Det rår stor internasjonal semje om at lærarutdanninga må vera nært knytt til det som skjer i klasserommet. Lærarutdannarar i heile verda er i ferd med å snu seg vekk frå det teoretiske fokuset som har prega lærarutdanningsprogram i mange land dei siste tiåra, og jobbar no for å gjera utdanninga meir praksisbasert. Men korleis blir praksis vektlagd i ulike lærarutdanningsprogram? Finst det ulike tilnærmingar? Og kva slags mønster kan ein finna i ulike land og regionar?