Pisaundersøkinga 2018 avdekka at norske elevar les mindre både på fritida og på skulen, samanlikna med for ti år sidan.

Fire av ti norske elevar har ikkje lese ein samanhengande tekst på meir enn ti sider i norskfaget i løpet av tiande klasse.

–  Å lese litteratur krev trening, ikkje minst om slike syslar blir sjeldnare i fritida, seier førsteamanuensis Dag Skarstein ved grunnskulelærarutdanninga ved OsloMet.

Han har saman med førstelektor Inger Vederhus ved grunnskulelærarutdanninga ved OsloMet redigert den fagfellevurderte boka «Jon Fosse i skulen» der dei presentere innfallsvinklar til forfattarskapen hans. Dei oppmodar lærarar til å bruke tekstar av Jon Fosse i skulen.

–  Det er vanskeleg å skimme ein Fossetekst og ein må lese sakte for å få med seg vendingane. Skimming hindrar lesinga av det poetiske språket, detaljane, og ein mistar også korleis teksten vrir spenninga.

– Fosseteksten gjev motstand og vi har undersøkt korleis elevar kan arbeide med ein en tekst som bryt med forventningane og vanane dei har, seier Vederhus.

Skarstein understrekar også behovet for å lære å lese roleg.

–  Å lese for å oppleve og forstå kan vere noko anna enn å lese for å rekke over mest råd er. Når vi les roleg, vel vi og tenkjer etter. Konsentrasjon blir ein del av sjølve lesinga, seier han. Nett det er sentralt for å utvikle ulike bakgrunnskunnskapar og resonnere vidare, påpeikar han.

Ein skal ikkje undervurdere elevane

– Eksempelet vårt om lesing av til dømes Jon Fosses Andvake viser at elevane i motsetnad til kva ein gjerne trur likar å ta fatt i det uvanlege, møte motstand og kunne løyse problem. Det er ikkje fråstøytande, men engasjerande og kjekt å få arbeide med ei heil bok, seier Vederhus.

– Jon Fosses tekstar inviterer i sterk grad til etterlengta konsentrasjon. Eleven talar med teksten, opplever og argumenterer med og mot den. Ein trenar i klasserommet på å bli lesarar og kva tekstane kan bety. Ein endrar oppfatningar om teksten etter kvart som ein konsentrert undersøkjer han, fortel Skarstein.

Digital lesing har endra lesing

Digital lesing har endra lesing for mange, ikkje minst unge. Det er snakk om hastige hopp og flukt til nye ikkje linære stader i teksten.

– Slik lesing har også verdi, ikkje minst når det gjeld å samle informasjon og oppnå kjappe oversyn. Men digitale tekstar inviterer til distraherte lesemåtar, seier Vederhus.

Store metaundersøkingar dei siste tre åra m.a. i tilknyting til materiale frå Pisaprøvene har stadfesta at lesing av informasjonstekstar på papir gjev elevane betre forståing enn dei digitale.

– Dette er førebels ikkje i stor skala stadfesta i undersøkingar av fiksjonslesing som vi er opptatt av. Fleire leseforskarar undersøkjer om god leseforståing av fiksjon er i ferd med å vike i og med digital lesing * og antydar at dette kan vere tilfelle, forklarar Skarstein.
* (t.d. Wolfe, Maryanne 2018, Mangen, Anne 2013 - 2020)

Den nye Ibsen

Røynde skulefolk har erfaringar med at dei internasjonalt kjende tekstane til Jon Fosse utfordrar elevar og studentar. Fosse blir kalla «den nye Ibsen» med god grunn.

Læraren som ønskjer å bruke Ibsen, finn eit vell av fagdidaktiske framstillingar. Slik er det ikkje med Jon Fosse, sjølv om han er ei sjølvsagt del av litteaturopplæringa i skulen. Den nye boka presenterer nokre innfallsvinklar til forfattarskapen hans.

– Jon Fosse har ein spesiell plass mellom norske samtidsforfattarar. På mange måtar kan ein seie at han fornyar samtidslitteraturen. Det gjeld alle sjangrane han skriv i, men kanskje spesielt drama og prosa.

– Dessutan har han eit internasjonalt omdøme som få andre norske dramatikarar har oppnådd. Difor er han også ein naturleg del av litteraturopplæringa i skulen, seier Vederhus.

Lesing, skriving og læring heng saman

Forfattarane har morsmålsundervisning i skulen som fagfelt.

– Å lære å skrive er å lære å tenkje, for å utvide dette kjende sitatet av diktaren og morsmålsdidaktikaren Georg Johannesen. Lesing, skriving og læring heng saman. Vi er interesserte i korleis dette skjer. Derfor har vi skrive boka, seier Skarstein.

– Elevane skal bli kjende med dette viktige forfattarskapet og møter ofte nett desse tekstane i skulen for første gong. Dei les litteratur av ein dramatikar, ein forteljar, ein essayist og ein lyrikar som rykta fortel er «den nye Ibsen». Dei blir presenterte for tekstar som samtida vurderer høgt.

Vil gje idear og litt «starthjelp»

Jon Fosse skriv korte tekstar i alle sjangrar. Det er mogeleg å rekke over dei i undervisninga. I lærebøkene kan du finne dei frå andre klasse og gjennom alle klassestega i grunnskulen.

– Tekstane kan tilsynelatande vere enkle, men dei kan også vere vanskelege å gripe. Dei er så opne at lesaren gjerne må gjere noko med dei, tenkje på dei, protestere mot dei, gjenta dei, like dei, hate dei, arbeide med dei og gjerne ta stilling, seier Vederhus.

– Slikt engasjement er alltid eit utgangspunkt for ein god lærar. Litteraturlesing er også noko som du må trene på for å meistre, bli god til for å utvikle meir og meir kvalifiserte lesingar.

Boka inneheld analysar av nokre sentrale tekstar i ulike sjangrar av Jon Fosse. Dei er meint for å få fram tema, motiv og forteljeteknikkar som går att i forfattarskapen.

– Slik vil vi gje lærarar idear, og litt «starthjelp» til dei som kjenner behov for det. Vona er at boka han gje eit utgangspunkt for lærarar som vil bruke Fosse i undervisninga.

Litteraturhenvisninger

Dag Skarstein og Inger Vederhus (red.): Jon Fosse i skulen, Samlaget, 2020 (samlaget.no).