Filosofi er ikkje eit eige fag i skulen, men kan gå inn som ein del av arbeidet i eksisterande fag. I filosofiske samtalar er det ikkje formidlinga, men forståinga av fagstoffet som er det viktige: å stille gode spørsmål, å tenkje ut gode resonnement og å sjå ei sak frå fleire sider. Gjennom samtale vil elevane over tid kunne få ei djupare forståing av innhaldet i skulefaga.

Det følgjande er eit utdrag frå ein filosofisk samtale om reinkarnasjon i ei gruppe på 5. og 6. trinn. Temaet er ein del av fagstoffet i RLE, men elevane greier her å trekke inn perspektiv som ikkje står i læreboka:

- Det ville vere ein fordel å leve fleire gonger fordi det er bra å leve. Ein kan oppleve fine ting, som fjellturar og slikt.

- Eg trur det vil vere ein fordel å leve fleire gonger dersom ein får eit bra liv. Men eg lurer på om ein blir fødd på nytt som baby eller om ein blir gamal med ein gong ... å, no lurer eg på noko anna: Kan eigentleg babyar tenkje – eg meiner, dei kan jo ikkje prate?

- Eg lurer på noko: Dersom vi lever fleire gonger, er det slik at vi hugsar livet vi har hatt før?

I denne artikkelen vil eg ta for meg den filosofiske samtalen og kva for plass den kan ha i skulen. Ein del lærebøker under Kunnskapsløftet inneheld oppgåver i filosofisk samtale, for eksempel RLE-verka Vi i verda og Vivo og norskverket Agora. Filosofisk samtale skil seg frå ordinær fagundervisning, blant anna når det gjeld lærarrolla og synet på kunnskap. Filosofi er ikkje eit eige fag i skulen, men kan gå inn som ein del av arbeidet i eksisterande fag. Gjennom filosofiske samtalar får elevane høve til å lage koplingar mellom fagstoffet og eigne tankar og erfaringar. Poenget med filosofi i skulen er ikkje fyrst og fremst at elevane skal lære om kva filosofar har tenkt opp gjennom historia, men at dei skal lære å bruke nokre av verktøya som filosofane har brukt. Dette kan mellom anna vere å stille gode spørsmål, å tenkje ut gode resonnement og å sjå ei sak frå fleire sider.

Filosofi og fagstoff

Gjennom å delta i filosofiske samtaler utviklar elevane ein kompetanse som er relevant i mange av faga i læreplanen. Mellom anna står det om formålet med RLE at:

Undervisningen skal stimulere til allsidig dannelse og gi rom for undring og refleksjon. Videre skal faget bidra til evne til dialog mellom mennesker med ulik oppfatning av trosog livssynsspørsmål.

I formål for samfunnsfag finn ein dette:

Samfunnsfaget skal [ …] gje djupare forståing av forholdet mellom samfunnslivet og det personlege livet, og stimulere til erkjenning av mangfaldet i samfunnsformer og levevis. På denne bakgrunnen skal faget gje elevane større evne til å tenkje fritt, perspektivrikt, kritisk og tolerant.

Norsk, kompetansemål etter 7. trinn:

Elevane skal kunne lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres.

Desse døma viser at filosofisk samtale er ein arbeidsmåte med relevans for det faglege arbeidet i skulen. Men det er viktig å vere klar over at filosofi på ein del område skil seg frå det «vanlege» arbeidet med skulefag. Filosofisk samtale er ikkje ein metode for formidling av fagstoff, men kan hjelpe elevane til forståing av stoffet.

