Når ein får til dialogar om tekst på tvers av fag- og tekstkulturar, kan vi få ei meir heilskapleg skriveopplæring som tek arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene på alvor. Slik kan vi uteksaminere studentar med eit sterkt og velutvikla tekstmedvit som meistrar eit breitt spekter av skriftkyndigheit – kompetansar det er god bruk for i skolen.