikkje er gjort greie for når det gjeld desse tre arbeidsområda. Når det gjeld kompleksiteten i registreringa, er dette godt tilfredsstillande.

Tilsvarande problem oppsto når det galdt samarbeid. For dei aller fleste aktivitetane er det gitt tilfredsstillande opplysningar, men det synest som om det var lett å gløyme nokre detaljar inn i mellom. Døme på dette var at det kunne vere registrert samarbeid med foreldre, men ikkje kva form dette samarbeidet har hatt.

Resultat

Spørjeskjemaet inneheld i alt 10 ulike faglege aktivitetar som skulle registrerast pluss ein kategori for reising og ein for pausar m.v. og også ein ikkje spesifisert «anna»-kategori for gjeremål som respondentane ikkje fann naturleg å gruppere i ein av dei 10 definerte fagaktivitetskategoriane. Det er to mål på aktivitetsomfang:

  • Kor mange gongar aktiviteten er registrert
  • Tid brukt til aktiviteten

I tillegg er sjukefråvær, avspasering eller fridagar pga. deltidsstilling blitt registrert. Figur 1 viser tidsbruk i minutt på dei ulike aktivitetane.

Vi ser at samråding med andre er den dominerande aktiviteten med heile 28 prosent av tidsbruken desse tre dagane. Avgrensar vi dette til direkte faglege aktivitetar, utgjer det vel 35 prosent. Observasjon og kartlegging (der brukaren er til stades) utgjorde berre rundt 6 prosent av all tidsbruk og knapt 9 prosent av fagleg arbeid. Dei viktigaste samarbeidspartane var kollegaer ved PP-kontoret, pedagogisk personale ved skolar og barnehagar og føresette. Om lag 12 prosent av den tida som gjekk med til fagleg arbeid blei nytta til samarbeid med føresette.

Som vi ser er sjukefråværet knapt 10 prosent og høgast i mai med 12,4 prosent og lågast i oktober med 7,5 prosent. Møre og Romsdal er eit grisgrendt fylke med skolar og barnehagar spreidd på fleire stader i ei kommune. Det er ikkje uventa at ein i snitt nyttar så mykje som 6 prosent av arbeidstida til reising med ein variasjon mellom kontora frå vel 13 prosent til 2 prosent.

Samanlikning med Ola Bræin sine resultat

Som nemnt tok vi ved konstruksjon av spørjeskjemaet utgangspunkt i dei kategoriane som Ola Bræin nytta i presentasjonen av sine resultat. Han nytta ikkje gitte kategoriar, men grupperte svara på bakgrunn av deltakarane sine svar. Sjølv om vi ikkje nytta Bræin sine kategoriar, var det mogleg gjennom analysen av data å lage grupperingar som samsvarte med Bræin sine grupperingar. Denne samanlikninga er vist i Figur 2. Ettersom Bræin gjennomførde si undersøking i desember, har vi her nytta våre data frå den same månaden.

Figur 1: Tidsbruk av samla arbeidstid brukt til ulike aktivitetar, inkludert sjukefråvær

Som vi ser, er tidsbruken til observasjon og undersøking på nokolunde same nivå i dei tre undersøkingane. Det er spesielt interessant å notere seg at tidsbruken til samarbeid med føresette har auka i perioden. Det samsvarer med det sterkare engasjementet vi har hatt frå foreldre til elevar med vanskar dei siste åra.

Figur 2: Samanlikning av tidsbruk i PPT i Møre og Romsdal i byrjinga av desember i 1996, 2005 og 2012 for ni aktivitetsgrupper

Tid brukt til samarbeid med skule og barnehage har overraskande gått noko ned. Dette samsvarer med at PP-tenesta i større utstrekning har lagt arbeidet sitt til kontora – frå 61 prosent i 1996 til 68 prosent i 2012 og i mindre grad ute på skulane og barnehagane.