Skulen er gjennomsyra av ein mål–middeltankegang. Måla er gitt gjennom læreplanen; kvardagen som lærar handlar i stor grad om korleis ein skal planlegge og gjennomføre undervisninga slik at kvar elev når desse måla. Skuledagen kan til tider minne om ei slags bankverksemd, for å bruke Paulo Freire sin metafor. Innanfor ein slik pedagogikk fungerer eleven som ein bankkonto, altså som mottakar av læraren sine «innskot». Eleven skal kunne ta vare på alt det som læraren har sett på kontoen og skal etter behov kunne gje kunnskapen tilbake til læraren (Freire 2004: 72). Lærarar møter forventningar om å kunne levere raske resultat i form av kunnskapsauke, og er også forventa å kunne dokumentere desse resultata i kartleggingstestar og nasjonale prøver.

Den undrande filosofiske samtalen har dårlege kår i ein slik skule. For det fyrste kan det vere vanskeleg å finne tid til den langsame, undrande samtalen. For det andre møter vi utfordringar knytt til den filosofiske tenkemåten: Vi må innarbeide ei forståing av at «korleis hadde det vore å kunne leve fleire gonger?» er eit anna slags spørsmål enn «kva er reinkarnasjon?». Filosofisk samtale er ikkje orientert mot innlæring av faktakunnskap, men mot å utvikle eigne tankar og lytte til andre. Å gjengi det ein har lese i læreboka (for å vise kva ein kan) har ingenting med filosofi å gjere, sjølv om ein sjølvsagt kan diskutere moment ifrå læreboka, slik elevgruppa mi diskuterte reinkarnasjon.

Når ein går inn i ein filosofisk samtale er det slett ikkje definert på førehand kva resultatet vil vere. Det er ingen fasitsvar i filosofien. Den filosofiske samtalen er orientert rundt prosess, ikkje mot resultat. Likevel vil filosofisk samtale vere eit ledd i det å skaffe seg fagkunnskapar. Gjennom samtale vil elevane over tid kunne få ei djupare forståing av innhaldet i skulefaga.

Kvifor skal vi bruke tid på filosofiske samtaler?

Som sagt kan det vere vanskeleg å finne tid til filosofiske samtaler i ein hektisk skulekvardag. Grunnen til dette ligg både i skulepolitikk og hjå den einskilde lærar: Vi ynskjer å sjå at elevane har lært noko, og fokuserer derfor på kortsiktig resultatoppnåing. Filosofisk samtale kan på overflata virke lite målretta. Men på lengre sikt kan samtalen bidra til å utvikle elevane sine evner til å tenkje og uttrykke seg, noko som i seg sjølv er god nok grunn til å ta seg tid til å filosofere. Samtalen kan også føre til betre læring av fagstoff. Dette fordi elevane får høve til å kople fagstoffet til eigne erfaringar, opplevingar og tankar. På denne måten vil filosofisk samtale skape gode vilkår for betre forståing av fagstoffet.

I den filosofiske samtalen tek vi barn si undring på alvor. Vi skapar ei positiv haldning til det å stille spørsmål. Vi avfeier ikkje spørsmåla som naive eller uviktige, men gjer dei til gjenstand for felles undersøking. Som lærar og filosof er det fantastisk å oppleve at barn spontant stiller spørsmål som filosofane har debattert i århundrer. I eksemplet frå min klasse finn vi to slike spørsmål: Kan ein tenkje utan å ha lært eit språk? Og: Dersom vi lever fleire gonger, kan vi då hugse tidlegare liv?

Guro Hansen Helskog og Andreas Ribe set undringa inn i eit pedagogisk perspektiv:

Undring er begynnelsen til all genuin kunnskapssøking og kunnskapstilegnelse overhodet, både i skolen og ellers. For er det ikke slik at den som lurer på noe, gjerne får trang til å finne ut av det han eller hun lurer på? Og er det ikke slik at jo dypere man trenger inn i et stoff, jo flere rom oppdager man, og jo mer får man trang til å søke enda dypere? (Helskog og Ribe 2009: 9)

Eg meiner at ein ved å supplere tradisjonell fagundervisning med filosofisk samtale kan oppnå gunstige vekselverknader. Samtalen blir ein arena der elevane bearbeider stoffet. Abstrakte begrep frå læreboka blir konkrete ved at elevane relaterer dei til sine eigne liv. Anne Schjelderup gjev oss eit døme på korleis vi kan gjere dette i praksis. Ho skildrar korleis ein kan bruke filosofisk samtale både før og etter lesing eller gjennomgang av fagstoff. Før lesing er det viktig å aktivere forkunnskapar.

