Doktorgrad om blogging i klasserommet
Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at bruk av digitale hjelpemiddel kan gi ein type læring ein ikkje ville fått med meir tradisjonelle undervisingsmetodar.
Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret
Torsdag, 15. juni, disputerte Arne Olav Nygard (49) for avhandlinga Digital Literacy Practices in Education. An Investigation of the Use of Blogs in a Norwegian High School.
Stipendiaten ved Lesesenteret har i dette prosjektet undersøkt den pedagogiske nytten av å bruka digitale sjangrar i undervisingsituasjonar.
- Eg håpar avhandlinga kan vera eit bidrag til diskusjonen om bruk av teknologi i undervisinga i skulen. Og eit døme på bruk av teknologi som myndiggjer og ansvarleggjer elevane. Noko som jo er i tråd med sentrale mål i opplæringa - elevane skal gjerast myndige gjennom skrift, forklarer Nygard.
Undersøkte bloggande klasse
Konkret såg doktorgradsprosjektet nærare på 14 elevar på studieførebuande linje ved ein vidaregåande skule i Rogaland, ein skule som frå før brukte blogging aktivt i undervisinga. Dei aktuelle elevane hadde vald faget Trykk og foto, og utgangspunktet var at Nygard blei nysgjerrig på korleis elevane oppfatta ei slik blogg-orientert undervising. Og korleis tekstane deira – blogg-postane – sto fram som skriftlege uttrykk.
I framhaldet blei dette utgangspunktet undersøkt både gjennom observasjon og intervju av elevane og analysar av bloggtekstane deira.
Ein av konklusjonane var at bruken av denne typen teknologi i klasserommet, under gitte tilhøve, tilførte noko nytt til undervisinga.
- Blogg-framgangsmåten såg ut til å gjera at elevane både skreiv - og snakka om å skriva - på ein heilt annan måte. Dei gav uttrykk for at bloggen fekk dei til å skriva på ein annan måte enn til dømes i tradisjonell norskundervising. Elevane sa, lett metaforisk, at på bloggen følte dei seg mykje friare, dei var frie for avgrensingar og liknande. Dei sette denne skrivinga i kontrast til anna skriving i skulen, som dei følte la unødvendige band på dei, refererer doktoranden.
Elevane blei digitalt ansvarlege
Tekstane til elevane var òg meir prega av det ein gjerne assosierer med tekstar på sosiale medium; dei var kortare, følgde i mindre grad formelle krav, var meir personlege, hadde fleire innskot, meir munnlege uttrykksmåtar og ein meir uformell stil.
På eit overordna plan tilførte teknologibruken noko til undervisinga som ikkje kunne blitt oppnådd utan denne bruken – rett nok sterkt avhengig av kontekstualiseringa til læraren og andre faktorar.
- Elevane fekk ta literacy-en sin - altså skriftlegheita si eller fagkunnskapane formidla gjennom skrift - ut gjennom eit fellesskap og stå til ansvar for det på ein annan måte enn ved den tradisjonelle «skrivebordsskuffe-skriftlegheita,» som ein gjerne koplar til skulen. I dette prosjektet fekk arbeidet til elevane ein annan status, ei anna rolle, som dei tok på alvor. Det offentlege aspektet – publiseringa - gjorde noko med måten dei skreiv på – elevane greip det ansvaret i overraskande stor grad. For dette er jo elevar som tidlegare alltid har skrive utelukkande for læraren, i alle fag.
Læraren har ei viktig, digital rolle
Både i byrjinga og framhaldet av prosjektet blei Nygard til dels overraska over engasjementet og konsentrasjonen elevane hadde framfor datamaskinen. Sjølv i lengre skriveøkter var elevane jamt over svært konstruktive og produktive i arbeidet. Den aktuelle skulen si tenking rundt bruken av digitale verktøy og organiseringa av denne bruken, var ein viktig bakgrunn for dette, er konklusjonen her.
Nettopp rolla til lærarane står sentralt i avhandlinga, der det heiter at dei og skulane kan «gjera viktige tilskot ved å introdusera digitale verktøy for skriftkultur for elevane.»
- Elevar blir i ein teknologisk samanheng gjerne sett på som ei nærast mytologisk gruppe; dei «kan alt» om det digitale, medan skulen alltid vil koma haltande eller halsande etter. Studiet mitt viser at læraren - trass i å kanskje ha mindre teknologisk kompetanse enn elevane - faktisk kan bidra til at elevane forstår korleis dei kan bruka denne type digitale verktøy på ein klok måte. Skulen er i stand til å setja dette i kontekst for eleven, innanfor rammene av utdanningssystemet. Ikkje berre som ein «flashy» teknologi; for å skapa variasjon, gjera noko spennande mot slutten av timen eller liknande, men faktisk talt med ambisjon om å gi innsikt i korleis ein kan bruka literacy på ein måte som myndiggjer dei, fastslår Arne Olav Nygard.