Kroppsleg læring kjem inn i dei nye læreplanane som ein del av kjerneelementa i kroppsøving. Det å tileigne seg motorisk kompetanse og øve på ferdigheiter i ulike bevegelsesaktivitetar er ikkje nytt innanfor kroppsøvingsfaget. Det nye er at kroppsleg læring no føreset at elevane skal legge merke til og uttrykke eigne erfaringar med å delta og lære i bevegelse.