Dersom elevane greier å tenkje gjennom kva dei kan frå før om eit emne, vil dei få større utbytte når det blir gjennomgått eller lese nytt stoff. I ein filosofisk samtale tek vi opp sentrale omgrep frå stoffet og skapar ei førebels forståing av dei. Til dømes har dei fleste barn tankar om grådigheit, hat og misunning, sentrale tema i buddhismen. Gjennom ein samtale om desse vil ein både få opp motivasjonen for å lære meir om buddhismen og skaffe seg knaggar å henge stoffet på. Ein kan ta opp att dei same omgrepa etter lesing for å sjå om elevane har forandra meining eller vurderer ting annleis. Slik skaper vi refleksjon rundt fagstoffet (Schjelderup 2009).

Filosofisk samtale: Eit læringsfellesskap

Den filosofiske samtalen er ein dialog, som i praksis betyr at ein etablerer eit læringsfellesskap der elevane får trening både i å uttrykke eigne standpunkt og å lytte til andre. Vi kallar dette eit undersøkande fellesskap. Med dette meiner eg at klasserommet skal vere ein arena der elevar og lærar tenkjer saman rundt filosofiske spørsmål. Ein jobbar mot at gruppa får ei felles forståing og er ikkje oppteken av å sjekke kunnskapane til kvar enkelt elev. Det undersøkande fellesskapet er ikkje leksehøyring, men er eit rom for samtale og felles refleksjon. Denne måten å samtale på blir derfor av nokon omtala som reflekterande fellesskap. Elevane snakkar ikkje til læraren, men til kvarandre. Læraren si oppgåve er å styre samtalen. For å realisere det undersøkande fellesskapet er det viktig at deltakarane lyttar til kvarandre, at dei argumenterer med eit ope sinn og kan gje grunnar for det dei seier. I det undersøkande fellesskapet er usemje bra; det at deltakarane har ulike syn er noko av det som gjev liv til dialogen og driv han framover. På denne måten vil elevane lære å ha respekt for andre sine meiningar og å setje pris på at folk er ulike (Børresen og Malmhester 2003: 57-59, Fastvold 2009: 44-59).

Filosofisk samtale er ikkje diskusjon. I ein diskusjon er deltakarane opptekne av å forsvare eit standpunkt. Litt forenkla kan ein seie at ein diskusjon handlar om å få gjennomslag for sitt standpunkt. Den filosofiske samtalen er orientert mot samarbeid og felles forståing. Ein må vere førebudd på å endre standpunkt. Vi kan også trekke ein kontrast mellom filosofisk samtale og idémyldring. Elevar, spesielt i barneskulen, vil ofte ha mykje dei vil fortelje. Dei trekker assosiasjonar og deler villig av eigne opplevingar. Samtalen sklir fort over i eit heilt anna tema enn det ein starta med. Denne taleiveren må ein bruke på rett måte. For at samtalen skal bli filosofisk, må ein halde seg til temaet og bygge vidare på det andre har sagt. Dersom ein hoppar frå det eine til det andre utan å fullføre tankerekker, blir det idémyldring og ikkje samtale. I idémyldring er ein oppteken av at alle skal få bidra med det dei har på hjartet. I filosofisk samtale er det viktig å lytte og vere sikker på at ein har forstått det dei andre seier før ein pratar sjølv. Den filosofiske samtalen er difor meir orientert mot felles forståing enn idémyldringa, som eigentleg berre handlar om at alle skal få seie det dei sjølv tenkjer.

