Slik endra barna lesemønster
Kva er god barnelitteratur, kva bør finnast i hyllene i barnehagen, og kva slags tilgang bør barna ha til bøkene?
Tønsberg kommune ville setje fokus på litterært arbeid i barnehagane og kontakta Høgskulen i Søraust-Noreg. 34 barnehagar deltok i prosjektet.
- Me rettleia barnehagelærarane i korleis dei las med ungane. Dei fekk fagleg påfyll i felles og oppdelte grupper, seier Trine Solstad, som er fyrsteamanuensis i språkfag ved HSN.
Ho underviser i barns språk og litteratur i barnehagelærarutdanninga, og har skrive fleire bøker og artiklar om høgtlesing i barnehagen og om barns møte med bildebøker.
Oppgraderte bokhylla
Tidlegare fyrstelektor i pedagogikk ved HSN Turid Thorsby og høgskulelektor i språkfag ved HSN Anne Marie Øines deltok også i prosjektet, som førte til boka «Lesepraksiser i barnehagen».
Kva er god barnelitteratur, kva bør finnast i hyllene i barnehagen, og kva slags tilgang bør barna ha til bøkene, er spørsmål dei tre HSN-forfattarane tek opp. Forfattarane ønsker å gje lesarane innsikt i og kunnskap om kva lesing kan vera. Dessutan gjera lesarane begeistra og lystne på å utforske og utvikle ein eigen lesepraksis saman med barn. Boka rettar seg mot studentar og forskarar i barnehagelærerutdanninga, men vil også vera aktuell for alle barnehage-tilsette, ifølge dei tre forfattarane.
- Saman med barnehagelærarane fann me ut at det ikkje lesast så mykje i barnehagane som ønskt. Lesinga er blei brukt meir disiplinerande enn frigjerande, forklarar Solstad.
I prosjektet kom det fram at barnehagane hadde mykje gamal, lite oppdatert og noko dårleg litteratur. Dei siste 10-20 års bildebok-produksjon var ikkje representert i hyllene.
- Barnehagane som var med på prosjektet endra på boktilbodet og da endra unganes lesepraksis seg. Dei ville lese oftare, seier Solstad.
Når barna får setje dagsorden
I doktorgradprosjektet «Snakk om bildebøker! En studie av barnehagebarns resepsjon» disputerte Solstad i 2015 kva som skjer når barna, og ikkje dei vaksne, tek ansvaret for samtaler rundt det dei les.
- Det skjer noko med desse ungane når dei fekk setje dagsorden og ta initiativ, seier ho.
Lærarane opplevde prosessen som frigjerande sjølv om dei ikkje rakk å lese bøkene ferdig. Måten å bruke lesestunda på appellerte også slik at nye barn ville lese.
- Me har latt lærarane utforske og trekke konklusjonar sjølve. Det er spanande å la fagfolk reflektere over eigen praksis, konkluderer Solstad.
Spurte om å bli lest for
Nå skal dei tre HSN-forfattarane halde kurs for Utdanningsforbundet og det viser interesse for temaet.
- HSN sitt samfunnsmandat dreier seg mellom anna om å gå i dialog med lokalmiljøet og samfunnet rundt høgskulen og det framtidige universitetet. Det er viktig og gledeleg at et doktorgradsarbeid blir brukt og får tyding på praksisfeltet, sier Solstad.
Høgskulelektor i språkfag ved HSN Anne Marie Øines stør opp om det Solstad seier. Ho fortel at den viktigaste endringa hos barna er at dei spurte om å bli lest for i mykje større grad enn tidlegare.
Valte andre bøker
- Dette trur eg handlar om endringane i bokutvalet, og måten dei vaksne presenterte boka på. Auka kunnskap om bildebøker, førte til at personalet valte andre bøker enn kva dei valte tidlegare. Mange av dei tilsette observerte at når barna valte bøker, valte dei av dei nye bøkene.Ho meiner det at barna i større grad fekk delta med sine meiningar i lesestunden forklarar auka etterspurnad etter lesing.
- Ein viktig endring hos barnehagelæraren var ei ny forståing av kva ein meiningsfull lesesituasjon kan vera. Mange uttrykte at dei var direkte letta over å bare kunne forbli på eit oppslag i boka, og at det ikkje lenger var eit mål å få lest gjennom heile boka. Dei oppdaga også verknaden av å trappe ned på si eigen spørsmålsmengde. Færre spørsmål, førte til aktive og deltakande barn, forklarar Øines.
Vidareføring til Horten
Prosjektet blir også teke vidare til Horten kommune, men da på ein litt annan måte. I løpet av eit år skal Horten bibliotek, fire kommunale barnehagar og Vestfold fylkesbibliotek jobbe saman med HSN for å få til meir lesing blant barn og større bruk av biblioteket.
Sosiolog og barnehageforskar Mari Pettersvold ved HSN fortel at Horten-prosjektet kom som følge av at etter tilbakemeldingar om at førespurnaden etter fleire barnebøker i bokhandel og bibliotek i Tønsberg hadde auka i etterkant av arbeidet i barnehagane der. Ho har ikkje delteke i prosjektet, men reflekterer i eit eiget kapitel i «Lesepraksiser i barnehagen» over at det å lese skjønnlitteratur kan opne for å forstå meir av ein eigens og andres verd.
- Dette handlar også om at HSN realiserer sitt samfunnsmandat. Eg er oppteken av at HSN samarbeidar med regionen sin, seier Pettersvold.
Ho meiner biblioteket er ein unik institusjon.
- Alt er gratis for lesaren. Barnehagar, foreldre og ungar må kome seg meir dit. Noreg er i verdstoppen når det kjem til bildebøker på grunn av estetikken og dei finurlege historiene. Der kan ein også få bøkar på eige morsmål. At barn får eit forhold til lesing tidleg, og erfarer lesing som meningsfylt, gjev store moglegheiter seinare i livet, seier Pettersvold.