Om Fagfornyinga skal bli ein suksess, vil avhenge av om teksten er presis nok i ordlyden til å føre til intendert praksis. Tidlegare satsingar viser at lærarar risikerer å bli skulda for å ikkje gjere det dei skulle, når det i realiteten viste seg at sjølve teksten i styringsdokumenta var for abstrakt og uklår til å bli forstått på ein spesifikk måte.