Når lærebøkene presenterer filosofiske oppgåver, er hensikta utan unntak å stimulere til filosofisk samtale i eit undersøkande fellesskap. Dette er viktig å presisere. Det å til dømes gje filosofiske spørsmål i heimelekse vil ikkje vere spesielt fruktbart, og absolutt ikkje i tråd med intensjonen bak dei filosofiske spørsmåla. Arbeid med filosofi kan utvikle elevane sine evner mellom anna innanfor kritisk tenking, begrepsforståing og demokratiske prosessar. For å oppnå eit slikt læringsutbytte må ein jobbe med filosofi i ein samtalekontekst.

«Å filosofere» blir i daglegtale gjerne brukt om det å la tankane flyte fritt, utan mål og meining. Det å kunne tenkje fritt og uavhengig er viktig i filosofien, men like viktig er det å kunne tenkje systematisk. Filosofien er kritisk og rasjonell. Morten Fastvold kontrasterer filosofiens kritiske tenking med det han kallar Peter Pan-impulsen – ei flukt frå det verkelege, ein motstand mot å stoppe opp og tenkje, og ikkje minst ei vegring for å bli vaksen (Fastvold 2009). I motsetning til Peter Pan søker filosofen å tenkje kritisk, systematisk og kreativt, for å bruke Jens Breivik og Håvard Løkke sin karakteristikk. Kritisk ved at ho vurderer grundig det som blir sagt. Systematisk ved at ho resonnerer presist og logisk korrekt. Kreativt ved at ho prøver å oppdage nye perspektiv og stiller spørsmål ved etablerte sanningar (Breivik og Løkke 2007: 26).

Lærarrolla

For å lukkast med den filosofiske samtalen vil det vere naudsynt å gå inn i ei litt anna rolle enn det mange lærarar er vande med. Den filosofiske samtalen skal ha fokus på elevane sine ytringar, ikkje på lærebok eller fasit. Læraren mistar difor sitt privilegium som formidlar av kunnskap og innehavar av dei korrekte svara. For å stimulere elevane til å tenkje sjølv er det viktig at læraren i det undersøkande fellesskapet er eit forbilde og viser ei open og undrande haldning.

Mange lærarar vil synast det er vanskeleg å gå inn i ei slik rolle. Lærarar har ein tendens til å lide av noko ein kan kalle lærarsjuka. Denne sjuka er kjenneteikna av ein ustoppeleg trong til å ville lære bort, til å moralisere eller til å fortelje det rette svaret. Med bakgrunn i livserfaring og utdanning vil læraren sjølvsagt sitje inne med gode og gjennomtenkte svar på dei spørsmåla som blir diskuterte i den filosofiske samtalen. Lærarsjuka vil gjere det altfor freistande å dele desse tankane med elevane. Om ho ikkje seier svaret direkte, vil læraren kanskje prøve å vri dialogen mot det svaret som ho meiner er det rette.

Ein annan tendens, som kanskje er ein slags motsetnad til lærarsjuka, men som likefullt brer om seg i dagens skule, er ei byråkratisering av lærarrolla. Målstyringa dominerer i skulen. Skular blir bedømt – og bedømmer seg sjølve – ut frå resultat på nasjonale prøver, og legg opp løpet deretter. Dette fører til eit større fokus på enkelte typer kompetanse. Læraren blir underlagt eit system av kompetansemål og dokumentasjon, og blir dermed mindre autonom. Dømmekrafta til den enkelte blir redusert. Både lærarsjuka og byråkratiseringa øydelegg for reell filosofering. Den filosofiske dialogen må vere sentrert rundt elevane sine innspel, samtidig som læraren er trygg i rolla si som samtaleleiar. Læraren skal legge til rette for samtalen og å hjelpe elevane med å halde orden på tankane sine (Børresen og Malmhester 2003: 61). Dette krev at læraren engasjerer seg i samtalen, men mest i tankane. Læraren må følge med på alt som blir sagt og planlegge neste trekk i samtalen. Utad kan dette bety til dømes å oppsummere, spørje etter grunngjevingar, å samanlikne ulike svar og å kome med moteksempel.

