Denne studien løftar fram aspekt ved femårsklubb som til no ikkje har vore kjent: kva typar tilbakemeldingar som blir gitt på femårsklubb, og innhaldet i desse. Studien synleggjer at tilbakemeldingar på femårsklubb hovudsakleg relaterer seg til oppgåve- og personnivå, og i liten grad til prosess- og sjølvreguleringsnivå. Dette kan tyde på eit behov for auka kunnskap i barnehagar om korleis ulike tilbakemeldingar kan påverke barna si læring og utvikling.