Figur 3: Individretta, systemretta eller kontorinternt arbeid innafor dei ulike aktivitetane ved PP-kontora

Vi ser også at tid brukt til det vi kan gruppere som systemretta arbeid, har auka frå vel 7 prosent i 1996 til vel 14 prosent 16 år seinare i samsvar med den større vektlegginga dette har fått frå styresmaktene. Generelt vil vi likevel konkludere med at arbeidsmåten til PP-tenesta ikkje har endra seg nemnande desse åra.

Individretta, systemretta og kontorinternt arbeid

Som nemnt har respondentane registrert om dei ulike aktivitetane dei utførte var knytt til det individretta, systemretta eller kontorinterne arbeidet.

I figur 3 har vi slege saman dei ti faglege aktivitetane i fem meir omfattande kategoriar. Som det går fram av figuren, kan dei fleste arbeidsoppgåvene som blir utførte ved eit PP-kontor, vere både individretta, systemretta og av meir kontorintern karakter. Vi ser til dømes at kategoriane som kjem inn under kontorarbeid og samråding/informasjon, i sterk grad har innslag av alle tre aktivitetskategoriane. Utgreiing og rapportering har naturleg nok eit meir individretta preg. Eigen kompetanseheving er primært eit kontorinternt arbeid, men det er mange prosjekt av systemretta karakter som blir gjennomført i skular og barnehagar som også krev deltaking frå PPT.

I figur 4 har vi gått vidare på dette og sett korleis den fagretta arbeidstida fordelar seg på dei tre arbeidsområda. Når vi ser vekk frå tid til reise og restaktivitetar, går 60 prosent av arbeidstida ved PP-kontora med til individretta arbeid, 16 prosent til systemretta arbeid og 24 prosent vil gå til kontorinterne funksjonar. Dersom vi berre ser på det direkte saksretta arbeidet, går 20 prosent til systemretta og 80 prosent til individretta arbeid. Av det individretta arbeidet vil om lag 80 prosent vere knytt til sakkunnige vurderingar.

Fig. 4: Prosentvis fordeling av arbeidstida ved PP-kontoret på ulike arbeidsområde.

Drøfting

Det viktigaste føremålet med denne undersøkinga er å få fram ei oversikt over korleis fagtilsette og leiarar i PP-tenesta brukar arbeidstida si til individretta og systemretta arbeid. I Figur 5 har vi summert opp dei viktigaste funna i undersøkinga ved å tenkje oss dei ressursane som står til rådvelde ved eit PP-kontor i ei arbeidsveke.

Figur 5: Fordeling av registrert tidsbruk til ulike gjeremål overført til eit vekeverk

Av figuren går det fram at vel ein dag ville gå med til indirekte saksarbeid gjennom administrasjon, internt samarbeid, eigen kompetanseheving og driftsrutinar. Knapt eitt dagsverk ville vere til rådvelde for systemretta arbeid, to dagar til individretta arbeid der nær 80 prosent av tida handlar om sakkunnige vurderingar. Ein dag ville gå med til å dekkje opp for sjukefråvær, reising og restaktivitetar som pausar, overgangar mellom saksarbeid og private gjeremål.

PP-tenesta kan bli meir eit juridisk forvaltningsorgan enn eit pedagogisk rådgjevingsorgan.

Dei siste 25 åra er det frå sentrale styresmakter lagt vekt på at PP-tenesta skal arbeide med systemretta tiltak mot skular og barnehagar i form av organisasjonsutvikling og kompetanseheving. Det vi i denne undersøkinga har registrert som direkte systemretta arbeid, utgjer om lag 16 prosent av arbeidet ved PP-kontora.

Når ein kjenner til det auka kravet frå føresette om sakkunnige vurderingar og ønskja frå opplæringsinstansane om hjelp med individuelle brukarar, må det seiast at denne prosentdelen av arbeidet som er retta mot kompetanseheving og organisasjonsutvikling når det gjeld barnehagar og andre samarbeidsinstansar, er høg. Sett i eit vidare perspektiv kan også mykje av det individretta arbeidet over tid ha ein systemretta funksjon ved dei drøftingane, samrådingane og læringa som skjer i tilknyting til arbeidet med den einskilde brukaren.

