For ca eit år sidan skreiv eg kronikken «Ti råd for å gi høgsensitive barn ein betre kvardag». Denne vart mykje delt på sosiale medier og vart den tredje mest leste saka i Utdanningsnytt i 2016. Eg har fått mange tilbakemeldingar og det har gleda meg å høyre at folk har opplevd teksta nyttig! Nokre har referert til kronikken i eigne tekster og vore skeptiske. Det er heilt greit. Vi treng ulike syn og drøftingar for å få fram best mogleg kunnskap og praksis i kvardagen.