Eksplosiv interesse for svartedauden
I pandemiåret 2020 fauk lesartala til Store norske leksikon i vêret. Artiklane om korona er bland dei mest lesne USN-artiklane, men det er historieprofessor Ole Georg Moseng sin artikkel om svartedauden som har høgst lesertal.
2020 blei eit rekordår for Store norske leksikon (SNL) med meir enn 100 millionar lesne leksikonartiklar. Universitetet i Søraust-Noreg har ansvar for snaut 1500 av artiklane i leksikonet, og dei har blitt lese rekordhøge 2,7 millionar gongar i 2020.
Koronaeffekt
Då skulane i Noreg stengde i mars i fjor, måtte mange elevar og familiar klare seg med ressursane dei hadde tilgang til heimefrå. Då skaut lesartala på typiske skuleemne som litteratur, historie, samfunnsfag og naturfag i vêret.
Medisinartiklar om epidemiar, virus og vaksinar – tema som heile folket har vore oppteke av – fekk òg ei eksplosiv auke i lesartal.
Professor i mikrobiologi og smittevern, Jörn Klein, var særleg aktiv på snl.no i fjor. Han oppdaterte og skreiv nye artiklar om koronaviruset, koronavirus-pandemien 2020-2021, virologi, virus og virusstruktur, til glede og opplysing for mange lesarar.
– Strålande døme på god fagformidling
Det er ikkje tvil om at pandemien har auka merksemda og interessa rundt tidlegare pandemiar også.
Historieprofessor Ole Georg Moseng sin artikkel om svartedauden blei lesen over 200 000 gongar i pandemiåret 2020, noko som gjer den til den nest mest lesne av alle SNL-artiklane i 2020. Berre artikkelen om spanskesjuka hadde fleire lesarar.
– Moseng evner å sette svartedauden inn i både ein historisk og epidemiologisk kontekst samstundes som han gjev oss det store biletet. Han forklarar alt frå mikrobiologi til storsamfunn og globalisering på ein måte som gjer at ein verkeleg forstår korfor denne pest-pnademien blei eit vendepunkt i Noreg og Europa si historie, seier sjefredaktør i SNL, Erik Bolstad.
Han beskriv artikkelen som eit strålande døme på god fagformidling til folk flest.
– Den gjer oss utruleg stolte, seier Bolstad.
Klare parallellar
Moseng sjølve er glad for merksemda, og han tykjer lesartala er overveldande, men er likevel ikkje fullt så overraska:
– Kunnskap om tidligare pandemiar er meir aktuelt enn nokon sinne og langt i frå kuriosastoff. Viss vi ser på tiltaka som blei gjort den gang svartedauden herja, og på kva måte pesten forsvann, er det forbløffande korleis det samstemmer med det vi held på med no, seier Moseng, som til dømes visar til sosial distansering, isolering av sjuke, avsperring av område og reiseforbot.
Interessa for medisin- og helsehistorie har vore stor i 2020, og Ole Georg Moseng har vore ein ofte brukt kjelde for media.
Han dukka bland anna opp i Kristopher Schaus populære podkast «Rekommandert» i episoden «Svartedauden og verdens epidemier». I 2020 ga han også ut boka Pesten kommer på Kagge forlag.
Perspektiv frå fortida
Moseng fortel at det ikkje var legane som tok knekken på svartedauden, men heller framveksten av sterke sentralmakter som hadde vilje og evne til å innføre effektive og omfattande, men upopulære tiltak.
Han visar til dømes til korleis merkantilistiske einevelde innførte handelsforbod, vel vitande om at økonomien ville bli råka hardt i fleire år.
– Koordineringa av tiltaka blei sterkare utover på 1600-talet. Me fekk ein prosess kor statane samarbeida, delte etterretning og tok samfunnsansvar gjennom å handle etter prinsippet om at konsekvensane av ein fullskala pestpandemi er verre enn konsekvensane av tiltaka som stoggar den. Dette er eit perspektiv me kan bringe inn i den moderne verda på global basis, seier Moseng.
Fortrengjer Wikipedia
Moseng fortel at han ofte ser at studentane sine nyttar SNL i bredt monn.
– Det er godt å sjå at fagleg tunge leksika fortrengjer Wikipedia og andre nettstader der innhaldet til tider kan vere tvilsamt, seier Moseng.
Han anerkjenner at det er krevjande å skrive for SNL, men samstundes gjevande:
– Å skrive for eit breitt publikum krev ofte at ein kan sine sakar betre enn om ein skriv for fagfellar. Du blir til dømes tvungen til å verkelig tenke gjennom kva som er viktigast, og kva detaljer som ikkje tilfører noko til heilskapen, seier han.