Som det går fram av figuren, er mesteparten av arbeidet med individuelle brukarar på ein eller annan måte innretta mot sakkunnige vurderingar som etter kvart er blitt ei dominerande arbeidsoppgåve for PP-tenesta. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gir rett til spesialundervisning på grunnlag av sakkunnig tilråding. Denne tilrådinga har to sider; den juridiske som stadfester retten til spesialundervisning og den pedagogiske som gjer greie for opplæringsbehovet for barnet eller eleven.

Vi har i undersøkinga ikkje skilt mellom desse to målsettingane med det sakkunnige arbeidet, og dei grip nok over i kvar andre slik at det også i praksis vil vere svært vanskeleg. Men vi vil likevel tru at det formelle arbeidet med til dømes rapportskriving og kontorarbeid, som utgjer ein vesentleg del av det faglege arbeidet, i stor grad er knytt opp mot den juridiske sida ved sakkunnig arbeid og dei krav som blir stilt til ei utgreiing.

Om lag fjerdeparten av arbeidstida for fagtilsette, inklusive leiaren, ved eit PP-kontor går med til det vi har kalla kontorinterne arbeidsoppgåver. Knapt 40 prosent av dette arbeidet bli utført av kontorleiaren som del av den interne administrasjonen av kontoret, fordeling av arbeidsoppgåver m. v., men likevel er det ein god del kontorinternt arbeid som også blir utført av andre fagleg tilsette. Ein ikkje liten del av dette går med til personleg kompetanseheving.

Dette kan vere viktig for å halde seg fagleg oppdatert til ei kvar tid. Til dømes blir stadig meir fagstoff tilgjengeleg på nettet som både kan gi kunnskap om lærevanskar, pedagogiske tiltak og metodar. I tillegg kjem stadig nye kurstilbod og nytt kartleggingsmateriell på marknaden. Når ein relativt høg prosentdel av arbeidstida er nytta til eigen kompetanseheving, er det nok eit uttrykk for at PPT er ein lærande organisasjon som ønskjer å vere oppdatert på sitt fagfelt.

Vi har dei siste åra sett ein jamn auke i behovet for spesialundervisning. Å sette fram krav om spesialundervisning er ein måte å skaffe seg ein rett til tilpassa opplæring som alle elevar i utgangspunktet har krav på. På landsbasis har det vore ein auke på heile 80 prosent i tilvisingar frå skulane til PPT – frå 36631 elevar skuleåret 2007/2008 til 65803 skuleåret 2012/13 (omfattar både noverande elevar som har vore melde før og nytilviste for året).

Talet på elevar som av PPT er tilrådd spesialundervisning har i same perioden auka med 50 prosent frå 35483 til 53249 (Utdanningsdirektoratet, 2013). Fleire undersøkingar har vist at kanskje opp mot 20 prosent av elevane i grunnskolen kan ha behov for ekstra hjelpetiltak for å kunne følgje den vanlege progresjonen i undervisninga. Lova gir i §1.3 ein generell rett til tilpassa opplæring for alle elevar. Frå ulike medieoppslag veit vi at det blir sett fram krav om spesielle tiltak også for dei flinkaste elevane som opplever at dei ikkje får utfordringar nok innafor det ordinære tilbodet. Vi får kanskje også ein foreldregenerasjon som er meir innstilte på at barna skal få ei opplæring i tråd med intensjonane med lova. Dersom ikkje skolen makter å leggje opp til ei pedagogisk differensiering som gjer den generelle retten til tilpassa opplæring reell, kan vi få tilfelle der undervisningstilboda elevane får blir prøvd juridisk.

