Noreg har vore fleirspråkleg sidan før mellomalderen
Då latin kom til Noreg blomstra også den norrøne skriftkulturen opp. Ny forsking viser at ein brukte runer og bokstavar om kvarandre.
At nordmenn skreiv med runer i vikingtida og mellomalderen, er velkjend. Men korleis gjekk det då bokstavskrifta kom og vi gjekk frå runer til bokstavane vi kjenner i dag? Ny forsking på innskrifter med bokstavar viser at overgangen er langt meir langsam enn mange trur.
– Vi finn innskrifter med bokstavar og runer frå same tid, på same slags gjenstandar, fortel Elise Kleivane.
– Her er det skrive på både norrønt og latin, og vi ser at ein kunne bruke runer og bokstavar til det same. Det interessante er å sjå kva ein valde å skrive med kva språk, og med kva slags alfabet, seier ho.
Kleivane er norrønfilolog og tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo. Saman med doktorgradsstipendiat Johan Bollaert, har ho forska på nettopp desse innskriftene.
Skriftkulturen blomstrar opp
Den første skriftkulturen i Noreg byrjar med runene på 100-talet e.Kr. Forskarar går ut frå at det hovudsakleg var ein munnleg kultur på denne tida, men ein har funne innskrifter på stein, metall og trepinnar.
– Basert på det som er bevart, ser det ut som det har vært avgrensa bruk av runeskrift. Ein har funne gravminne, samt smykke og verdigjenstandar, gjerne med namn eller andre relativt korte innskrifter. Så skreiv dei sikkert på meir enn det vi har funne – på bjørkebark, i sanda eller på tre, seier Kleivane.
I dei tidlege kjeldene til skrift frå vikingtida er tekstane ofte korte og det er ikkje så mange av dei – bevarte i alle fall. Eit vanleg eksempel er gravsteinar, med standard formuleringar om kven som ligg gravlagt. Då det latinske språket og skriftsystemet kom til Noreg med kristendomen rundt år 1000, endra dette seg.
– Ein byrjar å skrive meir – også med runer, seier Kleivane.
Under vikingtida er det mykje internasjonal kontakt, og skandinavar drar til land med sterkare skriftleg og kristen kultur. Her ser dei at samfunnet er organisert på andre måtar. Då den kristne kulturen og bokstavane kjem til Noreg forandrar lese- og skriveferdigheiter seg, men også omfanget og betydinga av skrift.
– Ein ser kva ein kan skrive, og kva ein kan gjere når ein skriv. Det ser ut til å gi ei skikkeleg oppblomstring, også for runeskrifta.
Latin i kyrkja
Vi går frå vikingtid til mellomalder, kyrkja blir etablert og kongemakta blir sentralisert. Ein kunne tenkt seg at runene forsvinn, for no har vi bokstavar. Men slik går det ikkje.
– I mellomalderen – og særleg i høgmellomalderen, er det masse runer. Då ser ein daglegdagse meldingar på trepinnar, men også skrift på ting som skal ha magisk eller medisinsk kraft. Og ein finn bøner og sverjingar. Dette blei skrive med runer eller med bokstavar, og både på norrønt og latinsk språk.
Det er ein tydeleg overlapp, både med skriftsystem og med språket. Dei kan brukast til det same, men ein ser tendensar til forskjellige bruksområde.
– Norrønt var morsmål, latin måtte ein lære seg. I visse funksjonar i samfunnet, var det meir passande å bruke latin.
Latin blei brukt i kyrkja og det var ofte dei med utdanning som prestar eller embetsfolk som kunne det latinske språket. Men ser ein på heile mellomalderen er den oppdelinga for enkel, meiner Kleivane.
– Det har vore ein tendens i forskinga og i den norske bevisstheita til å tenkje at latin var undertrykkande. Men det er ikkje bildet som trer fram når ein ser på bruken, seier ho.
Det var nemleg vanleg at alle lærte seg Truvedkjenninga, Fader vår og Ave Maria. Alle desse bønene finst skrivne på norrønt, noko som tyder at det ikkje var umogleg eller ulovleg å omsetje til det folkelege språket. Men Kleivane trur mange ønska å be på latin.
– Dei har nok opplevd at det skulle være slik, kanskje verka det meir riktig, meir kraftfullt, på latin, seier ho.
