Skulebasert kompetanseutvikling er den strategien som no blir lagt til grunn for kompetanseheving av lærarar. Evalueringar syner at det er «strekk i laget». På langt nær alle lærarar opplever at dei har utbytte av denne satsinga. Det kan hende at eit lite press i form av klåre rammer og forventing om aktiv deltaking er det som skal til.