Ei slik utvikling kan føre til at etterspurnaden av sakkunnige vurderingar ikkje berre blir knytt opp mot spesialundervisning, men mot tilpassa undervisning generelt. Det kan føre til at PP-tenesta «druknar» i juridiske vurderingar. Det sakkunne arbeidet til tenesta bør kanskje ikkje vere ein del av det juridiske aspektet ved opplæringslova og overlatast til dei som formelt har dette ansvaret – rektor og skuleadministrasjonen i kommunen. PP-tenesta bør vurdere om den skal konsentrere seg om den sida ved sakkunne arbeidet som går på tilrettelegging av gode opplæringstiltak både for elevar med spesielle lærevanskar og for elevar generelt.

Arbeidet til PP-tenesta har vore i endring i takt med dei skolepolitiske føringar i dei 60 åra den har eksistert. Med den større plass juridiske problemstillingar får i forhold til undervisning og skulegang, kan PP-tenesta li same skjebne som sosialkontora og NAV og bli meir eit juridisk forvaltningsorgan enn eit pedagogisk rådgjevingsorgan. Dette vil nok gi både makt, prestisje og sikker sysselsetting for tilsette i PP-tenesta. Om det er ønskjeleg, er ei anna sak.

Litteraturhenvisninger

Monsen, L. (1996). Evaluering av individuelle læreplaner – Lærerne og den pedagogisk psykologiske tjenesten. Høgskolen i Lillehammer.

Fylling, I. & Handegård T.L. (2009). Kompetanse i krysspress. Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten. NF-rapport nr. 5.

Bræin, O. (1989). PP-tjeneste 1988/89. Resultater fra en undersøkelse i desember 1988. Brandbu: Skolepsykologi. Småskrift fra PP-tjenesten.

Bræin, O. (1999). Tidsstudier i PP-tjenesten i 1975, 1985 og 1996. Skolepsykologi, nr. 4.

Bræin, O. (2008). PP-tjenesten i Møre og Romsdal 2005/2006. En analyse av PP-tjenestens arbeidsoperasjoner. Molde: Fylkesmannen i Møre og Romsdal – Utdanningsavdelinga.

Bruun-Hansen, T. (1995). Trekk ved skolepsykologiens utvikling i Nord-Norge. PP-tjenesten og programmet for Nord-Norge. Skolepsykologi, 26(1).

Dybdal, L.A. & Waksvik, S. (2011). På langs. Arbeid med nylig tilviste individuelle brukersaker i Møre og Romsdal. Stordal/Kristiansund: Arbeidsutvalget for PPT i Møre og Romsdal.

Faglig enhet for PP-tjenesten (1994). PP-tjenesten i Norge 1994. Hamar: Statens utdanningskontor.

Fylling, I. & Handegård T.L. (2009). Kompetanse i krysspress. Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten. NF-rapport nr. 5.

Haug, P. (1998). Myrlandet. Spesialundervisning i grunnskolen 1965– 1991. Volda: Møreforsking.

Kiil, N. (1989). Hvor bredt arbeider PPT. Eller: Hvordan tilfredsstiller PPT-tjenesten - samfunnets forventninger. Oslo: Pedagogisk institutt. Universitetet i Oslo. Hovedoppgave.

Læringssenteret (2003). PP-tjenesten i Norge 2003 – En tilstandsbeskrivelse. Oslo: Læringssenteret.

Monsen, L. (1996). Evaluering av individuelle læreplaner – Lærerne og den pedagogisk psykologiske tjenesten. Høgskolen i Lillehammer.

Kirke- og Undervisningsdepartementet (1971). Innstilling om lovregler for spesialundervisning m.v.

Skårbrevik, K.J. (1994). Planlegging av spesialpedagogiske tiltak i kommunar og fylke. Volda: Møreforskning.

St.Meld. Nr. 35 (1990-91). Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (1989-90).

Utdanningsdirektoratet (2013). Grunnskolens informasjonssystem. https://gsi.udir.no/

Valvatne, K. (1985). Utvikling av pedagogisk-psykologisk tjeneste i Norge og noen prinsipielle spørsmål knyttet til tjenesten, belyst gjennom en intervjuundersøkelse. Hovedoppgave. Hosle: Statens spesiallærerhøgskole.