Saleg blanding av runer og bokstavar
Kleivane meiner det er tydeleg at folk valde runer eller bokstaver etter kva funksjon skrifta skulle ha. Men i fleire tilfelle finn dei ei god blanding: Runer og bokstaver om kvarandre. Eit eksempel på dette er ein gravstein frå Trøndelag.
– Her startar gravinnskrifta med bokstavar, på norrønt. Men så, midt i ordet ‘faþer’ («fader»), når du kjem til þ («thorn») – altså teiknet som ikkje fanst i det latinske alfabetet, så skifter det til runer. Og så er resten av innskrifta i runer.
Ho trur at kva skrift som blei brukt, seier noko om kven det er skrive for, og kven som skriv. Men slike plutselege skifte, har ho ikkje forklaringa på.
– Du kan jo ikkje hakke inn skrift i ein stein utan å ha tenkt deg om på førehand om korleis det skal ende!
Medvitne om skrifta sin funksjon
Ein annan gjenstand som har blitt ei viktig kjelde for forskaren er eit såkalla psalter – altså Salmanes bok frå Bibelen – frå Kvikne i Tynset kommune.
– I ei innskrift på permen er runer og bokstaver blanda: alle k-ane utan om éin er bokstavar, resten er runer. Teksten i sjølve psalteret er på latin med bokstavar, og på permen finst ei anna innskrift på norrønt som er berre med bokstavar.
Psalteret er typisk for mykje av det Kleivane finn: Gjenstandar har blitt arkiverte og det er notert dersom det er runeinnskrifter på. Men bokstavane er det få som har brydd seg om.
– Sjølve gjenstanden er interessant fordi den blandar så mange aspekt ved skrift og skriftbruk. Det er eit utgangspunkt for å fortelje mykje språkhistorie, seier Kleivane.
Innskriftene med bokstavar og runer, kan tyde på at folk hadde ein utvikla bevisstheit om kva dei ville med tekstane dei skreiv. Runer var ofte for korte og spontane meldingar, bokstavar meir for lengre tekstar som skulle vere gyldige lenge. Men så finst det alltid unntak.
Ikkje undervurder folk i gamle dagar
Vi finn tekster på både latin og norrønt i både bokstavinnskrifter og runeinnskrifter. Dette vitnar om ein tospråkleg kultur. Elise Kleivane meiner det ikkje kan ha vore uvanleg å beherske ein del latin.
– Det er ikkje svart magi å lære seg latin. Det er mogleg å lære seg brukbart latin i løpet av eit liv. Og mange kunne litt.
– Du synes vi undervurderer folk i gamle dagar?
– Ja! Og det same gjeld lesing. Sjå for deg ei altertavle i kyrkja der det står Ave Maria. Du treng ikkje høyre det veldig mange gonger før du kjenner att skrifta. Det er slik barn lærer kva skrift gjer, trass alt.
Latin fekk aldri forrang i Noreg, noko som passer godt med den nasjonale sjølvforståinga, meiner Kleivane.
– Det kunne kanskje ha skjedd, men norsk, eller nordisk, og latin var så strukturelt ulike språk, så det er vanskeleg å sjå for seg at dei kunne ha smelta saman til eit nytt språk. Og då latinen kom hit, var latin dessutan ikkje morsmål for nokon lenger. Andre europeiske språk, som fransk, spansk og italiensk er jo ei utvikling av latin. Dei som blei «latiniserte» i romartida, fekk ei heilt anna språkhistorie.
Bokstavar viktige for norsk språkhistorie
Runene forsvann mot slutten av mellomalderen, sjølv om det er funne teikn til at dei blei brukt så seint som på slutten av 1400-talet. I nordisk samanheng er det runene som har fått merksemda til språkforskarar. Gjenstandane Kleivane har studert, har ofte vore kjende og studerte tidlegare. Men bokstavskrifta på desse gjenstandane er ikkje omtalt – i alle fall ikkje som kjelder til skrifthistoria.
– Bokstavar og latin har dei i heile Europa, så ein har tenkt at det ikkje fortel så mykje om oss. Men det gjer jo det! Når ein byrjar å sjå det som ei kjelde til språkhistorie, så ser vi at dei seier mykje om utviklinga av den skriftkulturen vi har i dag, seier ho.
Elise Kleivane er norrønfilolog og tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo. Ho leier forskingsprosjektet Bokstavar mellom runer og manuskript. Innskrifter med latinske bokstavar i Noreg i vikingtid og mellomalder, som er finansiert av Norges Forskningsråd.