Som lærar bør ein vere forsiktig med å komme med innspel sjølv. Elevane er som regel oppdregne i dei tradisjonelle lærarog elevrollene, og dei vil fort tru at det som læraren seier, er rett. Dei fyrste gongene elevar gjennomfører filosofisk samtale, er det ikkje uvanleg å høyre noko slikt: «Kan du ikkje berre seie svaret, slik at vi kan bli ferdige med dette her!» Med den nye lærarrolla følgjer ei ny rolle for elevane. Dei må lære seg at læraren ikkje sit på fasiten. Dei må ta ansvar for eigne tankar. Dei kan ikkje vere passive mottakarar av kunnskap, men må bli deltakarar i dialog.

Danningsperspektivet

Den filosofiske samtalen kan bidra til å gjere skulefaget meir relevant og levande for elevane. Dette fordi dei gjennom samtalen blir oppmuntra til å knyte personlege erfaringar til dei faglege omgrepa. Dette kan føre til at ein føler ein slags eigarskap til faglege omgrep, noko som resulterer i betre læring. Det å reflektere rundt eigne tankar og opplevingar i eit undersøkande fellesskap, kan kanskje til og med føre til endringar i tenkjemåte. Dersom elevane får trening i å sjå ting frå fleire sider, å stille spørsmål ved det etablerte og å tenkje kreativt, vil dei kanskje forstå verda utanfor skulen på ein litt annan måte. Skulen er ein utdanningsinstitusjon som gjev elevane naudsynte kunnskapar. Men han er også noko meir, nemleg ein danningsinstitusjon som skal gje elevane moglegheiter til personleg vekst og utvikling. Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche samanlikna i 1887 moderne kunnskapsmenneske med bier på jakt etter honning. I all sin iver etter å samle kunnskap har desse menneska gløymt noko essensielt, nemleg seg sjølv:

Man har med rette sagt: «Der hvor deres skatter er, der er også deres hjerte»; vår skatt er der hvor vår erkjennelses bikuber står. Vi er hele tiden underveis dit, som fødte vingedyr og åndens honningsamlere, vi bekymrer oss dypest sett bare for en ting – noe skal «bringes hjem». Hva livet ellers angår, de såkalte «opplevelser» – hvem av oss besitter det nødvendige alvor. Eller tid nok? [ …] Vi forblir med nødvendighet fremmed for oss selv, vi forstår oss ikke, vi må forveksle oss, for oss lyder det inn i all evighet: «Enhver er seg selv den fjerneste» – for oss er vi ingen «erkjennelse» (Nietzsche 2010: 7-8).

Fakta og fagkunnskap er viktig, men skapar ikkje menneske åleine. Kva hjelper det om vi har både kompetanse og ferdigheiter så lenge vi ikkje kjenner oss sjølve? Dette må vi ikkje gløyme i ein skule med stadig større fokus på raske resultat.

Litteraturhenvisninger

Breivik, J. og Løkke, H. (2007). Filosofi i skolen – en kunnskapsoversikt. Kunnskapsdepartementet, publisert på http://www.reg jeringen.no/upload/ KD/Vedlegg/Rapporter/Filosofi%20i%20skole.pdf

Børresen B. og Malmhester H. (2003). La barna filosofere. Oslo: Høyskoleforlaget.

Fastvold, M. (2009). Kritisk tenkning. Oslo: Gyldendal.

Freire, P. (2004). Pedagogy of the oppressed. New York: Continuum.

Helskog, G.H. og Ribe A. (2009). Dialogos. Veiledning for lærere og samtaleledere. Bergen: Fagbokforlaget.

Nietzsche, F. (2010). Moralens genealogi. Overs. Øystein Skar. Oslo: Spartacus.

Schjelderup, A. (2009). Filosofisk metode for bearbeiding av fagstoff. I S. Knudsen, D. Skjelbred og B. Aamotsbakken: Lys på lesing. Oslo: Novus forlag.