Ved barnehagelærarutdanninga på UiS skal studentane lære om korleis dei kan formidle berekraftig utvikling til barnehagebarn. Humler spelar ei sentral rolle.

Kristine Marie Olsen og Kristin Grøsvik er ute og inspiserer den eine humlekassen som er satt ut på campus på Ullandhaug (Foto: Anja Bakken)

Anja Kristin Bakken har allereie tatt på seg støvlane når eg stikk hovudet innom kontoret. Førsteamanuensisen jobbar som biologi- og kjemilærar ved grunnskolelærarutdanninga i Universitetet i Stavanger. Saman med kollega Kristin Grøsvik, som underviserer i naturfag ved barnehagelærarutdanninga, skal ho vise meg humlekassane som er satt ut på campus Ullandhaug ved UiS.

- Vi hadde ein kasse ute i fjor utan at vi fekk humler i den, men i år har vi tre kassar ute og håpar sjølvsagt at humlene tar dei i bruk. Det er vår måte å prøve å hjelpe humlene. Dei er plasserte ved seljetrær og vårblomar, i håp om at det skal tiltrekke seg humler på jakt etter bol, fortel Kristin Marie Olsen.

Saman med Grøsvik har ho i vinter skrive kapittelet «Hvordan kan små barn få innsikt i samspillet i naturen? Med humler som studieobjekt» i boka Bærekraft i praksis i barnehagen. Der delar dei tips om alt frå humlevenlege planter til humlerelaterte aktivitetar som kan engasjera barn både innandørs og utandørs.

- Det handlar om å gje studentane idear til kva dei kan ta i bruk og gjere saman med ungane, seier Kristin Grøsvik.

Mykje dreier seg om å lage rom for den gode samtalen undervegs. Om vaksne og barn bygger ein humlekasse eller eit insektshotell saman kan ein stille spørsmål som «trur du det flyttar inn humler eller insekt her, då?»

- Få barna med på å undre seg, og observere det som er rundt dei. Når ein humlekasse er satt ut er det naturleg å gå tur for å sjekke den, og snakke om kva det er som gjer at humler bur der dei bur og sjå etter både humler og planter undervegs, meiner Grøsvik.

På den måten kan barnehagelærarar stimulere ungane til å vere nyfikne, og lære meir om artane som er rundt oss i nærmiljøet.

Humlesex på campus

Olsen var på veg til kontoret ein føremiddag då ho brått såg tre humler som var i ferd med å pare seg på ein gangsti langs campus. Ho fekk raskt tak i kollega Frode Skarstein, som kom med ein mobiltelefon og byrja å filme.

- Då fekk vi tatt opp ein liten filmsnutt som viser korleis det er to hannar som kjemper om å pare seg med ei humledronning. Den eine var godt i gang, medan den andre prøvde seg etterpå men vart avvist. Det er ikkje så ofte vi ser det og får fanga det på film, seier Olsen.

Sjå filmen nederst i saka.

Ho vart veldig glad då ho såg humlene, og nytta høvet til å passe på at ingen tråkka på dei medan dei haldt på.

- Humlebestanden i Noreg er mindre enn den har vore tidlegare, og humlene treng hjelp. Endringar i kulturlandskapet gjer at det er mindre planter som gir humlene mat og næring. Det betyr færre humler, som igjen betyr mindre pollinering av blomar, buskar og trær. Viss humlene forsvinn er det mykje vi tar for gitt i butikken som også kjem til å forsvinne. Plantene treng hjelp frå insekta til å sette frø, og gjennom det kunne lage frukt og bær, forklarar Grøsvik.

Når insekt fører pollenkorn mellom blomar kallar vi det pollinering eller bestøving. Andre pollinatorar i Noreg inkluderer mellom anna bier og villbier, men humlene spelar ei særskilt viktig rolle i økosystemet. Dei er viktige for eple, blåbær, kirsebær, rips, solbær, stikkelsbær og frukter som veks litt lenger unna, som kiwi, melon og squash.

- Om alle pollinatorane blir borte, reknar vi med at om lag 1/3 av maten vår forsvinn. Då er det viktig at vi jobbar med å skape forståing for samspelet i naturen allereie i barnehagen. Vi håpar jo at vår kjærleik for naturen kan smitte over på studentane, som igjen kan ta det med seg vidare når dei går ut i jobb, seier Kristin Marie Olsen.

Fuglekassar og piggsvin

Dei to damene er ikkje åleine om å tenke tilrettelegging og ønskje å ta vare på mangfaldet som allereie finst på campus.

Olsen og Grøsvik er jamleg i dialog med Statsbygg sine gartnarar på UiS.

- Dei vil gjere sitt for å bidra til eit mangfald i dyre- og plantelivet på Ullandhaug. Dei tenker på humlene og biene når dei planlegg planter, og har allereie ei blomeeng, og kanskje ei til på trappene, fortel Olsen.

Gartnarane tar omsyn til piggsvina når dei klypper plenane, og dei har også sett opp ein del fuglekassar.

- Slikt likar vi. Det betyr mellom anna at vi kan ta med oss studentar ut for å sjå på kva fuglar som slår seg til i dei ulike kassane, og ta deler av undervisninga ut av klasserommet.

Humlene trivst godt i blomeenga ved Kitty Kiellands hus (foto: Anja Bakken)

Dette kan du gjere

Deira beste råd til oss alle er prøve å sjå dei små tinga i den store samanhengen. Kan du ta små grep i hagen eller på balkongen din for å legge til rette for humlene?

- Ikkje ver så redd for om det spirer og gror meir enn grønt gras i plenen. Still inn plenklypparen så høgt at kløveren kan smyge seg under og stå like fin etterpå, oppmodar Olsen.

Ho minner om at ein grøn plen åleine kan nesten samanliknast med ein ørken.

- Det vi av og til kan tenke på som ugras eller liknande kan vere gode plassar for humlene å bygge bol. Vel du i tillegg humlevenlege planter har du gjort mykje bra for humlene, avsluttar Kristin Grøsvik.

Les meir om humler og korleis du kan ta vare på dei


Sjå video av humlene som parar seg